Sosialistisk Venstreparti
| Sosialistisk Venstreparti | |
| Grunnleggjande | |
|---|---|
| Oppretta | 1975 |
| Ideologi | Grøn sosialisme |
| Partileiar | Audun Lysbakken |
| Ungdomsorganisasjon | Sosialistisk Ungdom |
| Partiavis | Venstre Om |
| Statistikk | |
| Antal medlem | 11 |
| Representantar på fylkesting | 46 (2007) |
| Representantar i kommunestyre | 1054 (2003) |
| Ordførarar | 9 |
| Tilknytingar | |
| Internasjonal tilknyting: | ingen |
| Europeisk tilknyting: | Nordic Green Left Alliance |
| Nettstad: | www.sv.no |
Sosialistisk Venstreparti (SV) er eit av dei store reformsosialistiske partia i Noreg, oppretta i 1975. I partiprogrammet slår partiet fast at det er eit sosialistisk og feministisk miljøparti. SV står på venstresida i norsk politikk. Leiaren sidan 2012 er Audun Lysbakken. Han tyok over etter Kristin Halvorsen som var leiar i SV frå 1997 til 2012. SV er frå 2005 i koalisjonsregjering med Senterpartiet og Arbeidarpartiet i regjeringa Stoltenberg.
SV stilte til val første gongen i 1973 som Sosialistisk Valforbund. Det nyoppretta valforbundet var i stor grad ein protestorganisasjon mot høgredreiinga av Arbeidarpartiet, og eit forsøk på å snu norsk politikk mot venstre. Mellom kjernesakane til det nye valforbundet var utanrikspolitikken, og det gjekk, i motsetnad til Ap, mot norsk NATO-medlemskap og mot innmelding i EF. Då valforbundet viste seg å vere ein suksess vart det oppretta ein eigen partiorganisasjon (Sosialistisk Venstreparti) i 1975 der fleirtalet av medlemsorganisasjonane vart integrerte (Norges Kommunistiske Parti gjekk ut av samarbeidet).
Ungdomsforbundet til Sosialistisk Venstreparti heiter Sosialistisk Ungdom.
Innhaldsliste |
Tilknytingar [endre]
Organisasjonar [endre]
- Sosialistisk Folkeparti, den største organisasjonen som gjekk inn i Sosialistisk Valforbund og var med vidare på partistiftinga av Sosialistisk Venstreparti, vart i stor grad tufta i krinsen kring avisa Orientering. Orientering gjekk inn i avisa Ny Tid i 1975. Ny Tid finst enno, som vekeblad, men har i dag ingen organisatoriske eller økonomiske band til SV.
- Storparten av medlemsmassen i det nyoppretta SV var ekskludert eller utmeld frå Arbeidarpartiet. I dag er partiet det største partiet til venstre for Ap.
- SV har vore krasse i kritikken av LO sine tette band til Ap, og dei har gjeve uttrykk for at tillitsvalde i SV-organisasjonen har hatt vanskar med å sleppe til i LO-leiinga.
- SV er medlem i den nordiske partialliansen Nordic Green Left Alliance.
Historie [endre]
SV sine røter ligg i krinsen rundt avisa Orientering, som vart stifta av venstreopposisjonen i Arbeidarpartiet i 1952. Miljøet rundt bladet var prega av skepsis til begge supermaktene, USA og Sovjetunionen, og var sterkt kritisk til moderpartiet si opne USA-venlege haldning. I 1961 braut heile miljøet, leidd av redaktør Finn Gustavsen, ut or AP og danna Sosialistisk Folkeparti, i protest mot eit AP-vedtak som kunne opna for atomvåpen på norsk jord. Ved stortingsvalet same år fekk partiet to representantar.
I 1973 inngjekk partiet i Sosialistisk Valforbund, som fekk ein relativt stor oppslutnad (11%) i valet det året. Norges Kommunistiske Parti, Demokratiske Sosialistar (utbrytarar frå Arbeidarpartiet) og nokre uavhengige venstreorienterte politikarar deltok saman med SF i dette forbundet. Alliansen oppstod etter at desse hadde stått saman på venstresida i kampen mot norsk medlemskap i EF (no EU) før og under folkerøystinga i 1972. Arbeidarpartiet mista mange røyster til SV ved stortingsvalet i 1973, særleg fordi det hadde framstått som eit reint ja-parti i EF/EU-striden.
Etter sigeren ved valet, meinte mange i valforbundet at dei bør gå vidare i samarbeidet, og slå seg saman i eitt samla parti, for dette ville både vere mest effektivt og mest demokratisk (ein medlem, ei røyst). Fleirtalet av kommunistane ville ikkje vere med, men dei andre partane omdanna 16. mars 1975 valforbundet til parti, med dei same initialane: Sosialistisk Venstreparti.
Oppslutnaden om SV har i fleire år variert mellom ca 5 og ca 12 %. Ved stortingsvalet i 2005 fekk partiet 8,8 prosent av stemmene, ved fylkestingsvalet 2007 6,5 %.
Politikk [endre]
- Det raude og grøne er berebjelkane i SV sin politikk. Det raude representerer at dei vil ha eit samfunn utan store skilnader i makt og ressursar. Det grøne representerer at dei vil skape eit miljøvenleg samfunn.
- Sosialistisk Venstreparti har ein radikal utanrikspolitikk. Dei har stått bak aksjonar mot den rådande USA-amerikanske utanrikspolitikken og gjeve uttrykk for at norsk utanrikspolitikk bør bli meir uavhengig av den amerikanske. SV er i stor grad eit antikrigsparti.
- Sosialistisk Venstreparti er kritiske til privatisering av statlege føretak og konkurranseutsetjing og privatisering av kommunal tenesteyting. Dette gjeld hovudsakleg helse- og skulesektoren, men partiet vil au at jernbane og vasskraftproduksjon skal vere offentleg eigde og styrte. SV vil dessutan at staten skal vere ein aktiv medeigar i norsk næringsliv (Til dømes: Statoil eller Norsk Hydro).
- Sosialistisk Venstreparti ønskjer å betre dei distriktspolitiske verkemidla, og partiet gjekk på landsstyremøtet 22. april 2007 inn for å grunnlovsfeste lokaldemokratiet.
Statistikk [endre]
Partileiarar [endre]
- Berit Ås (1975-1976)
- Berge Furre (1977-1983)
- Theo Koritzinsky (1983-1987)
- Erik Solheim (1987-1997)
- Kristin Halvorsen (1997–2012)
- Audun Lysbakken (2012-)
Parlamentariske leiarar [endre]
- Hanna Kvanmo (1977 - 1989)
- Kjellbjørg Lunde (1989 - 1997)
- Kristin Halvorsen (1997 - 2005)
- Inge Ryan (2005 - 2009)
- Bård Vegar Solhjell (2009 – 2012)
- Audun Lysbakken (2012 - )
Statsministrar [endre]
Regjeringar [endre]
Valoppslutning [endre]
| Valår | Valtype | Røyster | Representantar |
| 1973 | Storting | 11,2 % | 16 repr. |
| 1975 | Kommune | 5,5 % | |
| 1975 | Fylke | 5,7 % | |
| 1977 | Storting | 4,2 % | 2 repr. |
| 1979 | Kommune | 4,1 % | |
| 1979 | Fylke | 4,4 % | |
| 1981 | Storting | 4,9 % | 4 repr. |
| 1983 | Kommune | 5,1 % | |
| 1983 | Fylke | 5,3 % | |
| 1985 | Storting | 5,5 % | 6 repr. |
| 1987 | Kommune | 5,5 % | |
| 1987 | Fylke | 5,7 % | |
| 1989 | Storting | 10,1 % | 17 repr. |
| 1991 | Kommune | 11,6 % | |
| 1991 | Fylke | 12,2 % | |
| 1993 | Storting | 7,9 % | 13 repr. |
| 1995 | Kommune | ? % | |
| 1995 | Fylke | 6,1 % | |
| 1997 | Storting | 6,0 % | 9 repr. |
| 1999 | Kommune | 7,8 % | |
| 1999 | Fylke | 8,5 % | |
| 2001 | Storting | 12,5 % | 23 repr. |
| 2003 | Kommune | 12,4 % | |
| 2003 | Fylke | 13,0 % | |
| 2005 | Storting | 8,8 % | 15 repr.
|
| 2007 | Fylke | 6,5 % |
|
| 2009 | Storting | 6,2 % | 11 repr.
|
| 2011 | Kommune | 4,1 % |
|
| 2011 | Fylke | 4,3 % |