Steve Hackett

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Steve Hackett

Steve Hackett på konsert i Braunschweig i Tyskland i 2005.
Fødd12. februar 1950 (74 år)
FødestadPimlico i London i England
FødenamnStephen Richard Hackett
AliasSteve Hackett
OpphavStorbritannia
Aktiv1970 til i dag
SjangerProgressiv rock, kunstrock, klassisk musikk, blues, poprock
InstrumentGitar, munnspel, vokal, klaverinstrument, bass
Kjende instrumentGibson Les Paul
PlateselskapCharisma, Camino, Chrysalis (US), Epic (US), Gramy, Lamborghini, Start, Wolfwork, Blue Plate/Caroline (US), InsideOut
Verka somMusikar, låtskrivar, plateprodusent

Stephen Richard «Steve» Hackett (fødd 12. februar 1950)[1] er ein britisk songar, låtskrivar og gitarist. Han vart kjend som medlem av den britiske progrockgruppa Genesis, som han spelte i frå 1970 til han slutta i 1977 for å starta ein solokarriere. Hackett medverka på seks studioalbum med Genesis, tre konsertalbum og sju singlar.[2]

I 1986 var Hackett med på å starte supergruppa GTR med gitaristen Steve Howe frå Yes og Asia. Gruppa gav ut eit album kalla opp etter bandet, og dette nådde 11. plass på Billboard 200 i USA og gav dei hitsingelen «When the Heart Rules the Mind».[1] Då Hackett forlét GTR i 1987 vart bandet oppløyst.

Etter å ha slutta i GTR fortsette Hackett solokarrieren sin og har gjeve ut album og turnert fast sidan den gong. Han har vore innom mange musikkstilar som progressiv rock, verdsmusikk og klassisk. Spelestilen hans har inspirert gitaristar som Eddie Van Halen, Alex Lifeson[3] og Brian May.[4] Han vart innlemma i Rock and Roll Hall of Fame som medlem av Genesis i 2010.

Diskografi[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 Strong, Martin C. (2000). The Great Rock Discography (5th utg.). Edinburgh: Mojo Books. s. 412–413. ISBN 1-84195-017-3. 
  2. Lehmann Web Design. «Steve Hackett's offisiell nettstad - Discography». Hackettsongs.com. Henta 21. september 2012. 
  3. «1984 Alex Lifeson interview». Guitar Magazine. 1984. Henta 20. november 2006. 
  4. «Interview with Steve Hackett». DMME.net. 2001. Arkivert frå originalen 12. mai 2008. Henta 20. november 2006. 
  5. http://www.planetrock.com/news/rock-news/steve-hackett-announces-new-album/

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]