Åse Michaelsen
| Åse Michaelsen | |||
| Åse Michaelsen Foto: FrPMedia | |||
| Fødd | 4. juni 1960 (66 år) Mandal kommune | ||
|---|---|---|---|
| Statsborgar av | Noreg | ||
| Parti | Framstegspartiet | ||
| Yrke | politikar | ||
| Verv | Norsk eldre- og folkehelseminister 17. januar 2018–3. mai 2019 | ||
| Etterfylgjar | Sylvi Listhaug | ||
| Alle verv |
| ||
Åse Michaelsen (fødd 4. juni 1960 i Mandal), tidlegare Åse Schmidt, er ein norsk politikar frå Framstegspartiet. Frå 17. januar 2018 til 3. mai 2019 var ho eldre- og folkehelseminister i regjeringa Solberg.[1][2]
Ho vart vald inn på Stortinget frå Vest-Agder fylke i 2005. Valet i 2005 var eit særs jamnt løp mellom henne og Kari Henriksen frå Arbeidarpartiet, der Michaelsen enda med 19 fleire stemmer enn Henriksen. Ved stortingsvalet 2009 stod Michaelsen på førsteplass på lista til Framstegspartiet og vart vald på nytt.
Ho har eitt års høgare utdanning og er også utdanna interiørarkitekt. Ho har yrkeserfaring frå Norges eksportråd, og som handling coordinator og tillitsvalt i SAS.
Michaelsen var medlem av bystyret og formannskapet i Mandal 1995-2003. Ho var medlem av sentralstyret i Framstegspartiet 1998-2005.
Stortingets presidentskap
[endre | endre wikiteksten]- 2005–09: visesekretær i Lagtinget
Stortingskomitear
[endre | endre wikiteksten]- 2009–: medlem av justiskomiteen
- 2005–09: medlem av kyrkje-, utdannings- og forskingskomiteen
- 2005–09: medlem av valkomiteen
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ «Endringer i regjeringen». Regjeringa.no. 2018-01-17. Henta 2018-01-18.
- ↑ Vigsnæs, Maria Knoph (2019-05-03), «Sylvi Listhaug er ny eldre- og folkehelseminister», NRK (på norsk bokmål), henta 2019-05-03
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- Einskildkvinner
- Fødde i 1960
- Statsrådar i Regjeringa Solberg
- Frp-statsrådar
- Stortingsrepresentantar frå FrP
- Stortingsrepresentantar for Vest-Agder
- Stortingsrepresentantar 2005-2009
- Stortingsrepresentantar 2009-2013
- Stortingsrepresentantar 2013-2017
- Lokalpolitikarar i Mandal
- FrP-politikarar i Vest-Agder
- Folk frå Mandal