Brown Sugar
|
|||||||||||||||||||||||||||||||||
|
|||||||||||||||||||||||||||||||||
«Brown Sugar» er ein song av The Rolling Stones på albumet Sticky Fingers frå 1971, der det er opningssporet. Songen var den første singelen frå albumet. Musikkmagasinet Rolling Stone rangerte songen på 490. plass på lista deira over dei 500 største songane gjennom tidene.[1]
Innhaldsliste |
[endre] Inspirasjon og innspeling
Som dei fleste Stones-songane var «Brown Sugar» tilskriven songaren Mick Jagger og gitaristen Keith Richards, men vart i hovudsak skriven av Jagger, under filminga av Ned Kelly i 1969.[2] Songen vart opphavleg spelt inn i løpet av tre dagar i Muscle Shoals Sound Studio i Muscle Shoals i Alabama i desember 1969, men vart ikkje gjeven ut før over eit år seinare på grunn av rettslege stridar om det tidlegare selskapet til bandet. Stones spelte songen første gongen på den famøse konserten ved Altamont.
Songen har eit prominent bluesrock-riff, eit instrumentalt mellomparti med blåsarar og gitarar og dansbare rockerytmar. «Brown Sugar» er representativ for Stones tidleg i 1970-åra med tøff, bluesaktig hardrock. Teksten har vore mykje omdiskutert og kontroversiell. Musikkritikar Robert Christgau skildra songen som «ein rockesong så uimotståeleg at det hindrar lysta på å tolke han».[3] Populariteten til «Brown Sugar» vart ofte overskugga av den skandaløse teksten, som i hovudsak er ei rekkje tabubelagte emne, som sex mellom rasar, munnsex, slavevaldtekt, sadomasochisme, tapt jomfrudom og bruk av heroin.[4]
Ein alternativ versjon vart spelt inn 19. desember 1969 ved Olympic Studios i London, etter (eller under) ein gebursdagsfest for Richards. Han har med Al Kooper på piano og Eric Clapton på sologitar. Han har òg Richards på førsteverset og elles på kraftig koring. Songen finst på mange bootlegplater. Richards vurderte å gje denne utgåva ut på Sticky Fingers, mest på grunn av den spontane atmosfæren, men valde å gje ut originalen.[5]
[endre] Utgjeving
«Brown Sugar» vart gjeven ut på singel i mai 1971 som den første frå albumet. Han gjekk til førsteplassen i USA, andreplassen i Storbritannia og fjerdeplass i Noreg. Han har sidan vorte ein rockeklassikar. Den amerikanske utgåva av singelen hadde berre «Bitch» som B-side, medan den britiske utgåva hadde denne songen samt ei konsertutgåve av Chuck Berry sin «Let It Rock», spelt inn på University of Leeds under den britiske turneen deira i 1971.
Songen vart mykje spelt på konsertar, mellom anna under 1970-turneen, der han vart plassert mot slutten av konserten, trass i at han då var ukjend for publikum. Jagger endrar ofte teksten frå «Just like a young girl should» til «Just like a young man should». Linja «Hear him whip the women just around midnight» vert ofte endra til «You shoulda heard him just around midnight». Dette kan ein høyre på konsertalbuma Love You Live, Flashpoint, Live Licks og Shine a Light.
Songen er òg kjend som den første utgjevinga på Rolling Stones Records og er ein av to singlar av Rolling Stones (i lag med «Wild Horses») som både bandet og den tidlegare manageren Allen Klein har rettane til.
Songen vart nytta i ein Pepsi-reklame i 1998 der ei fluge syng ein coverversjon av songen etter å drukke noko sølt Pepsi.
[endre] Bakgrunnsstoff
[endre] Kjelder
- Denne artikkelen bygger på «Brown Sugar» frå Wikipedia på engelsk, den 3. mars 2009.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ «Brown Sugar». Rolling Stone. 9. desember 2004
- ↑ "Jagger Remembers". Rolling Stone. 14. desember 1995
- ↑ Robert Christgau "Rolling Stones". The Rolling Stone Illustrated History of Rock & Roll. 1976
- ↑ Unterberger, Richie. The Rolling Stones «Brown Sugar». allmusic. 2007
- ↑ The Database "Brown Sugar". Time Is On Our Side. 2007
| 491: «You Don't Have To Say You Love Me» Dusty Springfield |
Plassering på lista til Rolling Stone over dei 500 beste songane gjennom tidene 490 The Rolling Stones – «Brown Sugar» |
489: «I Will Survive» Gloria Gaynor |