Street-Legal

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Street-Legal
Studioalbum av Bob Dylan
Språk engelsk
Utgjeve 15. juni 1978
Innspelt 25. april  – 1. mai 1978
Studio Rundown Studios i Santa Monica i California
Sjanger Rock
Lengd 50:18
Selskap Columbia
Produsent Don DeVito
Bob Dylan-kronologi 
Masterpieces
(1978)
Street-Legal Bob Dylan at Budokan
(1979)


Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
AllMusic3.5/5 stars[1]
Robert ChristgauC+[2]
Rolling Stone(negativ)
The Rolling Stone Album Guide2/5 stars[3]

Street-Legal er det 18. studioalbumet til Bob Dylan og kom ut på Columbia Records i juni 1978. Albumet var ei heilt ny musikalsk retning for Dylan, som her nytta eit stort pop-rock-band med kvinnelege koristar for første gong.

Etter suksessen med Blood on the Tracks og Desire vart Street-Legal nok ei gullplate for Dylan, men han nådde berre 11. plassen i USA, og var det første studioalbumet hans som ikkje nådde Topp 10 i heimlandet sidan 1964. I Storbritannia vart det derimot det mestseljande albumet hans og nådde 2. plass på lista.

I 1999 kom albumet ut på ny med ny miks og ny mastering.

Innspeling[endre | endre wikiteksten]

Før arbeidet med Street-Legal byrja hadde Dylan gjennomgått fleire personlege endringar. Dylan skilde seg frå kona Sara i juni 1977, som fekk foreldreretten til borna deira. Dylan arbeidde på denne tida framleis med ein film, Renaldo and Clara, som han hadde filma i 1975, men på sommaren tok han seg ein pause frå filmen og reiste til farmen sin i Minnesota i lag med borna og kjærasten Faridi McFree. Der starta han å skrive nye songar, mellom anna «Changing of the Guards», «No Time to Think» og «Where Are You Tonight?». Seks av ni songar som til slutt hamna på Street-Legal vart skriven på den tida.

Skrivinga tok brått slutt den 16. august då nyhenda om at Elvis Presley hadde døydd nådde han. Dylan har sidan forklart at han ikkje snakka med nokon på ei veke etter dette.

Seinare på hausten, vart kampen om foreldreretten trekt til retten då Sara søkte løyve frå retten om å flytte til Hawaii med borna. Dylan planla samstundes ein verdsturne, den første på tolv år. Dylan hadde skrive lite musikk dei siste åra og dei store kostnadane som rettssakene mot kona hadde medført, gjorde at han nærma seg økonomiske problem. Turneen ville derimot gje han inntekter, så han kjøpte eit gammal tre etasjars hus i Santa Monica i California, som raskt vart ombygd til øvingslokale og studio.

Før øvingane kunne kome i gang, måtte Dylan få tak i eit band, og han tok raskt kontakt med fleire musikarar, mellom andre medlemmer frå Rolling Thunder Revue-turneen, Steven Soles, David Mansfield, Rob Stoner og Howie Wyeth.

Soles, Mansfield, Stoner, Wyeth, pianist Walter Davis, Jr. og perkusjonist Otis Smith kom til California seint i november og tidleg i desember, men Dylan var ikkje klar til å starte øvingane heilt enno, sidan rettssaka ikkje var over enno og han var i ferd med å gje ut filmen Renaldo and Clara'. Til slutt var rettssaka over, og borna måtte vere i California, der Dylan kunne vitje dei. I byte måtte Dylan signere ein avtale om at han aldri skulle møte McFree igjen.

Øvingane starta mot slutten av desember, mellom anna av mange av tidlegare Dylan-songar, som vart omarrangert til ein meir vaksenpop-aktig stil, som var populær på denne tida, med saksofon og kordamer. Det vart gjort mange utskiftingar i personellet fram mot starten på verdsturneen i februar 1978. Turneen kom i gang i Japan den 16. februar 1978 og fekk god kritikk av både publikum og presse. Ein av konsertane vart seinare gjeven ut på Bob Dylan at Budokan, med fleire nye arrangement av gamle Dylan-songar. Turneen enda 1. april i Australia.

Etter turneen starta Dylan å øve inn dei nye songane med turnebandet sitt. Innspelinga tok berre fire dagar og var ferdig i god tid før den europeiske delen tok fatt.

Ettermæle[endre | endre wikiteksten]

Street-Legal fekk generelt ikkje god kritikk i heimlandet, medan dei var meir positive i Storbritannia. Mellom anna skreiv Michael Watts frå Melody Maker at albumet var det beste Dylan-albumet sidan John Wesley Harding. Særleg har kritikaren trekt fram produksjonen som dårleg, noko som mellom anna kom av den vesle tida Dylan hadde i turnepausen til innspelinga.

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Alle songar er skrivne av Bob Dylan.

Side ein
Nr.TittelInnspeltLengd
1.«Changing of the Guards»27. april 19787:04
2.«New Pony»1. mai 19784:28
3.«No Time to Think»27. april 19788:19
4.«Baby, Stop Crying»28. april 19785:19
Side to
Nr.TittelInnspeltLengd
1.«Is Your Love in Vain?»28. april 19784:30
2.«Señor (Tales of Yankee Power)»28. april 19785:42
3.«True Love Tends to Forget»27. april 19784:14
4.«We Better Talk This Over»26. april 19784:04
5.«Where Are You Tonight? (Journey Through Dark Heat)»27. april 19786:16

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Musikarar[endre | endre wikiteksten]

Teknisk[endre | endre wikiteksten]

Salslister[endre | endre wikiteksten]

År Liste Plassering
1978
Billboard 200[4] 11
Den tyske albumlista[5] 16
UK Albums Chart[6] 2

Salstrofé[endre | endre wikiteksten]

Region Salstrofé Salstal
Canada (Music Canada)[7] Platina 100 000^
Noreg(IFPI Noreg)[8] Gull 50,000[9]
Storbritannia (BPI)[10] Platina 300 000^
USA (RIAA)[11] Gull 500 000^

*salstala er basert på sertifiseringa aleine
^salstala er basert på sertifiseringa aleine
xuspesifserte tal er baserte på sertifiseringa aleine

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Stephen Thomas Erlewine (15. juni 1978). «Street Legal - Bob Dylan | Songs, Reviews, Credits, Awards». AllMusic. Henta 30. november 2018. 
  2. «CG: Bob Dylan». Robert Christgau. Henta 30. november 2018. 
  3. «Bob Dylan: Album Guide». rollingstone.com. Arkivert frå originalen 18. september 2013. Henta 30. november 2018. 
  4. Street-LegalAllmusic. Henta 30. november 2018.
  5. «Bob Dylan» (på tysk). Charts.de. 
  6. «Official Albums Chart Top 60 – 02. juli 1978 - 08. juli 1978». Official Charts Company. 
  7. «Canadian album salstrofé – Bob Dylan – Street Legal». Music Canada. 
  8. «Norwegian album salstrofé – Bob Dylan – Street Legal» (på norsk). IFPI Norway. 
  9. «Norway Reports». Billboard. 14. juli 1979. Henta 1. oktober 2018. 
  10. «British album salstrofé – Bob Dylan – Street Legal». British Phonographic Industry.  Enter Street Legal in the field Search. Select Title in the field Search by. Select album in the field By Format. Click Go
  11. «American album salstrofé – Bob Dylan – Street Legal». Recording Industry Association of America.  If necessary, click Advanced, then click Format, then select Album, then click SEARCH