Blonde on Blonde

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Blonde on Blonde
Dobbeltalbum av Bob Dylan
Utgjeve 16. mai 1966
Innspelt 5. oktober 1965 – 10. mars 1966
Sjanger Folkrock, bluesrock, rock
Lengd 71:23
Selskap Columbia
Produsent Bob Johnston
Kritikk
Bob Dylan-kronologi
Highway 61 Revisited
(1965)
Blonde on Blonde Bob Dylan's Greatest Hits
(1967)

Blonde on Blonde er det sjuande studioalbumet til Bob Dylan. Det kom ut i mai 1966Columbia Records.

Albumet vert rekna som det første viktige dobbeltalbumet i rockehistoria,[4] og dei mange songane gjorde at ein måtte fordele dei på to LPar. Dylan innførte ein meir ekletisk stil i bluesrocken hyan innførte på Highway 61 Revisited og songane hadde enno meir surrealistiske tekstar. Det markerte òg slutten på ein æra for Dylan, som snart skulle kome ut for ei stygg motorsykkelulukke som tvinga han til ein lengre pause frå musikken.

Albumet vart spelt inn i Nashville og vart produsert av Bob Johnston. Det nådde niandeplassen på Billboard-lista i USA og selde til dobbelt platina. I Storbritannia nådde albumet tredjeplassen. Det er rangert som det niande største albumet gjennom tidene hos både VH1 og Rolling Stone.

Innspeling[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

Newport Folk Festival i juli 1965 var første gong Dylan prøvde ut den nye stilen sin på konsert. På dei to neste konsertane hans, i slutten av august, var Al Kooper og bassist Harvey Brooks, som begge spelte på Highway 61 Revisited, med som musikarar, men gitarist Mike Bloomfield og trommeslagar Bobby Gregg kunne ikkje vere med. I staden hyrte Dylan Robbie Robertson og Levon Helm, som begge var medlemmar av the Hawks (som seinare vart kjend som The Band). Den første konserten vart halde 28. august i New York. Første halvdel av konserten bestod av eit akustisk sett, medan andre halvdelen var elektrisk. Den elektriske delen av konserten fekk dårleg mottaking av publikum. Fleire dagar seinare heldt Dylan ein identisk konsert i Los Angeles, men denne vart langt betre motteken av publikum. Dette skuffa Dylan, som sa at han ønskte dei hadde bua, fordi det var god publisitet.[5]

Dylan hadde planlagt tre konsertar til denne hausten, og Al Kooper gav brått beskjed om at han ikkje ønskte å delta vidare, på grunn av dei negative reaksjonane frå publikum. Levon Helm gjekk då til manageren til Dylan og kravde at Dylan måtte ta med heile bandet hans, eller ingen av dei. Helm var meir interessert i å samle bandet sitt the Hawks, enn å turnere med Dylan, men Dylan tok imot forslaget til Helm og the Hawks vart støttebandet til Dylan for dei neste konsertane.

New York[endre | endre wikiteksten]

Etter desse konsertane valde Dylan å ta med the Hawks i studio. Dei gjekk i studio med Bob Johnston som produsent den 5. og 6. oktober i Studio A hos Columbia i New York City. Dei spelte inn to songar: «I Wanna Be Your Lover» og «Can You Please Crawl Out Your Window?». Den første vart skrinlagt og kom ut på Biograph i 1985, medan den andre var ei ny utgåve av ein song som ikkje vart nytta på Highway 61 Revisited. Denne nye utgåva av «Can You Please Crawl Out Your Window?» vart gjeven ut som singel og nådde 58. plass på singellista i USA.

Dylan spelte fleire konsertar med the Hawks, men fekk stadig dårleg mottaking hos publikum. Dette gjekk til slutt inn på Helm, som forlet bandet som følgje av dette. Trommeslagar Bobby Gregg tok så over.

Sjølv utan Helm følte Dylan at han hadde eit bra band for det neste albumet sitt. Den 30. november gjekk the Hawks (med Gregg i staden for Helm) i studio med Dylan for å spele inn den nyaste songen hans, «Freeze Out». Songen fekk seinare namnet «Visions of Johanna», og var ein ambisiøs komposisjon som varte opp mot ti minutt på enkelte versjonar.

Dylan gjekk så først i studio på nyåret, 21. januar 1966. Han gjekk tilbake til Studio A hos Columbia for å spele inn ein annan lang song, «She's Your Lover Now». I lag med the Hawks (med Sandy Konikoff på trommer) vart innspelinga mislukka og Dylan gav til slutt opp songen, som først kom ut på The Bootleg Series Volumes 1-3 (Rare & Unreleased) 1961-1991.

Med to mislukka innspelingsforsøk for det neste albumet byrja Dylan å tvile på om the Hawks var det rette studiobandet. Han fekk i stand ei ny innspeling i Studio A den 25. januar, men denne gongen med trommeslagar Bobby Gregg, bassist William E. Lee, pianist Paul Griffin og Al Kooper på orgel; Robbie Robertson spelte òg på innspelinga, og fleire medlemmer av the Hawks kan òg ha vore der. To songar vart spelt inn denne dagen, «Leopard-Skin Pill-Box Hat» og «One of Us Must Know (Sooner or Later)». Berre utgåva av «One of Us Must Know» vart valt ut for det ferdige albumet.

27. januar var ei ny innspeling, denne gong med gitarist Robbie Robertson, bassist Rick Danko, Al Kooper og trommeslagar Bobby Gregg. «Leopard-Skin Pill-Box Hat» og «One of Us Must Know» vart spelte inn på ny, men ingen av desse vart funne gode nok for det endelege bandet. Ei tidleg utgåve av «I'll Keep It With Mine» vart òg spelt inn og kom seinare ut på The Bootleg Series Volumes 1-3 (Rare & Unreleased) 1961-1991.

Dylan kansellerte så fleire planlagte innspelingar, og tok ein lengre pause.

Nashville[endre | endre wikiteksten]

På denne tida tenkte Dylan at nye omgjevnader ville hjelpe. Produsenten Bob Johnston hadde noko erfaring med innspelingar i Columbia sine studio i Nashville i Tennessee, der han hadde arbeidd med Grady Martin og Floyd Cramer. Johnston kjende òg fleire musikarar i Nashville, mellom anna Charlie McCoy, som hadde vore med på «Desolation Row» på Highway 61 Revisited.

14. februar 1966 heldt Dylan den første innspelinga si i Music Row Studios i Nashville. I tillegg til Al Kooper hadde Dylan og Johnston med munnspelar, gitarist og bassist Charlie McCoy, gitarist Wayne Moss, gitarist og bassist Joe South og trommeslagar Kenny Buttrey.

Tre songar vart spelt inn under den første innspelinga i Nashville og «Fourth Time Around» og «Visions of Johanna» vart til slutt valt ut for det endelege albumet. Dagen etter var ein lang innspelingsdag og ingen songar vart spelte inn før klokka fire om morgonen den 16. februar. Dylan spelte då inn den episke «Sad-Eyed Lady of the Lowlands». Ken Buttrey fortel: «[Dylan] gjekk gjennom eit vers og eit refreng og sa, 'Me tar eit vers og eit refreng og så spelar eg litt munnspel, så tar eg eit nytt vers og refreng og litt meir munnspel, og så ser me kvar det går frå der.' Me gjorde oss klare for ein to-tre minuttar lang song, fordi songar på den tida var aldri lengre enn det. Om du høyrer på songen så merkar du at etter det andre refrenget så bygger songen seg kraftig opp fordi me trudde det nærma seg slutten på songen og me gav alt me hadde. Men så sette han i staden ein gong ein ny munnspelsolo og gjekk tilbake til eit nytt vers. Etter om lag ti minutt på dette viset heldt me på å sprekke. Me hadde jo gjeve alt me hadde for fem minuttar sidan. Kvar skulle me gå frå her?»[5] 17. februar vart «Stuck Inside of Mobile with the Memphis Blues Again» spelt inn og gjort klar for albumet.

Dylan forlet Nashville for å spele nokre konsertar i lag med the Hawks, men kom attende i mars med åtte songar som var klare for innspeling. Under turneen brukte Dylan mesteparten av fritida si på å skrive desse songane. Han hadde eit piano ståande på hotellrommet og i følgje Al Kooper, brukte Kooper å kome opp på rommet hans, læra seg songane på piano slik at Dylan kunne konsentrere seg om teksten, medan Kooper spelte songane om att og om att. Sidan kunne han dra til studioet og lære resten av bandet songane, slik at dei alt kunne songane når Dylan kom inn.[5]

8. mars vart dei endelege opptaka av «Absolutely Sweet Marie», «Just Like A Woman» og «Pledging My Time» innspelte. Den siste innspelinga var 9. mars og natt til 10. mars, då «Most Likely You Go Your Way (And I'll Go Mine)», «Temporary Like Achilles», «Rainy Day Women #12 & 35», «Obviously Five Believers», «I Want You» og «Leopard-Skin Pill-Box Hat» spelte inn.

Dylan var særs nøgd med innspelingane i Nashville og då han gjorde ferdig den endelege miksen av Blonde on Blonde i april i Los Angeles, hadde han nok materiale for eit dobbeltalbum.

Utgjeving[endre | endre wikiteksten]

Like etter Blonde on Blonde var miksa ferdig og gjeve til Columbia Records, fauk Dylan til Hawaii og heldt den første av mange konsertar dei to neste månadane. Albumet kom først ut i midten av mai 1966 og fram til då hadde Dylan mange konsertar han skulle halde.

Trass i at dei hadde skuffa i studio, var the Hawks langt flinkare på scenen. Sjølv om nokre tilhengjarar framleis var misnøgd med den nye musikalske retninga til Dylan, skulle the Hawks verte eit av dei mest kjende turnebanda til Dylan. Ei konsertinnspeling frå dette året finst på The Bootleg Series Vol. 4: Bob Dylan Live 1966, The «Royal Albert Hall» Concert. Etter motorsykkelulukka i juni 1966 trekte Dylan seg attende frå ålmenta. Dylan heldt fram samarbeidet med the Hawks igjen året etter i New York, og spelte inn songar som seinare vart gjevne ut som Basement Tapes.

Ettermæle[endre | endre wikiteksten]

Blonde on Blonde vart ein salssuksess og gav Dylan fleire hittar som nådde høgt opp på singellistene. Albumet vart ein enno større suksess hos kritikarane. Som kritikar Dave Marsh skreiv i Rolling Stone Record Guide, Blonde on Blonde vert i stor grad rekna som «det beste albumet til Dylan og eit av dei beste i heile rockehistoria».

Tim Riley skreiv, «med ein tilbakelent abstraksjon av eksentrisk blues-omlegging stadfestar Blonde on Blonde Dylan som den største amerikanske rockepersonlegdomen sidan Elvis Presley».[6] Kritikar Greil Marcus skreiv at Blonde on Blonde er «lyden av ein mann som prøver å reise seg i ein drukken båt, og som i ein augneblink klarar det. Tonen hans var spotsk, redd, trugande, som om han hadde vakna opp etter å ha betalt all gjelda si for så å finne ut at ingenting likevel var betalt.»

I 1974 kåra lesarane av NME albumet til det neste beste gjennom tidene.[7] I august 1995 hamna Blonde on Blonde på åttande plass over dei største albuma gjennom tidene i ei undersøking i Mojo. I 1997 hamna det på 16. plass i «Music of the Millennium»-undersøkinga til HMV, Channel 4, The Guardian og Classic FM. I 1998 kåra lesarane av Q albumet til det 47. beste gjennom tidene. I 2003 vart albumet plassert på 9. plass på lista til Rolling Stone over dei 500 største albuma gjennom tidene. I 2006 var albumet på lista til TIME magazine over dei 100 beste albuma gjennom tidene.[8]

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Alle songar er skrivne av Bob Dylan. 

Side ein
# Tittel Lengd
1. «Rainy Day Women #12 & 35»   4:36
2. «Pledging My Time»   3:50
3. «Visions of Johanna»   7:33
4. «One of Us Must Know (Sooner or Later)»   4:54
Side to
# Tittel Lengd
5. «I Want You»   3:07
6. «Stuck Inside of Mobile with the Memphis Blues Again»   7:05
7. «Leopard-Skin Pill-Box Hat»   3:58
8. «Just Like a Woman»   4:52
Side tre
# Tittel Lengd
9. «Most Likely You Go Your Way (And I'll Go Mine)»   3:30
10. «Temporary Like Achilles»   5:02
11. «Absolutely Sweet Marie»   4:57
12. «4th Time Around»   4:35
13. «Obviously 5 Believers»   3:35
Side fire
# Tittel Lengd
14. «Sad Eyed Lady of the Lowlands»   11:23

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Mojo October 2003 issue, pp.124-6. 5 stars out of 5. "...The music takes on a genuine grandeur..."
  2. NME (10/2/93, p.29) - Ranked #17 in NME's list of the "Greatest albums Of All Time."
  3. Q - January 2000 issue, s.136. 5 stars out of 5. "...easily Dylan's most melodically honed albums....an insane rush of ideas carried by what he'd later call 'that thin, wild mercury sound'....Tunes, tunes, tunes....Dylan the tunesmith never had better days than these."
  4. Alan Light, "The All-TIME 100 Albums", Time, 13. november 2006
  5. 5,0 5,1 5,2 Heylin, Clinton (2003). Bob Dylan: Behind the Shades Revisited, s. 228-43. HarperCollins. ISBN 0-06-052569-X.
  6. Riley, Tim (1999). Hard Rain: A Dylan Commentary, s. 128-30. Da Capo Press. ISBN 0-306-80907-9.
  7. http://www.rocklistmusic.co.uk/nme_writers.htm#100_74
  8. http://www.time.com/time/2006/100albums/