Lækjarar Utan Grenser

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Ein av grunnleggjarane til Lækjarar Utan Grenser, Bernard Kouchner, i 2006.

Lækjarar Utan Grenser (fransk: Médecins Sans Frontières, MSF) er ein internasjonal hjelpeorganisasjon. Dei har internasjonalt kontor i Sveits.

Struktur[endre | endre wikiteksten]

Lækjarar Utan Grenser vart skipa i Frankrike i 1971 og er politisk og religiøst uavhengig. Målsetjinga deira er å hjelpa folkegrupper i naud, offer for naturkatastrofar eller menneskeskapte katastrofar og offer i væpna konfliktar. Dei ynskjer å ikkje diskriminera på bakgrunn av rase, religion eller politisk tilhøyrsle. Dei er vortne mest kjende for arbeid i katastrofeområde, men dei driv også langsiktig arbeid blant mindre heldig stilte folkegrupper i Afrika, Asia, Latin-Amerika og Europa. Dei har rundt 3000 tilsette lækjarar og over 15 000 lokale tilsette.

Lækjararar Utan Grenser har fem operasjonelle senter i Brüssel, Paris, Amsterdam, Barcelona og Geneve. I tillegg har dei seksjonar i 19 land: Belgia, Frankrike, Nederland, Spania, Sveits, Noreg, Danmark, Sverige, Hong Kong, Italia, Tyskland, Storbritannia, USA, Australia, Canada, Japan, Austerrike, Luxembourg og Hellas.

Lækjarar Utan Grenser vann Nobels fredspris i 1999 "i erkjenning av det humanitære pionérarbeidet til organisasjonen på fleire kontinent."

I Noreg[endre | endre wikiteksten]

Den norske greina av organisasjonen, Leger Uten Grenser vart skipa i 1996 og har kontor i Oslo. Håkon Bolken er styreleiar for den norske organisasjonen.

Utval av arbeidet til Lækjarar Utan Grenser gjennom tidene[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]