Happy av The Rolling Stones

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
«Happy»
Singel av The Rolling Stones
frå albumet Exile on Main St.
B-side

«All Down the Line»

Språk engelsk
Utgjeve 15. juli 1972
Innspelt 1971
Sjanger Rock, blues
Lengd 3:05
Selskap Rolling Stones/Virgin
Komponist Mick Jagger, Keith Richards
Tekstforfattar Mick Jagger, Keith Richards
Låtskrivar(ar) Jagger/Richards
Produsent Jimmy Miller
The Rolling Stones-kronologi 
«Tumbling Dice»
(1972)
«Happy» «Angie»
(1973)


«Happy» er ein song av the Rolling Stones på albumet Exile on Main St. frå 1972 med Keith Richards på solovokal. Han vart gjeven ut som den andre singelen frå albumet i juli 1972 og nådde 22. plass på singellista i USA.[1]

Songen er tilskriven Jagger/Richards, men er i hovudsak skriven av Richards sommaren 1971 i villa Nellcôte sør i Frankrike. Grunnsporet vart spelt inn i kjellaren på Nellcôte med Richards på bass, gitar og vokal, produsent Jimmy Miller på trommer og saksofonist Bobby Keysmaracas.[2] Nicky Hopkins la seinare på piano, og det same vart seinare gjort med trompeten til Jim Price og Key sin saksofon, gitaren til Mick Taylor og korvokalen til Mick Jagger.[3]

Sidan 1972 har Richards ofte sunge «Happy» på konsertar, og han har vorte ein av «signaturlåtane» hans.[2] Det finst konsertutgåver av songen på Love You Live og Live Licks.

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Elliott, Martin (2002). The Rolling Stones: Complete Recording Sessions 1962-2002. Cherry Red Books. s. 189. ISBN 1-901447-04-9. 
  2. 2,0 2,1 Appleford, Steve (2000). The Rolling Stones: Rip This Joint: The Story Behind Every Song. Thunder's Mouth Press. s. 119. ISBN 1-56025-281-2. 
  3. McPherson, Ian. «Track Talk: Happy». 
  4. Frå plateomslaget til 2010-utgåva av Exile on Main St.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]