Tinamufamilien

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Tinamufamilien


Stortinamu(Tinamus major)
Stortinamu
(Tinamus major)

Systematikk
Rike: Animalia
Rekkje: Chordata
Klasse: Aves
Overorden: Paleognathae
Orden: Tinamiformes
Familie: Tinamidae
Slekter
Vitskapleg namn
Tinamidae
G.R. Gray, 1840

Tinamuar utgjer familien Tinamidae, 47 fugleartar i Sentral-Amerika og Sør-Amerika. Dei er av dei eldste nolevande fuglegrupper, nærast i slekt med Ratite, strutsefuglar. Tinamuar lever på bakken og finst i ei rekkje habitat.

Sjølv om tinamuar liknar andre fuglar som lever nær eller på bakken som vaktlar og ryper, er ikkje dette slektningar. Tinamuar er plassert i sin eigen orden Tinamiformes. Namnet ’tinamu’ kjem frå det karibiske språket galibi.

Skildring[endre | endre wikiteksten]

Dette er slanke og kompakte fuglar, med eit lite hovud og kort tynt, nedkurva nebb. Den minste arten er pygmétinamu, han veg ca. 43 gram og er 20 cm lang.[1] Den største er taotinamu, veg 2,3 kg og måler opp til 53 cm. Dei har svært små venger, men i motsetnad til strutsefuglar, har tinamuar flygeevne, om enn dårleg. Dei har tre framvende tær, men baktåa finst høgare på foten og er anten redusert eller heilt borte. Halen er kort og ofte skjult bak dekkfjørene, og nokre tinamuartar har fjørtopp. I motsetning til strutsefuglar har dei gumpkjertel. Fjørdrakta skil ikkje mellom kjønna, med unntak av at hoer hos somme artar har lysare drakt.[1]

Utbreiing og habitat[endre | endre wikiteksten]

Det finst ein innført art på Påskeøya,[2] elles er artane spreidd i Sør-Amerika og nordover til Mexico, men ikkje særleg nord for den nordlege vendekretsen. Fuglane førekjem i et breitt spekter av habitat. Slektene Tinamus, Nothocercus og Cryptuerellus lever i tett skog, medan dei fleste av dei andre artane lever på grasland, punagrasland, savanner og i alpint land i stor høgd.[1]

Åtferd[endre | endre wikiteksten]

Det er sjeldan å sjå tinamuar, men ein høyrer dei ofte innanfor område sitt. Dei føretrekkjer å gå eller å springe, og i farlege situasjonar kan dei flyge. Men dei vil først ta til vengene når alle andre teknikkar for å sleppe unna er prøvd, så som å skjule seg i hòl i bakken. I flukt vekslar dei mellom raske kraftige vengeslag og lang glideflukt.[1] Sjølv om mange artar er ganske vanlege er dei skye og løynlege. Et lite tal av artar lever på meir opne grassletter, men sjølv desse er forsiktige.[3] Tinamuar har ei rekkje ulike kall eller lydsignal.[1]

Føde[endre | endre wikiteksten]

Tinamuar et i hovudsak små frukt og frø frå bakken eller plukkar det frå plantar som er nær bakken. Dei kan hoppe 10 cm for å nå opp til maten. Dei vil òg ete knoppar, blomar, mjuke blad og røter, og dessutan insekt og larvene deira, ormar og blautdyr. Smådyr blir ete heile, medan større dyr blir slått mot bakken eller hakket. Når dei søkjer i blad på bakken, brukar dei nebba, og ikkje føtene sine, og kan til og med bruke nebbet til å sile gjennom jord ned til 2-3 cm i djupne[1][3]

Reproduksjon og vernestatus[endre | endre wikiteksten]

Tinamuar legg fleire egg i reir på bakken mellom gras og blad, og hannen vil ruge egga. Han forlèt reiret for å søke føde og kan vere borte i periodar på frå 45 minutt til 5 timar. Til vanleg vil dei ikkje dekkje til egga når dei forlèt reiret, sjølv om egga ikkje har kamuflasjefarge. Hos dei fleste artane er hannane polygame og hoene er polyandriske.[3] Egga har tiltrekkjande farge, er einsfarga og har ein hard glans som porselen. Ungane er godt utvikla ved klekking, og kan gå kort etter klekking. Vitskapsfolk trur dei er sjølvstendige innan 20 dagar.[3][1]

IUCN har klassifisert fem av dei 47 artane er klassifiserte som sårbare og 3 som nær trua.[4] Hovudgrunnene til status sårbar eller nær trua for desse artane er oppstykking av habitat og inngrep frå menneske.[1] Menneske jaktar på tinamuar utan at det har særleg innverknad på populasjonen.[1]

Artslista[endre | endre wikiteksten]

Tinamuar i rekkjefølgje etter Clementslista versjon 6.8 frå august 2013[5] med norske namn etter Norske navn på verdens fugler. [6]

Slekt Nothocercus

Slekt Tinamus

Slekt Crypturellus

Slekt Rhynchotus

Slekt Nothoprocta

Slekt Nothura

Slekt Taoniscus

Slekt Eudromia

Slekt Tinamotis





Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Davies, S.J.J.F. (1991). Forshaw, Joseph. ed. Encyclopaedia of Animals: Birds. London: Merehurst Press. ss. 48. ISBN 1-85391-186-0. 
  • Davies, S.J.J.F. (2003). «Tinamous». I Hutchins, Michael. Grzimek's Animal Life Encyclopedia. 8 Birds I Tinamous and Ratites to Hoatzins (2 ed.). Farmington Hills, MI: Gale Group. pp. 57–59. ISBN 0 7876 5784 0. 
  • Jaramillo, A.; Johnson, M. T. J.; Rothfels, C. R.; Johnson, R. A. (2008). «The native and exotic avifauna of Easter Island: then and now». Boletin Chileno de Ornitologia 14: 8–21. 

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 1,4 1,5 1,6 1,7 1,8 Davies, S. J. J. F. (2003)
  2. Jaramillo, A. (2008)
  3. 3,0 3,1 3,2 3,3 Davies, S.J.J.F. (1991)
  4. Oppslag i IUCN raudliste den 6. februar 2011
  5. Clements, J. F., T. S. Schulenberg, M. J. Iliff, B.L. Sullivan, C. L. Wood, and D. Roberson (august 2013) (CSV), The eBird/Clements checklist of birds of the world: Version 6.8, Cornell Lab of Ornithology, http://www.birds.cornell.edu/clementschecklist/download/, henta 23. mars 2014 
  6. Syvertsen, P. O., Ree, V., Hansen, O. B., Syvertsen, Ø., Bergan, M., Kvam, H., Viker, M. & Axelsen, T. 2008. Virksomheten til Norsk navnekomité for fugl (NNKF) 1990-2008. Norske navn på verdens fugler. Norsk Ornitologisk Forening sin nettstad (publisert 22.5.2008)

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]