I Wanna Be Your Man

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
«I Wanna Be Your Man»
Singel av The Rolling Stones
B-side

«Stoned»

Språk engelsk
Utgjeve 1. november 1963
Innspelt 7. oktober 1963
Sjanger Beat
Lengd 103 sekund
Selskap Decca Records F.11764
Komponist John Lennon, Paul McCartney
Tekstforfattar John Lennon, Paul McCartney
Låtskrivar(ar) Lennon/McCartney
Produsent Andrew Loog Oldham
The Rolling Stones-kronologi 
«Come On»
(1963)
«I Wanna Be Your Man» «Not Fade Away»
(1964)


«I Wanna Be Your Man» er ein song skrive av John Lennon og Paul McCartney, og først spelt inn av The Rolling Stones og seinare av The Beatles.

Beatles sin versjon vart sungen av Ringo Starr og kom ut på albumet With the Beatles i 1963. The Rolling Stones sin versjon var ein tidleg hitsingel for dei, og var ei særs blues-aktig utgåve med Brian Jonesslidegitar og Bill Wyman på drivande bass. Det var òg ein av dei få Stones-songane som hadde Jones på korvokal. I USA vart songen seinare gjeve ut som B-sida til «Not Fade Away» den 6. mars 1964.

I følgje forskjellige kjelder møtte anten the Rolling Stones sin manager og produsent, Andrew Loog Oldham, eller the Rolling Stones sjølv på Lennon og McCartney på gata. Dei fekk vite at Rolling Stones var i beit for ein singel og drog tilbake til øvingslokalet der dei øvde og skriv ferdig «I Wanna Be Your Man», som dei alt hadde skrive versa til, medan Rolling Stones imponert stod ved sida av og såg på.[1]

Medverkande på Beatles-utgåva[endre | endre wikiteksten]

Medverkande på Rolling Stones-utgåva[endre | endre wikiteksten]

The Rolling Stones si utgåve kom ikkje ut på eit studioalbum. Han kom først som singel, men vart gjeve ut på samlealbuma Around and Around i 1964 og Singles Collection: The London Years i 1989.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Paul McCartney, Many Years From Now, s. 154