Iselin Nybø
Iselin Nybø | |
Fødd | 14. mai 1981 |
---|---|
Parti | Venstre |
1. verv | Norsk næringsminister |
- periode | 24. januar 2020– i dag |
- regjering | Solberg |
- føregangar | Torbjørn Røe Isaksen |
2. verv | Norsk forskings- og høgare utdanningsminister |
- periode | 17. januar 2018– 24. januar 2020 |
- regjering | Solberg |
- etterfylgjar | Henrik Asheim |
3. verv | Leiar i Rogaland Venstre |
- periode | 2010–2012 |
- føregangar | Helge Solum Larsen |
- etterfylgjar | Kjartan Alexander Lunde |
Iselin Nybø (fødd 14. mai 1981) er ein norsk politikar for Venstre. Ho var forsking- og høgare utdanningsminister i regjeringa Solberg frå 2018 til 2020, og er i dag næringsminister for regjeringa.[1]
Ho vart vald inn på Stortinget for Rogaland Venstre i 2013.[2] Ho kjem frå Randaberg i Rogaland fylke, men bur i dag i Stavanger.
Sidan 2007 har ho vore formannskapsmedlem, bystyremedlem og nestleiar i kommunalstyret for Oppvekst i Stavanger kommune.[3] I perioden 2010–2012 var ho leiar i Rogaland Venstre. På landsmøtet til Venstre i april 2012 vart ho vald inn i sentralstyret til Venstre.[4]
Nybø er utdanna jurist frå Universitetet i Bergen og jobbar til dagleg i eit advokatskontor, der ho jobbar med ulike forretningsjuridiske problemstillingar med hovudvekt på skatterett.[5]
Stortingskomitéar[endre | endre wikiteksten]
- 2013-2017 første nestleiar i Kyrkje-, utdannings- og forskingskomitéen.
- 2013-2017 medlem av Valkomitéen.
Kjelder[endre | endre wikiteksten]
- Denne artikkelen bygger på «Iselin Nybø» frå Wikipedia på bokmål, den 19. oktober 2013.
- Wikipedia på bokmål oppgav desse kjeldene:
- Wikipedia på bokmål oppgav desse kjeldene:
- ↑ «Endringer i regjeringen». Regjeringa.no. 17. januar 2018. Henta 18. januar 2018.
- ↑ «Her er den nye rogalandsbenken». Stavanger Aftenblad. Henta 10. september 2013.
- ↑ «Medlemmer i Formannskapet til Stavanger». Stavanger kommune. Henta 16. april 2012.
- ↑ «Inn i sentralstyret». NRK. Henta 16. april 2012.
- ↑ «Iselin Nybø». Venstre. Henta 11. november 2012.