Mozambique av Bob Dylan
Mozambique Singel av Bob Dylan frå albumet Desire | ||
B-side | ||
---|---|---|
Utgjeve | 17. februar 1976 | |
Innspelt | 30. juli 1975 | |
Studio | Columbia Studios i New York City | |
Sjanger | Folkrock | |
Lengd | 3:00 | |
Selskap | Columbia | |
Låtskrivar(ar) | Bob Dylan, Jacques Levy | |
Produsent | Don DeVito | |
Bob Dylan-kronologi | ||
«Hurricane» (1975) |
Mozambique | «Rita May» (1976)
|
«Mozambique» er ein song skriven av Bob Dylan og Jacques Levy og gjeven ut i 1976 på albumet Desire. Han vart òg gjeven ut på singel og nådde 54. plassen på Billboard Hot 100.
Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]
Då songen kom ut hadde landet Mosambikk nettopp kome ut av ein ti år lang krig mot Portugal som førte til at Mosambikk fekk sjølvstende.[1][2] Mosambikk vart sjølvstendig den 25. juni 1975, berre ein månad før songen vart spelt inn.[3] Som følgje av dette såg somme støttespelarar songen som støtte til det nye landet.[1] Teksten i songen støttar derimot ikkje ei slik tolking, og omtalar berre landet som ein stad for ein romantisk ferie i sola, utanom ein liten referanse til «folket som lever fritt».[1] Dette mora fansen til Dylan som forstod satiren.[2]
Eit konsertopptak av songen vart sendt på fjernsynsutgåva av Hard Rain, men kom ikkje med på albumet.[1]
Kjelder[endre | endre wikiteksten]
- Denne artikkelen bygger på «Mozambique (song)» frå Wikipedia på engelsk, den 29. november 2018.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ 1,0 1,1 1,2 1,3 Trager, O. (2004). Keys to the Rain. Billboard Books. s. 436. ISBN 0823079740.
- ↑ 2,0 2,1 Heylin, C. (2010). Still on the Road. Chicago Review Press. s. 83. ISBN 9781556528446.
- ↑ «Independence Day». officeholidays.com. Henta 29. november 2018.