Konspirasjonsteoriar kring 11. september-åtaket

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Broom icon.svg Denne artikkelen kan ha godt av ei opprydding for å nå ein høgare standard og/eller for å verta i tråd med standardoppsettet. Sjå korleis du redigerer ei side og stilmanualen for hjelp.
Ground Zero, New York (17. sept. 2001) -- Eit flyfoto syner berre ein liten del av åstaden der World Trade Center rasa saman den 11. september. US Navy-foto av Eric J. Tilford.

Konspirasjonsteoriane kring 11. september 2001 går ut frå at terroråtaket denne dagen skreiv seg frå ein konspirasjon hjå USA-administrasjonen og dei hemmelege tenestene. Vidaregåande hypotesar går òg ut frå ei kopling til vestlege medium for å hindre at den eigentlege bakgrunnen for desse brota vart avslørt.

USA-regjeringa som opphav til eller innforstått med åtaka[endre | endre wikiteksten]

Mange nettstader og ei rekkje forfattarar fremjer forklaringar på hendingane den 11. september 2001 som skil seg frå framstillinga i dei offisielle granskingane og dei etablerte media. Dei talar alle om andre bakmenn for åtaka enn det islamistiske terrornettverket al-Qaida under leiing av Osama bin Laden. Skadene som oppstod skuldast heller ikkje sjølvmordsaktivistar. Med dette seier desse menneska direkte eller indirekte at USA-regjeringa under George W. Bush sjølve stod for eller medvite tillét åtaka, då visse krinsar i USA kom særs godt ut av åtaka. Prov vart systematisk øydelagt eller halde attende av regjeringa, og ei inngåande kriminalteknisk granskning vart forhindra.

Medias åtferd[endre | endre wikiteksten]

Nokre konspirasjonsteoretikarar meiner media vart sentralstyrt, slik at spreiinga av «sannare» og «uroande» informasjon om åtaka kunne haldast attende. Andre går berre ut frå ein medviten eller umedviten sjølvsensur knytt til målet om å halde på inntekta og den sosiale statusen. Ludwig-Sigurt Dankwart skriv til dømes:[1]

Kva ville eigentleg skje om ein sjefredaktør S til avveksling gjekk over til den andre, den slemme, uoffisielle linja til dei slemme, galne konspirasjonsteoretikarane? [...] Det ville vore slutten, den umiddelbare og absolutte utgangen for karrieren hans, for inntekta hans, huset hans og alle livsplanane hans. [...] Strukturane kring livet til sjefredaktør S tillet berre to alternativ: alt eller inkje. Sjølv den minste grunngjevne tvilen i høve til den versjonen av hendingane vi alle kjenner, kunne få heile korthuset til å rase saman. [...] Han som stod fram med slike tankar ville uvilkårleg stemplast som ein outsider. [...] Slik trengst det ikkje nokon konspirasjon, det greier hovudet heilt på eiga hand. Det er slett ikkje naudsynt med hemmelege agentar i redaksjonane for å styre det pressa formidlar ...

Strukturane i konkurransesamfunnet er tilstrekkeleg til å forklare at aktørar i media og regjeringar stillteiande held seg til ein konsensus kring framstillinga av hendingane, for å vera på den sikre sida.

Forfattarane[endre | endre wikiteksten]

Dei som skriv konspirasjonsteoretiske bøker og nettsider om 11. september 2001 ser gjerne på seg sjølv som skeptikarar, som upartisk stiller spørsmål ved "den offisielle versjonen" og gjer merksam på uoppklarte problem. Dei reknar framstillinga til USA-regjeringa om al-Qaida-gruppa som utførte åtaka og overraska USA som ein uprova "konspirasjonsteori".

I USA har særleg verka til David Ray Griffin, Michael Ruppert og Webster Griffin Tarpley vorte kjende. Nettstaden til Scholars for 9/11 Truth vert òg ofte sitert. Her går akademikarar kritisk gjennom den offisielle framstillinga [2]. Den viktigaste publikasjonen er avhandlinga til professor Steven Jones om kollapsen til World Trade Center[3]. På nettet sirkulerer òg ei rekke kritiske dokumentarfilmer om temaet. Størst virkning har filmen "Loose Change" hatt[4]. Forretningsmannen Jim Hoffman og radioprogramleiaren Alex Jones stør offentlege tilstellingar og demonstrasjonar med krav om nye kriminaltekniske granskingar.

I Tyskland har bøkene til Mathias Bröckers, Andreas von Bülow og Gerhard Wisnewski fått mykje merksemd. Tesane til franskmannen Thierry Meyssan om åtaket mot Pentagon var dei første som vart offentleggjort i bokform[5].

Dei fleste forskarar og journalistar avviser konspirasjonsteoriane i desse bøkene. Mange kritiserer argumenta som uhaldbare og reknar forfattarane deira som "konspirasjonsfantastar"[6].

Motiva til USA-regjeringa[endre | endre wikiteksten]

Dei fleste konspirasjonsteoretikarane meiner USA-regjeringa medvite lét 11. september skje, for å legitimere dei påfølgjande krigane og bu det amerikanske folket på dei. Etter slutten på den kalde krigen og dei kommunistiske regima i Europa, måtte Vesten fullføre eit skifte av fiendebilete. Difor var terroråtaka den 11. september 2001 naudsynte. Den påfølgjande erklæringa av "Krigen mot terrorisme" var eit ledd i strategien frå 1990-åra for å få oljefelta i Sentral-Asia og Midtausten under amerikansk kontroll. Konspirasjonsteoretikarane meiner USA hadde hjelpt fram Taliban til makta, før desse vart styrta under Afghanistan-krigen av di dei ikkje ville tillate bygginga av ein oljerøyrleidning for amerikanske oljeselskap.

Skuldingane frå konspirasjonsteoretikarane overlappar såleis med dei nøytrale vurderingane om at USA nytta terroråtaka som eit høve til å spele ut globalstrategien til dei nykonservative miljøa. Då SNs tryggingsråd etter 11. september-åtaka vedtok tiltak mot terrorisme i to SN-resolusjonar, tok NATO-landa seg rett til å gå til krig mot Afghanistan. Før Irak-krigen freista USA og Storbritannia å rettferdiggjere den planlagde invasjonen med at regimet til Saddam Hussein var knytt til al-Qaida. Så vart det offentleggjort undersøkingar som synte at ein monaleg del av folket i USA trudde den irakiske diktatoren stod bak 11. september-åtaka.[treng kjelde] Seinare vart det publisert fråsegner der den dåverande forsvarsministeren Donald Rumsfeld rett etter åtaka ville det skulle lagast ei kopling til Irak. Tidlegare finansminister Paul O'Neill påstod seinare at åtaket på Irak var fastsett av Bush-regjeringa allereie i januar 2001.

Konspirasjonsteoretikarar legg særleg merksemd på samrøret av hemmelege tenester med næringslivs- og militærinstitusjonar (det militær-industrielle komplekset). Dei ser difor strategidokumentet frå den nykonservative tankesmia PNAC frå september 2000 som eit sentralt dokument. Der vart det uttrykt som naudsynt at USA for å sikre eit verdsomspennande hegemoni, måtte ha tydelege påplussingar i militærbudsjetta. For å få til dette trong USA ei langvarig innanriks- og utanrikspolitisk omvelting, ein prosess som berre kunne framskundast ved "ei katastrofal og fremjande hending - lik til dømes eit nytt Pearl Harbor". Konspirasjonsteoretikarane ser det ikkje som tilfeldig at PNAC her vel å syne til ei historisk hending som frå den eine dagen til den andre drog USA inn i den andre verdskrigen, eit knapt år før terroråtaka. PNAC gjekk i 1998 offentleg inn for eit åtak på Irak. Mellom medlemmene i tankesmia finn vi mange sentrale medlem av Bush-regjeringa, som Donald Rumsfeld og arvtakaren Paul Wolfowitz samt visepresident Dick Cheney. Cheney fungerte fram til han vart visepresident som styreleiar for Halliburton-konsernet, som tente gode pengar på krigane i Afghanistan og Irak.

Åtaket på Pentagon[endre | endre wikiteksten]

Dei fleste teoriane seier at bygningen ikkje vart råka av noko passasjerfly. Dei som held desse teoriane, tviler på at dei publiserte fotografia viser vrakrestar frå det aktuelle flyet (Flight 77). Dei går vidare ut frå ein planlagt kollisjon med ein fjernstyrt drone ("Global Hawk") og/eller at bygningen vart råka av ein kryssarrakett.

Spekulasjonane grunnast mellom anna med at plenen framom Pentagon skulle hatt tydelege spor etter det styrtande passasjerflyet. Det same gjeld for føremåla som stod i nærleiken av bygningen. Holet som vart laga i yttermuren var altfor lite, og kan ikkje vere laga av nasen til flyet. Dei seks tonn tunge jetmotorane på båe sider av skroget skulle derimot ha ført til eit velkjend skadebilete på fasaden. Den påståtte farten på 850 km/t er ikkje mogleg for eit passasjerfly i så låg høgd over bakken. I tillegg ville ein slik påstått manøver frå piloten kravd evner som sjølv ikkje erfarne yrkespilotar sit med. Vidare valde ikkje bakmennene den trefte fløya av bygningen tilfeldig. Denne fløya var nemleg på åtaksdagen under oppussing og forsterking, utført av eit firma der fleire regjeringsmedlem var innblanda. Denne fløya ligg òg på motsett side av kontoret til forsvarsministeren og så langt unna som råd er frå dette kontoret.

Sjølv om regjeringa sa dei vart overraska over åtaka (med passasjerfly som flygande bomber), vart ei liknande hending simulert i oktober 2000 og mars 2001, med same flytypen [7]. Ein gjekk her ut frå at dei massive vrakrestane etter flyet låg strødd ein stad på innsida av yttermuren [8]. Kongressgranskinga kom difor fram til at Boeing 757-flyet nærmast gjekk heilt i oppløysing då det trefte veggen og byrja å brenne. Skeptikarane meiner jetmotorane av stål- og titanlegering i alle høve skulle ha vore nær uskadde. Og ved ein slik grad av oppløysing ville heller ikkje 184 av dei 189 passasjerane kunne identifiserast eintydig av Hæren.

Det var òg overvakingskamera kring Pentagon som filma hendinga, men som umiddelbart vart konfiskerte av FBI. Det fleste av filmane er enno ikkje frigjevne. Sidan 2002 har nokre einskildbilete frå overvakingskamera ved parkeringsplassen utanfor Pentagon vore vist. På desse opptaka kan ein ikkje sjå noko passasjerfly. Den synlege røyken på eit av bileta kan i følgje konspirasjonsteoretikarane heller ikkje stamme frå nokon Boeing. I tillegg syner eldkula like etter kollisjonen med veggen, eigenskapar som kan tyde på ei anna årsak. I mai 2006 vart det til slutt offentleggjort fleire bilete frå kameraopptak ved den same parkeringsplassen. Desse kunne likevel ikkje stilne spekulasjonane om eit anna flygande objekt[9]. Alle innsamla delar frå det som trefte Pentagon er framleis innelåst i skjul for ålmenta. Ei gransking av desse prova har enno ikkje funne stad.[treng kjelde]

Nettspekulasjonane kring åtaket på Forsvarsdepartementet møter motstand òg mellom konspirasjonsteoretikarar. Innvendingane deira går ut på at dei fleste vitna snakkar klårt om eit passasjerfly, og på at dei manglande store og talrike einskilddelane frå fly ved samanstøyt med massive bygningar slett ikkje er noko uvanleg.

Detaljar frå kollapsane til WTC-tårna[endre | endre wikiteksten]

Så godt som alle konspirasjonsteoretikarar ser på samanrasinga av Tvillingtårna og Bygning 7 som resultat av sprenging.

Tvillingtårna[endre | endre wikiteksten]

Nokre av teoriane set opp desse tesane:

  • Tårna kunne ikkje ha rasa heilt saman. Ved gradvis svikt i bereelementa ville dei ha bikka over frå treffpunkta mens kjernesøylene vart ståande.
  • Intensiteten i øydelegginga tyder på at det i tillegg var ei anna kraft som verka på tårna: Stålet brast, betongen vart pulverisert og møblementet forsvann mest fullstendig. Identifiseringa av lika lukkast berre delvis, grunna den sterke fragmenteringa. Likdelar vart funne 120 meter frå WTC-komplekset[10], noko som tyder på ei altfor stor energifrigjering, som ikkje kan forklarast med ein kollaps åleine. Det gjeld òg for skyene av støv og asbest, som velta ut lik ein pyroklastisk straum[11].
  • På grunn av dei ulike treffhøgdene og treffvinklane skulle Nordtårnet, som vart råka først, ha rasa saman før Sørtårnet.

I lys av desse tesane kjem konspirasjonsteoretikarane med følgjande vurderingar og kommentarar:

  • Ei gruppe brannmenn kom fram til treffområdet i Sørtårnet[12]. Gruppeleiaren meldte då berre frå om nokre få småbrannar som han ville få under kontroll[13]. Difor kunne det ikkje ha vore så omfattande brannar og så ekstreme temperaturar, som dei som etter det dei seier, skal ha smelta berebjelkane og fått bygningane til å rase saman.
  • WTC-tårna er til no dei einaste høghusa basert på stålbjelkar som har rasa saman grunna brann[14]. Etter ein tre timar lang brann over seks etasjar i Nordtårnet i 1975, vart det installert aktiv brannsikring i båe Tvillingtårna[15]. Denne brannsikringa vart øydelagt ved flykrasja.
  • Tårna fall til bakken nesten så fort som ved fritt fall. Det tek nokre konspirasjonsteoretikarar som eit sterkt teikn på at det var sprengstoff med i biletet. For eit samanbrot frå etasje til etasje framkallar jo fysisk motstand: Ved fritt fall må denne motstanden ikkje ha møtt fram.
  • Videoopptak og bilete frå samanrasinga av bygningane syner òg støv- og partikkelskyer som kjem ut av glasa godt nedanfor dei kollapsande etasjane[16]: Desse skal skuldast eksplosjonar.
  • Brannfolk, overlevande og TV-reportarar som var på staden fortel om fleire tilfelle av røyk og skaking i båe tårna, mellom anna i kjellaren, og dei forklarer desse med eksplosjonar. Einskilde fortel òg om ljosglimt som liknar dei ein kan sjå ved sprenging av bygningar[17].
  • Frå Sørtårnet rann det kort tid før kollapsen ut smelta metall[18]. Etter det fysikaren Steven E. Jones seier, må dette dreie seg om stål. Det er eit indisium for bruken av eit Thermite-basert middel[19]. I ruinane på Ground Zero fann ein fleire veker seinare framleis smelta metall[20].

Bygning 7[endre | endre wikiteksten]

Skeptikarar reknar samanrasinga av Bygning 7 i WTC, ein bygning som ikkje vart treft av noko fly, som særleg påfallande. Den sokk saman over seg sjølv ettermiddagen den 11. september[21]. At dette skulle skuldast brann og ruinfragment er i følgje konspirasjonsteoretikarar ikkje mogleg. Den hadde færre skadar frå Tvillingtårnkollapsen enn andre bygningar som stod nærmare tårna og hadde liknande uvesentlege brannar, men som vart ståande intakt. I denne samanhengen held dei fram fråsegna frå eigaren av Bygning 7 frå ein TV-dokumentar. Larry Silverstein nyttar her uttrykket "pull it", noko som òg er fagsjargong for sprenging av høghus. Silverstein kunngjorde seinare at han meinte å få ut brannfolk frå bygnigen om føremiddagen[22].

Konspirasjonsteoretikarar framhever at Bygning 7 romma eigne CIA-, forsvars- og børstilsynskontor, og at millionar av granskningspapir var lagra der. Mellom anna granskningsdokument knytt til internasjonal narkotikahandel, kvitvasking av pengar og terrorisme[23]. Mellom 23. og 25. etasje låg borgarmeisterens naudkommandosentral frå 1999. Dette var ein bunker som var utstyrt med eiga energiforsyning og vern mot biologiske åtak, samt eksplosjonar og enorm vindsnøggleik[24]. Konspirasjonsteoretikarar trur det dreidde seg om ein kommandosentral for åtaka, og som berre var oppretta for dette eine formålet.

I granskingsrapporten vert ikkje Bygning 7-kollapsen nemnd, berre evakueringa av bygningen. Ei offisiell forklaring av samanrasinga er ikkje komen enno. Den ansvarlege myndigheita, NIST, uttalte at dei ville rette opp dette i løpet av 2006.

Flight UA 93[endre | endre wikiteksten]

I følgje regjeringa gjekk Flight UA 93 i bakken etter oppstand frå passasjerane mot kaprarar i nærleiken av tettstaden Shanksville i Pennsylvania. Alle om bord skal ha døydd då flyet trefte bakken. Registreringane til ferdsskrivarane er hittil ikkje fullstendig offentleggjort.

Frå den konspirasjonsteoretiske sida er det to ulike forklaringar på hendingane i Shanksville. Den eine reknar maskinstans som sannsynleg, då vrakdelar er funne 10 km unna. Andre trur at Boeing 757-flyet aldri flaug over Shanksville. Båe sider meiner eit militærfly av typen Thunderbolt var aktivt i området. Eit C-130 skal òg ha vore i nærleiken.

Den siste forklaringa kjem til slutninga om at ein ikkje kan sjå noko teikn til ein flystyrt på bileta frå nedslagskrateret. Ein nyttar her òg vitnefråsegner som framhever mangelen på signifikante spor i krateret, dei såg korkje flydelar eller likdelar. Liksynsmannen på staden gav i praksis opp etter tjue minutt. Han trekte fram at han ikkje eingong hadde funne blodspor. Dette motseier rapportane om funn av menneskelege fragment som kan skiljast frå kvarandre. Men sjølv desse rapportane stemmer ifølgje konspirasjonsteoretikarar ikkje i det heile med rettstekniske avgjerder om verknaden av ein flystyrt på menneskekroppen.

Dei innvender vidare at nesten alle vitna berre uspesifikt snakkar om eit fly. Meir nøyaktige opplysningar om utsjånad og flyeigenskapar tyder etter deira meining meir på ein Thunderbolt. Denne skal då ha sluppe ei bombe etterfølgd av menneskelege likdelar og ein ladning flydelar, for å gje eit skinn av flystyrt for Flight 93.

Om lydprova[endre | endre wikiteksten]

Forløpet av oppstanden på flyet vart rekonstruert utifrå vitneprov om telefonsamtalar frå mobiltelefonar og flytelefonar, som dei pårørande fekk fra ofra. Konspirasjonsteoretikarar meiner dei pårørande vart narra ved hjelp av ein røystsimuleringsteknikk, der røysta til eit menneske kan kopierast under ein telefonsamtale.[25]. Dei tviler òg på om det i det heile var mogeleg på den tida å ringje med mobiltelefon frå eit fly i den høgda. Alexander K. Dewdney, professor i matematikk og informatikk, utførte i nokre eksperiment med leigde fly. Han nådde den konklusjonen at sjansen for å få samband var under éin prosent. Difor var sjansen for at dei 13 samtalane som i følgje den offisielle soga vart ført frå flyet som krasja i Pennsylvania infinitesimal (matematisk for "svært liten"), altså kvasi-"umogleg"[26]. I tillegg ser skeptikarar på innhaldet i samtalane som teikn på ein manipulasjon.

Rapportar om telefonsamtalar er òg publisert i mindre mengd frå dei andre kapra passasjerflya. Òg her reknar skeptikarane rapportane som lite truverdige, då detaljane kring desse sprikte eller gong på gong vart endra for å passe inn i dei generelle rammene. Mathias Bröckers og Andreas Haus tek til dømes kritisk for seg skildringane av samtalen frå Barbara Olsen på AA 77. Det er frå henne opplysningane om tapetknivane stammar, dei som flykaprarane skal ha nytta til å ta over alle dei fire passasjerflya.

I tillegg skulle den berga ferdsskrivaren i førarrommet ha fanga opp reaksjonen til kaprarane. Eitt minutt før flyet styrta, enda opptaket i taleregistratoren på Flight 93. Etter utsegner frå dei pårørande som har høyrd opptaket, skal passasjerane ha erobra førarrommet kort tid før dette. Etter det granskingskommisjonen seier, samrådde dei seg om å gå til åtak på kaprarane for å styrte flyet i bakken[27]. Opptaket er ennå ikkje gjort offentleg for ålmenta, i staden finst berre ein transkripsjon. Gerhard Wisnewski kallar denne protokollen for ei forfalsking, av di den saknar dei standardmessige opplysningane[28]. Spekulasjonar har òg oppstått kring ferda til Flight 93 på grunn av det offisielt fastsette tidspunktet for styrten, som skil seg med tre til sju minutt frå andre rapportar[29].

Framferda til regjeringa[endre | endre wikiteksten]

Måten Bush-regjeringa og især Bush sjølv oppførte seg på under åtaka har vorte kritisert av skeptikarane for å underbyggje tesane deira. Dei ser den umiddelbare reaksjonen hans som nølande eller avventande, som om terroråtaka ikkje kunne skiplast.

Presidenten vitja den 11. september ein grunnskule i Florida. Det er ikkje klart eksakt kva tid Bush fekk kjennskap til det fyrste åtaket, som fann stad medan han var på veg til skulen. Etter fråsegner frå visepresident Cheney var dei ansvarlege organa allereie informert om talet på flykapringar. Bush sa han rett før møtet med borna hadde sett bilete frå krasjet i Nordtårnet på TV, og tolka det som ei ulukke. Under tilstellinga vart han informert av stabsjef Andrew Card om det andre krasjet, samt om hovudsaka, nemleg at USA no utan tvil var under åtak ("America is under attack"). Presidenten stansa likevel ikkje tilstellinga for å verte skydda av Secret Service, men høyrde i staden vidare på barna som las frå ei øvingssoge i ei barnebok. Mot slutten av vitjinga heldt han ei kort tale om terroråtaka, men utan å gå inn på spørsmål frå journalistane. Kort tid etter at presidenten forlèt skulen på veg til Air Force One, kom åtaket på Pentagon. Til då hadde han ikkje fatta nokon avgjerder.

Bushs gjentekne fråsegn om at han før han gjekk inn i klasserommet hadde sett på TV at AA 11 styrta inn i Nortårnet, har òg ført til spekulasjonar, av di TV-bilete frå denne hendinga fyrst vart vist dagen etter. Ein trur her at staben hans syna han eksklusive bilete, og dette meiner dei berre kan skuldast førehandskjennskap[30].

Visepresident Cheney vart saman med andre høgare tenestemenn i regjeringa, mellom dei den dåverande nasjonale tryggleiksrådgjevaren Condoleezza Rice, ført av Secret Service til presidentenbunkeren i Det kvite huset. Der følgde dei åtgjerdene til FAA, NORAD og andre organ. Granskingskommisjonen fastsette tidspunktet då Cheney kom til Situasjonsrommet til kort før klokka 10 på føremiddagen, altså etter åtaket på forsvarsdepartementet og kort tid før krasjet til Flight 93. Skeptikarar held her fram fråsegner til kommisjonen frå den dåverande transportministeren Norman Mineta. Mineta erklærte at han hadde høyrd ei samtale i presidentbunkeren før åtaket på Pentagon, mellom Cheney og ein medarbeidar. Medan Flight 77 nærma seg hovudstaden, spurde medarbeidaren fleire gonger om ein viss ordre framleis stod ved lag, noko visepresidenten til slutt eintydig slo fast. Mineta tolka i etterkant denne ordrestadfestinga som ein nedskytingsordre for Flight 77, som jagarflya ikkje lenger kunne nå att. Difor stilte han seg seinare spørsmålet om regjeringa ikkje ville ha Flight 93 skoten ned[31]. Konspirasjonsteoretikarar spekulerer på om ordren meir gjekk ut på å ikkje setje jagarflya på vengene[32]. Andre rapportar går ut på at samtala mellom Cheney og medarbeidaren galdt Flight 93.

Alt før Air Force One starta opp skal Cheney ha gjeve presidenten åtvaringar om eit terroriståtak mot dette tenesteflyet. I lufta krinsa Boeing-flyet over USAs territorium. Skeptikarar peiker på at det lenge ikkje var nokon eskorte av kampfly, sjølv om det ville vore mogleg i løpet av få minutt, eller allereie mens Bush vitja skulen. Dette vert tolka som eit indisium på at regjeringa ikkje på noko tidspunkt trudde dei sjølve var i fare. I flyet drøfta Bush og Cheney på telefon om presidenten skulle kome til Washington med det same. Samtidig skal Cheney og Rumsfeld òg ha stadfesta saman med presidenten at Flight UA 93 skulle skytast ned[33]. Denne framstillinga vart rett nok forkasta av granskingskommisjonen. Ein halvtime etter at Flight 93 styrta, skal ei ny åtvaring om eit umiddelbart trugsmål mot Air Force One ha fått presidenten overtydd om å ikkje dra attende til hovudstaden. Åtvaringa skal ha vore basert på innsidekjennskap til tryggleiksprosedyrane for vernet av presidenten. Denne episoden vart ikkje tatt særleg alvorleg av media[34]. Eit akutt trugsmål om luftåtak på Det kvite huset viste seg òg å vera falsk alarm.

Etter ei mellomlanding i Louisiana landa flyet utpå ettermiddagen på Offutt Air Force Base i Nebraska, der presidenten tok del i ein videokonferanse med Det nasjonale tryggingsrådet. Denne flybasen var koordineringspunktet for militærøvinga "Global Guardian"[35]. Same dagen møttest ei gruppe leiande amerikanske næringslivsfolk her, under Warren Buffets kommando[36], noko som konspirasjonsteoretikarar òg finn fordekt[37]. Utpå kveldinga drog presidenten attende til Washington D.C. og erklærte implisitt "Krigen mot terrorisme".

Skeptikarane ser framferda til andre ansvarshavarar som symptom på ei samrøre:

  • Donald Rumsfeld avbraut ikkje ein konferanse i Pentagon etter åtaka på WTC, men fyrst då deira eigen bygning vart råka. På dette møtet skal han ha sagt om bileta frå New York: - "Tru meg, det er ikkje over enno. Det kjem endå eit åtak, og dette kan vere retta mot oss!". Kort tid etter skjedde nett dét.[38].
  • Heller ikkje Air-Force-generalen og viseformann i generalstaben, Richard Myers, avbraut møtet sitt, av di ingen hadde informert han[39]. Hans overordna var då i Europa.
  • CIA-direktør George Tenet hadde allereie ved meldinga om det fyrste krasjet med WTC snakka om Osama bin Laden som bakmann[40].

Tvilen kring tilståinga frå bin Laden[endre | endre wikiteksten]

Al-Qaidas skuld i åtaka vert rekna som prova på grunn av ei videomelding der Osama bin Laden prisar planlegginga av attentatet. Konspirasjonsteoretikarar sår tvil om det verkeleg er bin Laden vi ser på denne videoen. Dei samanliknar til dømes bilete frå denne videoen med bilete frå andre opptak med bin Laden, for å peike på og syne fram skilnader[41]. Før dette hadde den saudiarabiske terroristen fleire gonger nekta for ansvaret knytt til åtaka, sjølv om han seinare fleire gonger nytta seg av det. I tillegg var det eit lydband i mai 2006 frå den arabiske nyhendekanalen al-Jazeera, som vart tillagd bin Laden. Der skryt bin Laden av å ha stått for 11. september heilt aleine: "Eg er den som stod for valet av dei 19 personane som utførte åtaka"[42]

Fem dagar etter attentatet vart bin Laden derimot sitert av eit afghansk pressebyrå med desse orda: "- Eg seier kategorisk at eg ikkje er skuldig i denne handlinga." Verten hans, Taliban-føraren Mohammed Omar, hadde forbode han "slike aktivitetar".

28. september 2001 vart endå eit dementi frå bin Laden publisert i ei pakistansk avis. Her erklærte han i eit intervju at islam forbaud han strengt "å skade kvinner, barn eller andre uskuldige", og han knytte nektinga si saman med ei plikt til å gjere allmenne åtak på USA, Israel "og dei amerikanske jødane".

7. november, under bombinga av Afghanistan, heldt han fram åtaka som uttrykkeleg gode, men han nekta framleis for noko personleg ansvar. På spørsmålet om han var viss på om det i det heile stod muslimar bak handlinga, viste han uttrykkeleg til den amerikanske offentleggjeringa av dei 19 kaprarane. I det same intervjuet tok han på seg skulda for åtaka mot USAs ambassadar i Nairobi og Dar-es-Salaam, medan han derimot nekta for å ha noko med bombeåtaket på WTC i 1993 og åtaket på USS Cole den 12. oktober 2000 å gjere.

13. desember 2001 vart den såkalla tilståingsvideoen vist på amerikansk TV. Regjeringa erklærte at opptaket var sjekka for autentisitet og endeleg verifisert, etter at det månaden før vart funne av USA-soldatar i Jalalabad. Det er likevel motstridande rapportar om kva tid videoopptaket er gjort.

Videoopptaket er av låg kvalitet, men skal syne bin Laden som erklærer overfor nokre gjestar at han "var den mest optimistiske av alle" når det galdt åtaka. På grunn av erfaringane hans frå byggbransjen hadde han kaldt rekna med

"at brannen som vart utløyst av flybensinen ville få stålskjelettet i bygget til å smelte, og at treffområdet saman med dei overliggjande etasjane ville medføre kollaps. Meir kunne vi ikkje ha håpa på".

Forfattaren Eric Laurent meiner at dei altfor observerande personane fører seg på eit vis som strir med lokal skikk og bruk: Den saudiarabiske verten vert tiltalt på heilt utypisk vis. Når personane går attende til fromme sitat, tek dei feil av sentrale bøker som Koranen og Hadith, som dei blandar saman, noko som for ein islamist knapt er tenkeleg. Det amerikanske åtaket på Afghanistan vert dessutan slett ikkje nemnt.

I dokumentarfilmen "Loose Change" vert det påpeikt at mannen på videoklippet skriv med høgre hand, sjølv om bin Laden er venstrehendt, og at han har ein gullring og gullarmbandsur, noko som er forbode etter islamsk lov[43].

Det tyske TV-magasinet "Monitor" granska videoen og kom på bakgrunn av ein analyse frå ein arabist og ein tolk til konklusjonen om at USA-regjeringa har feilomsett utsegnene og "til dels manipulert" dei[44].

FBI skulda ikkje bin Laden for åtaka den 11. september på sin offisielle ettersøkingsplakat[45]. Sjefen for kontoret for offentleg kunngjering sa at det ikkje var tilstrekkeleg prov for bin Ladens medverking her[46].

Israel som «trådtrekkjar» eller medvitande[endre | endre wikiteksten]

Skuldinga mot Israel som trådtrekkjar for åtaka den 11. september dukka mellom anna opp i islamistiske media, der antisemittiske konspirasjonsteoriar finn fast plass. Til dømes hevda TV-stasjonen til det libanesiske Hizbollah at Israels hemmelege teneste Mossad stod bak åtaka, for å styrkje den israelske posisjonen i Midtaustenkonflikten.

'Provet' for dette er den falske påstanden om at alle dei 4000 jødane som jobba i WTC heldt seg heime denne dagen. USAs folketeljingar skil ikkje ut religionstilhøyrsle, så dei statlege folkestatistikkane kan korkje stadfeste eller avvise denne konspirasjonsteorien. Eksakte utsegner er difor ikkje moglege om kor mange drepne det var i åtaket som høyrde til dei ulike religionsfellesskapa. Noko som likevel taler imot påstanden er at det fanst mange av dei omkomne i Verdshandelssenteret hadde jødiske etternamn. Konspirasjonsteoretikarane meiner på si side at desse er forfalska eller planta. Dei jødiske tapstala vart vurdert av ymse jødiske forsamlingar og retningar til å vere mellom 200 og 500.

Dei konspirasjonsteoretikarane som dette gjeld trur for det meste ikkje på påstanden om eit direkte israelsk ansvar. Mange viser likevel til at det mellom ofra i WTC skal ha vore særs få israelarar, noko som dei ser som teikn på at Mossad varsla om åtaka på førehand, og difor visste om dei.

Ein peiker òg på aktivitetane til det som truleg var israelske agentar kring flyskulane i Florida, som skal ha observert kaprarane. Avisene Haaretz, Daily Telegraph og Le Monde fortalde om arrestasjonen av 120 til 200 israelarar før og etter åtaka. Dei hadde gjeve seg ut for å vera kunststudentar og vart mistenkte for å ha bygd opp ein landsomfattande spionring i USA[47] [48]. Berre i Florida vart 42 personar arrestert, mellom anna på staden Hollywood, der fire av kaprarane budde[49]. Vidare indisium ser konspirasjonsteoretikarane i arrestasjonen av fem israelarar den 11. september i New Jersey. FBI-etterforskaren på staden mistenkte dei for å vere knytt til åtaka. To av dei vart identifisert som hemmelege agentar for Mossad. Etter to månaders varetekt vart dei sleppt fri og utvist til Israel[50].


Kulturelle uttrykk kring emnet[endre | endre wikiteksten]

  • Dreiebokforfattar Christian Jeltsch greip fatt i konspirasjonsteoriane i den 600. episoden av "Tatort", under tittelen "Sheherazade".
  • I 9. episode i 10. sesong av teiknefilm-serien "South Park" vert tesen om regjeringas skuld og samrøre i åtaka karikert. I denne episoden er det USA-regjeringa sjølve som er drivkrafta for utbreiinga av konspirasjonsteoriane, og målet er å gje folk inntrykk av at dei har så vidtrekkjande makt at dei var i stand til å arrangere eit fordekt åtak og få 75 % av folket til å tru på den offisielle versjonen.

Kjelde[endre | endre wikiteksten]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. Ludwig-Sigurt Dankwart: Mein Freund, der Chefredakteur (Venen min, sjefredaktøren), Telepolis 10. september 2003
  2. "Scholars for 9/11 Truth. Exposing Falsehoods and Revealing Truths"
  3. Florian Rötzer: "Die Diskussion über die Verschwörungstheorien zum 11.9. erreicht die akademische Welt", Telepolis 10.09.2006
  4. 3sat: Auf historischer Mission. Drei Jungfilmer stellen in ihrem Film "Loose Change" über 9/11 unbequeme Fragen, 08. august 2006
  5. Thierry Meyssans Bildkommentare auf deutsch übersetzt
  6. Albrecht Kolthoff: Masse statt Qualität ? Drei deutsche Verschwörungsphantasten bezweifeln die Bin-Laden-Täterschaft beim Angriff auf das World Trade Center
  7. "Contingency planning Pentagon MASCAL exercise", dcmilitary.com 3. november 2000
  8. Bilete frå MASCAL-øvinga
  9. Neue Zürcher Zeitung: Pentagon-Attentat wirft Fragen auf, 17. mai 2006
  10. 9-11 Research: "Missing Bodies. More Than 1000 Bodies Are Unaccounted for"
  11. Utdrag frå dokumentarfilmen "'911 Eyewitness"
  12. The Guardian: "NY firefighters reached South Tower crash zone", 5. august 2002
  13. New York Times: "Fire Department Tape Reveals No Awareness of Imminent Doom", 9. november 2002
  14. 9/11 Research: Other Skyscraper Fires
  15. 1975 WTC fire burned six floors for three hours New York Times fra 14. februar 1975, hjå PrisonPlanet.com
  16. Bilete av to partikkelstøytar under samanrasinga til Nordtårnet
  17. Killtown's: "Various people in or near the WTC twin towers reports flashes, bombs and explosions going off before the towers collapse"
  18. Videoopptak av smelta metall som renn ut av WTC 2
  19. Professor Steven Jones: "Why Indeed Did the World Trade Center Buildings Completely Collapse"
  20. Video:"Red hot molten metal in the ground 5 weeks after 9/11..."
  21. Video av kollapsen til WTC 7
  22. Killtown's: "Was the WTC pulled? Silverstein said 'pull it'..."
  23. James Risen: "Secret CIA Site in New York Was Destroyed on Sept. 11", 4.November 2001
  24. CNN: "New York City's anti-terrorism efforts go high-tech", 7. juni 1999
  25. William M. Arkin: "When Seeing and Hearing Isn't Believing", Washington Post 1999
  26. Eksperimenta og teoriane til ei gruppe forskarar kring A. K. Dewdney
  27. Cooperative Research: "Context of '10:02 a.m.' ".
  28. Gerhard Wisnewski:" "Flug 93"-Abschrift gefälscht"
  29. Center for Cooperative Research:"(10:03-10:10 a.m.): Flight 93 Crashes; Seven-Minute Discrepancy on Exact Timing of Crash"
  30. Ralph Kutza: "Bush-TV zum WTC?", 09. september 2003
  31. National Commission On Terrorist Attacks Upon The United States: "Public Hearing. Friday, May 23, 2003"
  32. sjå Griffin: "9/11 Live or Fabricated"
  33. Dan Balz og Bob Woodward:"America's Chaotic Road to War", Washington Post, 27. januar 2002
  34. Paul Thompson og Allan Wood: "An Interesting Day: President Bush's Movements and Actions on 9/11"
  35. Center for Cooperative Research: "Before 9:00 a.m.: Offutt Air Force Base, Nebraska, is Directing Global Guardian Training Exercise"
  36. San Francisco Business Time: "Franklin unit rebuilds after 9/11 tragedy", 1. februar 2002
  37. Killtown's: "Where was Warren Buffett on 9/11?"
  38. Telegraph: "Revealed: what really went on during Bush's 'missing hours'", 16.12.2001
  39. Defense LINK News: "Myers and Sept. 11: 'We Hadn't Thought About This'", 23. oktober 2001
  40. ABC News: "Moments of Crisis, Part 1: Terror Hits the Towers. How Government Officials Reacted to Sept. 11 Attacks", 14. september 2002
  41. 9/11 Research: "'Fatty' bin Laden"
  42. "Bin Laden frikjenner Moussaoui", i Der Stern, 24. mai 2006.
  43. Utdrag frå "Loose Change": "Wag the Osama - Fake 911 Confession Tape"
  44. Transkript der "Monitor"-Sendung vom 20.12.2001
  45. FBI-ettersøkningsplakat for Osama bin Laden på nettstaden www.FBI.gov
  46. Intervju med FBI-Pressetalsmann Rex Tomb, i: Muckraker Report, 5. juni 2006, sitert frå libertypost.org
  47. Nathan Gutman: "Spies, or students?", Haaretz 14.5.2002
  48. Ben Fenton: "US arrests 200 young Israelis in spying investigation", Telegraph 03.06.2002
  49. Sylvain Cypel: "An Enigma: Vast Israeli Spy Network Dismantled in the US", Oversetjing frå Le Monde 5. mars 2002
  50. abcnews: "The White Van. Were Israelis Detained on Sept. 11 Spies?", 24. juni 2002

Litteratur[endre | endre wikiteksten]

Konspirasjonsteoriar[endre | endre wikiteksten]

Kritikk av konspirasjonsteoriar kring 11. september[endre | endre wikiteksten]

Nettstader[endre | endre wikiteksten]