Self Portrait
| Self Portrait Studioalbum av Bob Dylan |
||
| Utgjeve | 8. juni 1970 | |
| Innspelt | 24. april 1969 – 30. mars 1970 | |
| Sjanger | Country rock, rock | |
| Lengd | 73:15 | |
| Selskap | Columbia | |
| Produsent | Bob Johnston | |
| Kritikk | ||
|---|---|---|
| Bob Dylan-kronologi | ||
| Nashville Skyline (1969) |
Self Portrait | New Morning (1970) |
Self Portrait er det tiande studioalbumet til Bob Dylan, gjeven ut på Columbia Records i juni 1970.
Det var det andre dobbeltalbumet til Dylan og inneheld hovudsakleg coverversjonar av kjende pop- og folkesongar. Det inneheld òg nokre instrumentalar, originale songar og konsertutgåver av songar i lag med The Band. Det meste av albumet vert sunge i same country stil Dylan hadde nytta på det førre albumet, Nashville Skyline. Somme meiner Dylan med hensikt gjorde albumet surrealistisk og satirisk og albumet fekk særs dårleg kritikk då det kom ut. Første setninga i meldinga frå Greil Marcus i Rolling Stone var «What is this shit?» (Kva er denne skiten?)[1]
Dylan hevda seinare i intervju at Self Portrait var ein slags spøk, langt under standarden han sette i 1960-åra, rett og slett for å få fokuset bort frå seg.
Trass i dårleg mottaking selde albumet raskt til gull i USA og nådde fjerdeplassen der. I Storbritannia gjekk albumet heilt topps.
Innhaldsliste |
Songane [endre]
Self Portrait fekk kraftig kritikk for både framføringa og produksjonen og mange kritikarar meinte at songutvalet var for dårleg. Songen «Copper Kettle», skriven av Alfred Frank Beddoe, har likevel fått god omtale gjennom åra.[2][3]
Songen «Wigwam» vart gjeven ut på singel og vart i 2001 nytta i Wes Anderson-filmen The Royal Tenenbaums. «All the Tired Horses» inneheld berre to tekstlinjer og vert sungen av kvinnelege koristar. Denne songen vart nytta i filmen Blow frå 2001.
Den mest kjende songen er kanskje «The Mighty Quinn (Quinn the Eskimo)», ein song frå Basement Tapes-innspelingane som vart spelt inn av Manfred Mann med stor suksess i 1968.
Innhald [endre]
Alle songar er skrivne av Bob Dylan, bortsett frå der andre er nemnde.
| Side ein | |||||||||
|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
| # | Tittel | Lengd | |||||||
| 1. | «All the Tired Horses» | 3:12 | |||||||
| 2. | «Alberta #1» (Tradisjonell, arrangert av Dylan.) | 2:57 | |||||||
| 3. | «I Forgot More Than You'll Ever Know» (Cecil A. Null) | 2:23 | |||||||
| 4. | «Days of '49» (Alan Lomax, John Lomax, Frank Warner) | 5:27 | |||||||
| 5. | «Early Mornin' Rain» (Gordon Lightfoot) | 3:34 | |||||||
| 6. | «In Search of Little Sadie» | 2:27 | |||||||
| Side to | |||||||||
|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
| # | Tittel | Lengd | |||||||
| 2. | Utan namn (Tradisjonell, arrangert av Dylan.) | ||||||||
| 7. | «Let It Be Me» (Gilbert Bécaud, Mann Curtis, Pierre Delanoë) | 3:00 | |||||||
| 8. | «Little Sadie» | 2:00 | |||||||
| 9. | «Woogie Boogie» | 2:06 | |||||||
| 10. | «Belle Isle» (Tradisjonell, arrangert av Dylan) | 2:30 | |||||||
| 11. | «Living the Blues» | 2:42 | |||||||
| 12. | «Like a Rolling Stone» (live) | 5:18 | |||||||
| Side tre | |||||||||
|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
| # | Tittel | Lengd | |||||||
| 13. | «Copper Kettle (The Pale Moonlight)» (Alfred Frank Beddoe) | 3:34 | |||||||
| 14. | «Gotta Travel On» (Paul Clayton, Larry Ehrlich, David Lazar, Tom Six) | 3:08 | |||||||
| 15. | «Blue Moon» (Lorenz Hart, Richard Rodgers) | 2:29 | |||||||
| 16. | «The Boxer» (Paul Simon) | 2:48 | |||||||
| 17. | «The Mighty Quinn (Quinn the Eskimo)» (live) | 2:48 | |||||||
| 18. | «Take Me as I Am (Or Let Me Go)» (Boudleaux Bryant) | 3:03 | |||||||
| Side fire | |||||||||
|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
| # | Tittel | Lengd | |||||||
| 19. | «Take a Message to Mary» (Felice Bryant, Boudleaux Bryant) | 2:46 | |||||||
| 20. | «It Hurts Me Too» (Tradisjonell, arrangert av Dylan) | 3:15 | |||||||
| 21. | «Minstrel Boy» (live) | 3:32 | |||||||
| 22. | «She Belongs to Me» (live) | 2:43 | |||||||
| 23. | «Wigwam» | 3:09 | |||||||
| 24. | «Alberta #2» (Tradisjonell, arrangert av Dylan) | 3:12 | |||||||
Medverkande [endre]
|
|
Kjelder [endre]
- Denne artikkelen bygger på «Self Portrait (Bob Dylan album)» frå Wikipedia på engelsk, den 9. mars 2010.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- Guterman, Jimmy og O'Donnell, Owen, The Worst Rock and Roll Records of All Time, Citadel, 1991.
- ↑ Greil Marcus, "Self Portrait No. 25", i Studio A: The Bob Dylan Reader (1970), s. 74 (Benjamin Hedin, ed., 2004)
- ↑ Heylin, Clinton (2003 reprint). Bob Dylan: Behind the Shades Revisted, s. 314. HarperCollins. ISBN 0-06-052569-X.
- ↑ Riley, Tim (rev. ed. 1999). Hard Rain: A Dylan Commentary, s. 195. Da Capo Press. ISBN 0-306-80907-9.