Anybody Seen My Baby?

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Anybody Seen My Baby?
Singel av The Rolling Stones
frå albumet Bridges to Babylon
Utgjeve 22. september 1997
Innspelt Mars til juli 1997
Sjanger Rock
Lengd 4:31
Selskap Virgin
Låtskrivar(ar) Mick Jagger
Keith Richards
k.d. Lang
Ben Mink
Produsent Don Was, The Dust Brothers & The Glimmer Twins
The Rolling Stones-kronologi
«Like a Rolling Stone»
(1995)
Anybody Seen My Baby? «Saint of Me»
(1998)

«Anybody Seen My Baby?» er ein song av det engelske rockebandet The Rolling Stones frå albumet Bridges to Babylon frå 1997.

Han er skriven av Mick Jagger og Keith Richards, men er òg tilskriven K.D. Lang og Ben Mink.[1] Refrenget på songen er særs likt songen «Constant Craving» av K.D. Lang frå 1992. Jagger og Richards hevda dei aldri hadde høyrt denne songen før, og då dei oppdaga dette før songen deira kom ut, vart dei forbløffa over kor like dei var. Dei gjorde då slik at songen òg vart tilskriven Lang og medlåtskrivaren hennar Mink, for å unngå mogelege søksmål. Seinare har Lang sat ho vart smigra og då ho oppdaga dette.

«Anybody Seen My Baby?» er ein typisk song for Bridges to Babylon-perioden til Stones. Han syner fleire inspirasjonskjelder og inneheld ei sampling av hip-hop-gruppa Biz Markie, som ein av få songar av The Rolling Stones. Bass og keyboard på songen vart spelt av Jamie Muhoberac, medan Waddy Wachtel spelar akustisk gitar. Songen har ei særeigen R&B-kjensle, driven fram av bassen til Muhoberac. Jagger, Richards og Wachtel spelar elektrisk gitar.

Songen vart ein stor hit i 1997 og nådde Topp 20 i Europa og tredjeplassen på Billboard Mainstream Rock Tracks. Musikkvideoen vert kanskje best hugsa for ei topplaus Angelina Jolie, like før ho vart kjend som skodespelarinne. Ho spelar ei stripperske som vandrar rundt i New York City.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]