Karaš

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Karaš (Караш)
Caraş
Karaš nær Dobričevo i Serbia
Karaš nær Dobričevo i Serbia
Utspring Aninafjella
Munning Donau
Land i nedslagsfelt Romania Romania
Flag of Serbia.svg Serbia
Lengd 110 km
Nedslagsfelt 1400 km²

Karaš (serbisk Караш) eller Caraş (rumensk) er ei 110 km lang elv i regionen Banat i Serbia og Romania, og ei sideelv til Donau frå venstre.

I romartida vart elva kalla Apo, frå det trakiske ordet som tyder «vatn».

Caraş spring ut i Aninafjella, nordaust for byen Anina i Romania, og nær kjeldene til elvane Bârzava og Nera. Ho renn gjennom Romania i 50 km og først nordover, mfør ho snur sørvestover. Ho renn inn i Serbia og Vojvodina. Etter å ha passet austsida av Zagajicaåsane er Karaš kanalisert og ein del av den siste delen av Donau-Tisa-Donau-kanalen. Ho munnar ut i Donau nær landsbyen Stara Palanka, like ved turiststaden Ram.

Karaš drenerer eit område på 1400 km².

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Denne artikkelen bygger på «Karaš River» frå Wikipedia på engelsk, den 3. mars 2009.
    • Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
      • Mala Prosvetina Enciklopedija, Third edition (1985); Prosveta; ISBN 86-07-00001-2
      • Jovan Đ. Marković (1990): Enciklopedijski geografski leksikon Jugoslavije; Svjetlost-Sarajevo; ISBN 86-01-02651-6
      • Administraţia Naţională Apelor Române - Cadastrul Apelor - Bucureşti
      • Institutul de Meteorologie şi Hidrologie - Rîurile României - Bucureşti 1971
      • Trasee turistice - judeţul Caraş [1]