Undercover of the Night

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Undercover of the Night
Singel av The Rolling Stones
frå albumet Undercover
Språk engelsk
Utgjeve 1. november 1983
Innspelt Januar til mars, mai til august 1982
Sjanger Rock
Lengd 4:32
Selskap Rolling Stones/Virgin
Komponist Keith Richards, Mick Jagger
Tekstforfattar Keith Richards, Mick Jagger
Låtskrivar(ar) Jagger/Richards
Produsent The Glimmer Twins/Chris Kimsey
The Rolling Stones-kronologi 
«Time is on My Side»
(1982)
Undercover of the Night «She Was Hot»
(1984)


«Undercover of the Night» er ein song av det engelske rockebandet the Rolling Stones frå 1983 og den første singelen frå albumet Undercover.

Inspirasjon og innspeling[endre | endre wikiteksten]

Songen er hovudsakleg skriven av Mick Jagger, og i omslaget til samleplata Jump Back seier gitarist Keith Richards at songen var Jagger sin og at han berre spelte gitar på han. Songen vart truleg skriven i Paris seint i 1982, der plata vart innspelt.

Teksten omhandlar den då pågåande politiske korrupsjonen i Mellom- og Sør-Amerika.

« All the young men, they've been rounded up;
And sent to camps back in the jungle;
And people whisper, people double-talk;
Once proud fathers act so humble.
»

Jagger fortalte i omslaget til Jump Back at songen var kraftig påverka av Cities of teh Red Night av William Burroughs. Innspelinga av songen starta tidleg i 1983 og heldt fram seinare på sommaren i New York City. Songen vart spelt inn i to utgåve, ein med bassist Bill Wyman og ein annan med gjestebassist Robbie Shakespeare. Songen er rytmisk med rytmar av Sly Dunbar, Martin Ditcham, Moustapha Cisse og Brahms Coundoul, på forskjellige rytmeinstrument. Orgelet vert spelt av Chuck Leavell, som seinare vart fast pianist for Rolling Stones.

Utgjeving[endre | endre wikiteksten]

«Undercover of the Night» vart gjeven ut som den første singelen frå albumet 1. november 1983. Songen vart først godt motteke og nådde 9. plass i USA og 11. plass i Storbritannia, men songen forsvann raskt frå listene, kanskje på grunn av den valdelege teksten til Jagger.

Ein gjennomarbeidd musikkvideo vart laga for songen der Jagger som kriminalbetjent hjelper ei ung kvinne å følgje etter nokre folk som har kidnappa kjærasten hennar. Richards er leiaren for kidnapparane og skyt til slutt Jagger.

Salslister[endre | endre wikiteksten]

Liste (1983–84) Plassering
Australia (Kent Music Report)[1] 27
Austerrike (Ö3 austerriksk Topp 40)[2] 19
Belgia (Ultratop 50 Flandern)[3] 5
Canada Top Singles (RPM)[4] 11
Tyskland (Media Control AG)[5] 20
Irland (IRMA)[6] 10
Nederland (Mega Single Top 100)[7] 4
New Zealand (RIANZ)[8] 10
Noreg (VG-lista)[9] 8
Sverige (Sverigetopplistan)[10] 15
Sveits (Schweizer Hitparade)[11] 18
UK Singles (Official Charts Company)[12] 11
US Billboard Hot 100[13] 9

Årslister[endre | endre wikiteksten]

Liste (1984) Plassering
US Billboard Hot 100[14] 93

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Kent, David (1993). Australian Chart Book 1970–1992. St Ives, NSW: Australian Chart Book. ISBN 0-646-11917-6. 
  2. "The Rolling Stones – Undercover of the Night – Austriancharts.at" (på tysk). Ö3 austerriksk Topp 40. Hung Medien. Henta 29. mars 2018.
  3. "Ultratop.be – The Rolling Stones – Undercover of the Night" (på nederlandsk). Ultratop 50. Ultratop & Hung Medien / hitparade.ch. Henta 29. mars 2018.
  4. "RPM Top Singles." RPM. Library and Archives Canada. Retrieved 29. mars 2018.
  5. "The Rolling Stones - Undercover of the Night". Charts.de. Media Control. Henta 29. mars 2018.
  6. "The Irish Charts – Search Results – Undercover of the Night". Irish Singles Chart. Retrieved 29. mars 2018.
  7. "Dutchcharts.nl – The Rolling Stones – Undercover of the Night" (på nederlandsk). Mega Single Top 100. Hung Medien / hitparade.ch. Henta 29. mars 2018.
  8. "Charts.org.nz – The Rolling Stones – Undercover of the Night". Top 40 Singles. Hung Medien. Henta 29. mars 2018.
  9. "Norwegiancharts.com – The Rolling Stones – Undercover of the Night". VG-lista. Hung Medien. Henta 29. mars 2018.
  10. "Swedishcharts.com – The Rolling Stones – Undercover of the Night". Topp 60. Hung Medien. Henta 29. mars 2018.
  11. "The Rolling Stones – Undercover of the Night – swisscharts.com". Den sveitsiske singellista. Hung Medien. Henta 29. mars 2018.
  12. "Chart Stats – Rolling Stones – {{{song}}}" UK Singles Chart. Chart Stats. Henta 29. mars 2018.
  13. "Rolling Stones?f=379&g=Singles The Rolling Stones Album & Song Chart History" Billboard Hot 100 for The Rolling Stones. Prometheus Global Media. Henta 29. mars 2018.
  14. «Top 100 Hits for 1984». Music Outfitters. Henta 28. juli 2017. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]