Together Through Life

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Together Through Life
studio av Bob Dylan
Utgjeve 28. april 2009
Innspelt Desember 2008
Sjanger Folkrock
Lengd 45:33
Selskap Columbia
Produsent Jack Frost (Bob Dylan-pseudonym)
Kritikk
Bob Dylan-kronologi
The Bootleg Series Volume 8 - Tell Tale Signs:Rare and unreleased 1989 - 2006
(2008)
Together Through Life Christmas In The Heart
(2009)

Together Through Life er det 33. studioalbumet til Bob Dylan, og kom ut 28. april 2009 på Columbia Records. Albumet gjekk rett inn på førsteplassen i fleire land, mellom anna i USA.[1] og Storbritannia. Det var det første albumet til Dylan på toppen av den britiske albumlista sidan New Morning i 1970.[2][3] Albumet er òg det einaste til Dylan som har lege på toppen av både den amerikanske og den britiske albumlista samstundes.

Dylan skreiv alle songane på albumet bortsett frå ein i lag med tekstforfattaren til Grateful Dead, Robert Hunter. Albumet kom noko overraskande på og det var lite kjend om albumet før tett opp til datoen det kom ut.[4]

Med seg på albumet har Dylan det vanlege turnebandet sitt på denne tida, samt David Hidalgo frå Los Lobos og Mike Campbell frå Tom Petty and the Heartbreakers.[5] Albumet vann to Grammyprisar for «beste americana-album» og «beste solo rockevokal».

Innhald[endre | endre wikiteksten]

All tekst skriven av Robert Hunter og Bob Dylan, bortsett frå der anna er nemnd, all musikk komponert av Bob Dylan.

# Tittel Lengd
1. «Beyond Here Lies Nothin'»   03:51
2. «Life Is Hard»   03:39
3. «My Wife's Home Town» (Willie Dixon/Dylan/Hunter) 04:15
4. «If You Ever Go to Houston»   05:49
5. «Forgetful Heart»   03:42
6. «Jolene»   03:51
7. «This Dream of You» (Dylan) 05:54
8. «Shake Shake Mama»   03:37
9. «I Feel a Change Comin' On»   05:25
10. «It's All Good»   05:28

Om ein førehandsbestilte albumet frå iTunes, fekk kjøparane med ei studioøving av «Lay Lady Lay» frå 1969.

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]