Start Me Up

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
«Start Me Up»
Singel av Rolling Stones
frå albumet Tattoo You
Utgjeve 14. august 1981
Innspelt 1975, 1978, nyinnspelt 1981
Sjanger Rock
Lengd 3:33
Selskap Rolling Stones/Virgin
Låtskrivar(ar) Jagger/Richards
Produsent The Glimmer Twins
Rolling Stones-kronologi
«She's So Cold»
(1981)
«Start Me Up» «Waiting on a Friend»
(1981)

«Start Me Up» er ein song av The Rolling Stones på albumet Tattoo You frå 1981.

Innspeling[endre | endre wikiteksten]

«Start Me Up» vart først spelt inn i München i 1975 under innspelinga av Black and Blue og seinare på nyt i 1978 under Some Girls-innspelinga. Songen heitte då først «Never Stop» og andre gongen «Start It Up». Første gongen vart songen spelt inn som ein reggae-song, men etter mange opptak la bandet songen på hylla. I 1981, då bandet skulle ut på turne, kom produsent Chris Kimsey med eit forslag til Mick Jagger om å sette saman eit album av gamle, ubrukte songar. Medan han leita gjennom arkivet fann Kimsey to opptak av songen spelt som ein rockesong innimellom om lag femti reggae-versjonar. Det vart lagt på nye lydspor tidleg i 1981.

Sjølv om songteksten kan lesast med doble tydingar, der den eine viser til å køye motorsykkel,

« Spread out the oil, the gasoline; I walk smooth, ride in a mean, mean machine...  »
« Kick on the starter give it all you got, you got, you got; I can't compete with the riders in the other heats...  »
« My eyes dilate, my lips go green; My hands are greasy; She's a mean, mean machine...  »

er teksten tydeleg seksuelt ladd:

« I've been running hot; You got me ticking gonna blow my top; If you start me up, If you start me up I'll never stop.  »

Songen opnar med det som har vorte eit kjend riff for Keith Richards. Det er dette riffet i lag med den stødige tromminga til Charlie Watts og bassen til Bill Wyman, som utgjer det meste av songen. Sologitarist Ronnie Wood spelar forskjellige variantar av hovudriffet til Richards.

Konsertutgåvene av songen er ofte gjort lengre for å gje Wood ein solo nær midten av songen.

Utgjeving[endre | endre wikiteksten]

Songen vart gjeven ut på singel og nådde andreplassen i USA, sjuandeplassen i Storbritannia og åttandeplassen i Noreg. I Australia gjekk songen heilt til topps. The Stones skulle aldri klare å få ein singel inn på Topp 10 i Storbritannia igjen etter dette. B-sida til singelen var «No Use In Crying». Ein populær musikkvideo vart laga til singelen, regissert av Michael Lindsay-Hogg.

«Start Me Up» vert ofte nytta som opningssong på konsertane deira og finst på konsertalbuma Still Life, Flashpoint, Live Licks og Shine a Light. Han har vore med på alle store samleplater av bandet sidan han kom ut. '.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]