Made in Japan
| Made in Japan Konsertalbum av Deep Purple |
||
| Utgjeve | desember 1972 (UK) april 1973 (US) |
|
| Innspelt | 15.-17. august 1972 | |
| Sjanger | Hardrock, heavy metal | |
| Lengd | 76:44 (Original 2LP) 98:06 (1998 2CD) |
|
| Selskap | EMI/Purple TPSP 351 (UK) Warner Bros. 2 WS 2701 (US) |
|
| Produsent | Deep Purple | |
| Kritikk | ||
|---|---|---|
|
||
| Deep Purple-kronologi | ||
| Concerto for Group and Orchestra (1969) |
Made in Japan | Made in Europe (1976) |
Made in Japan er eit dobbelt konsertalbum av det engelske rockebandet Deep Purple, spelt inn under den første turneen deira i Japan i august 1972. Det kom opphavleg ut i desember 1972, og i USA i april 1973.
Innhaldsliste |
Innspeling og utgjeving [endre]
Made in Japan vart spelt inn over tre kveldar frå 15. til 17. august 1972 i Kōsei Nenkin Kaikan i Osaka og i Budokan i Tokyo i Japan. Fire av songane kjem frå albumet Machine Head som kom ut tidlegare det året.
Albumet vart opphavleg ikkje rekna som særskild viktig av medlemmane, og berre Roger Glover og Ian Paice møtte opp for å mikse det. Det er favorittalbumet til organist Jon Lord av Deep Purple og han skildrar utgjevinga:
«Deep Purple var på sitt mektigaste. Dobbeltalbumet samanfattar det me stod for på den tida. Det var berre meint å kome ut i Japan. Japanarane sa, 'Kan de vere så snill å lage eit konsertalbum?' Me sa 'Me lagar ikkje konsertalbum, me trur ikkje på dei.' Til slutt gjekk me med på det, men sa at me ønskte rettane til lydbanda fordi me ikkje ønskte at albumet skulle gjevast ut utanfor Japan. Albumet kosta berre om lag $3 000 å lage. Det høyrdest ganske bra ut, så me sa til Warner Bros., 'Vil de ha dette?' Dei sa, 'Nei, konsertalbum skjer ikkje.' Dei enda opp med å gje det ut likevel og det selde til platinaplate etter to veker.»[8]
Utgjevinga vart forseinka i USA til april 1973, fordi Warner Bros. ønskte å gje ut Who Do We Think We Are først.
Dei tre konsertane vart seinare gjevne ut som Live in Japan som ein trippel CD i 1993. I følgje teksten i omslaget vart det ikkje lagt på ekstra spor i studio, slik det ofte vert gjort for mange konsertalbum.
Den nymastra jubileumsutgåva som kom i 1998 har ein ekstra CD med ekstranummera spelt på turneen i Japan.
Coverversjon [endre]
13. januar 2006 spelte det progressive metalbandet Dream Theater heile originalalbumet i Kokusai Forum i Tokyo, og den 15. i NHK Hall i Osaka. Begge konsertane vart spelte inn og det sistnemnde av dei to konsertane vart gjeven ut på plate, miksa av Roger Glover.
Innhald [endre]
Original vinylutgåve [endre]
Alle songar er skrivne av Ritchie Blackmore, Ian Gillan, Roger Glover, Jon Lord og Ian Paice, utanom der andre er nemnde..
| Side ein | |||||||||
|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
| # | Tittel | Låtskrivar(ar) | Lengd | ||||||
| 1. | «Highway Star» (16. august i Osaka) | 6:50 | |||||||
| 2. | «Child in Time» (16. august i Osaka) | 12:24 | |||||||
| Side to | |||||||||
|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
| # | Tittel | Lengd | |||||||
| 3. | «Smoke on the Water» (15. august i Osaka) | 7:31 | |||||||
| 4. | «The Mule» (17. august i Tokyo) | 9:49 | |||||||
| Side tre | |||||||||
|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
| # | Tittel | Lengd | |||||||
| 5. | «Strange Kind of Woman» (16. august i Osaka) | 9:35 | |||||||
| 6. | «Lazy» (17. august i Tokyo) | 10:50 | |||||||
| Side fire | |||||||||
|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
| # | Tittel | Lengd | |||||||
| 7. | «Space Truckin'» (16. august i Osaka) | 19:41 | |||||||
CD-utgåve [endre]
| CD 1 | |||||||||
|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
| # | Tittel | Lengd | |||||||
| 1. | «Highway Star» | 6:43 | |||||||
| 2. | «Child in Time» | 12:17 | |||||||
| 3. | «Smoke on the Water» | 7:36 | |||||||
| 4. | «The Mule» | 9:28 | |||||||
| 5. | «Strange Kind of Woman» | 9:52 | |||||||
| 6. | «Lazy» | 10:27 | |||||||
| 7. | «Space Truckin'» | 19:54 | |||||||
| CD 2 | |||||||||
|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
| # | Tittel | Låtskrivar(ar) | Lengd | ||||||
| 1. | «Black Night» (Ekstranummer spelt inn 17. august i Tokyo) | 6:17 | |||||||
| 2. | «Speed King» (Ekstranummer spelt inn 17. august i Tokyo) | 7:25 | |||||||
| 3. | «Lucille» (Ekstranummer spelt inn 17. august i Tokyo) | Albert Collins, Richard Penniman | 8:03 | ||||||
Medverkande [endre]
- Ritchie Blackmore – gitar
- Ian Gillan – vokal, munnspel, perkusjon
- Roger Glover – bassgitar
- Jon Lord – orgel, tangentinstrument, elektrisk piano
- Ian Paice – trommer, perkusjon
Kjelder [endre]
- Denne artikkelen bygger på «Made in Japan (Deep Purple album)» frå Wikipedia på engelsk, den 5. juni 2012.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene: