No Plan av David Bowie

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
No Plan
EP av David Bowie
Utgjeve 8. januar 2017
Innspelt January–May 2015
Sjanger kunstrock
Lengd 17:59
Selskap
Produsent
David Bowie-kronologi 
Legacy
(2016)
No Plan Live Nassau Coliseum '76
(2017)
EP-ar av David Bowie-kronologi
Live EP (Live at Fashion Rocks)
(2005)
No Plan Is It Any Wonder?
(2020)
Singlar frå No Plan
  1. «No Plan»
    Utgjeve: 7. januar 2017

No Plan er ein EP som består av songar skrivne og spelte inn av den engelske musikaren David Bowie, gjeve ut posthumt den 8. januar 2017.[1] Utgjevinga kom same dagen som ville ha vore 70-årsdagen til Bowie, nesten eitt år etter Bowie døydde. No Plan består av originale songar skrivne for Off-Broadway-musikalen Lazarus av Bowie, og inkluderte tittelsporet «Lazarus», «No Plan», «Killing a Little Time» og «When I Met You». Songane vart spelte inn av besetninga til musikalen og først gjeven ut på det offisielle albumet.[2] Innspelingane på No Plan kom frå innspelinga til Bowie for det 25. studioalbumet hans, Blackstar, der «Lazarus» kom ut som det tredje sporet på albumet. Då No Plan kom ut debuterte det på 138. plassen på Billboard 200, og selde meir enn 5 000 eksemplar den første veka der.[3] Musikkvideoen for tittelsporet kom ut samstundes med EP-en. Han var regissert av Tom Hingston.[1]

Mottaking[endre | endre wikiteksten]

Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
AllMusic3/5 stars[2]
Exclaim!7/10[4]
The Independent4/5 stars[5]

EP-en fekk positive meldingar frå kritikarane. Exclaim!-kritkaren Calum Slingerland skreiv: «Ein skulle håpa planen for Bowie framover ville vera at han skulle unngå å falla i kategorien 'rockeikon med utalde posthume utgjevingar', men heldigvis for lyttarane held musikken på No Plan seg.»[4] The Independent-skribenten Andy Gill sa: «Stemninga og den musikalske modusen på Blackstar held fram på desse spora, der tilbakegangen til Thomas Jerome Newton på frykteleg vis gjenspeglar Bowie sin.»[5]

AllMusic-kritkaren Stephen Thomas Erlewine meinte spora på EP-en «gjev eit bittersøtt coda til comebacket til Bowie på 2000-talet», sjølv om «desse songane ikkje kjennest som ei overrasking».[2] Alfred Soto i Spin skreiv: «Med to diskrete, men tilknytte musikalske eventyr som og No Plan, forstod dei overlevande at sjølv det indirekte smakar betre med ein drope av det openberre.»[6]

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Alle songar er skrivne av David Bowie.

Nr.TittelLengd
1.«Lazarus»6:24
2.«No Plan»3:40
3.«Killing a Little Time»3:46
4.«When I Met You»4:09
Total lengd:17:59

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Personell frå plateomslaget til No Plan.

Musikarar
Produksjon
Design
  • Barnbrook – design
  • DSS – stjernebilete på framsida
  • Jimmy King – biletet av Bowie

Salslister[endre | endre wikiteksten]

Liste (2017) Plassering
Mexico Ingles Airplay (Billboard)[7] 24
Portugisiske album (AFP)[8] 28
UK Official Charts Singles 92[9]
US Billboard 200[10] 131
US Top Alternative Albums (Billboard)[11] 7
US Top Rock Albums (Billboard)[12] 10
Årsliste (2017) Plassering
UK Official Chart Singles (Vinyl) 1[13]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 Trendell, Andrew (29. september 2021). «New David Bowie ‘No Plan’ EP and video released to mark his birthday». NME. Henta 29. september 2021. 
  2. 2,0 2,1 2,2 Erlewine, Stephen Thomas. «No Plan – David Bowie : Songs, Reviews, Credits». AllMusic. Henta 29. september 2021. 
  3. «Billboard 200 Chart Moves: 'No Plan' Marks David Bowie's 45th Charting Album». Billboard. Henta 29. september 2021. 
  4. 4,0 4,1 Slingerland, Calum (29. september 2021). «David Bowie – No Plan». Exclaim!. Henta 29. september 2021. 
  5. 5,0 5,1 Gill, Andy (11. januar 2017). «Platemeldingar: The Flaming Lips – Oczy Mlody, David Bowie – No Plan, Sohn – Rennen, and more». The Independent. Henta 29. september 2021. 
  6. Soto, Alfred (23. februar 2017). «Review: David Bowie's No Plan Is a Fond, Final Glimpse at a Departed Master». Spin. Henta 29. september 2021. 
  7. «David Bowie – Chart history». Billboard Mexico Ingles Airplay for David Bowie. Henta 25. februar 2017. 
  8. "David Bowie – No Plan". Portuguesecharts.com. Hung Medien.
  9. «no plan | full Official Chart History | Official Charts Company». Henta 22. januar 2018. 
  10. "David Bowie Album & Song Chart History" Billboard 200 for David Bowie. Prometheus Global Media.
  11. "David Bowie Album & Song Chart History" Billboard Top Alternative Albums for David Bowie. Prometheus Global Media.
  12. "David Bowie Album & Song Chart History" Billboard Top Rock Albums for David Bowie. Prometheus Global Media.
  13. «The UK's biggest selling vinyl albums and singles of 2017» (på engelsk). Henta 22. januar 2018. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]