MTV Unplugged av Bob Dylan
| MTV Unplugged Konsertalbum av Bob Dylan |
||
| Utgjeve | 2. mai 1995 | |
| Innspelt | 17. og 18. november 1994 | |
| Sjanger | Rock, folk | |
| Lengd | 69:33 | |
| Selskap | Columbia | |
| Produsent | Jeff Rosen | |
| Kritikk | ||
|---|---|---|
| Bob Dylan-kronologi | ||
| Bob Dylan's Greatest Hits Volume 3 (1994) |
MTV Unplugged | Time Out of Mind (1997) |
MTV Unplugged er eit konsertalbum av Bob Dylan som kom ut i 1995 på Columbia Records. Det dokumenterer to konsertar Dylan hadde på den då særs populære TV-serien MTV Unplugged. Det vart innspelt i Sony Music Studios i New York den 17. og 18. november 1994. Albumet var eit av dei mestseljande albumet til Dylan på fleire år. I USA nådde det 23. plass og selde til gullplate, medan det i Storbritannia nådde 10. plass og i Noreg nådde 2. plass.
Dylan hadde opphavleg ønskt å gjere tradisjonelle folkesongar, men MTV bad om at han heller hovudsakleg spelte klassikarane sine frå tidlege album.
Innhald [endre]
Alle songar er skrivne av Bob Dylan, bortsett frå der andre er nemnde.
| # | Tittel | Lengd |
|---|---|---|
| 1. | «Tombstone Blues» | 04:54 |
| 2. | «Shooting Star» | 04:06 |
| 3. | «All Along the Watchtower» | 03:36 |
| 4. | «The Times They Are a-Changin'» | 05:48 |
| 5. | «John Brown» | 05:22 |
| 6. | «Desolation Row» | 08:22 |
| 7. | «Rainy Day Women #12 & 35» | 03:31 |
| 8. | «Love Minus Zero/No Limit» | 05:23 |
| 9. | «Dignity» | 06:30 |
| 10. | «Knockin' on Heaven's Door» | 05:30 |
| 11. | «Like a Rolling Stone» | 09:09 |
| 12. | «With God on Our Side» | 07:16 |
Songane som vart spelte inn på konserten og som ikkje vart gjeven ut på dette albumet har sirkulert på piratopptak.
Dette konsertalbumet er ein av berre to innspelingar av den tidlege Dylan-songen «John Brown».
Medverkande [endre]
- Bob Dylan – gitar, vokal, munnspel
- Bucky Baxter – Dobro, pedal steel, steel gitar
- Tony Garnier – bass
- John Jackson – gitar
- Brendan O'Brien – Hammondorgel
- Winston Watson – trommer