19th Nervous Breakdown

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
«19th Nervous Breakdown»
Singel av The Rolling Stones
B-side «As Tears Go By» (UK)
«Sad Day» (USA)
Utgjeve 4. februar 1966
Innspelt 3.-8. desember 1965, RCA Studios, Hollywood
Sjanger Rock
Lengd 3:56
Selskap Decca F.12331
London 45-LON.9823
Låtskrivar(ar) Jagger/Richards
Produsent Andrew Loog Oldham
The Rolling Stones-kronologi
«As Tears Go By»
(1965)
«19th Nervous Breakdown» «Paint It, Black»
(1966)

«19th Nervous Breakdown» er ein song av The Rolling Stones. Songen er skriven av Mick Jagger og Keith Richards, men det ryktast at han vart skriven av Jagger sin dåverande kjæraste, Chrissie Shrimpto.[1]

Songen vart skriven under den amerikanske turneen deira i 1965, og vart spelt inn under innspelinga av albumet Aftermath mellom 3. og 8. desember 1965 ved RCA Recording Studios i Hollywood i California. Songen handlar om ei vanskeleg og bortskjemt jente som ikkje klarar å nyte livet. Mick Jagger har fortalt at han først kom opp med tittelen og så skreiv teksten ut i frå den. Songen vart gjeve ut på singel 4. februar 1966 og nådde andreplassen både i USA, Noreg og Storbritannia. På VG-lista låg han fire veker på andreplassen, heile tida bak The Beatles sin «Michelle».

Det hypnotiske riffet til Brian Jones under versa er ein hyllest til Bo Diddley-songen «Diddley Daddy». Diddley hadde ein stor innverknad på stilen til Stones.[2][3] Songen er òg kjend for den såkalla «stupbombande» bass-linja til Bill Wyman mot slutten av songen.

Tom Verlaine, sologitar og låtskrivar i Television, har fortalt at då han høyrte songen som ungdom inspirerte det han til lære seg gitar.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Rolling Stones Wives & Girlfriends
  2. Bo Diddley - The Story Of Bo Diddley
  3. allmusic