David Bowie av David Bowie

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
David Bowie
Studioalbum av David Bowie
Utgjeve 1. juni 1967
Innspelt Decca Studios i London
11. november 1966 -
25. februar 1967
Sjanger Pop, varieté, folkrock
Lengd 37:07
Selskap Deram Records
Produsent Mike Vernon
Kritikk
David Bowie-kronologi
David Bowie Space Oddity
(1969)

David Bowie er debutalbumet til den britiske musikkartisten David Bowie, gjeve ut i 1967 av Deram Records, som var ein del av Decca Records. Innhaldet på plata var ganske så annleis musikksjangrane Bowie seinare vart kjend for, slik som folkrockSpace Oddity eller glamrockThe Rise and Fall of Ziggy Stardust and the Spiders From Mars. NME-kritikarane Roy Carr og Charles Shaar Murray har sagt at «ein som høyrer på debutalbumet, som er vand med musikken hans frå 70-talet, vil truleg meine at det anten er sjokkerande eller rett og slett gammaldags».[2]

Påverknad[endre | endre wikiteksten]

Bowie var på denne tida påverka av mellom anna dei teatralske tonane til Anthony Newley, av varietémusikk av artistar som Tommy Steele, og meir underleg britisk musikk av artistar som Ray Davies og The Kinks, barnerima til Syd Barrett frå den tidlege utgåva av Pink Floyd, og enkelte songar av The Beatles som «Being for the Benefit of Mr. Kite!».[3] Ynskje til Bowie sin dåverande manager, Ken Pitt, var at Bowie skulle verte ein «all-round artist» i staden for ei «rockestjerne». Pitt påverka òg musikkstilen hans på denne tida, og dei unngjekk stort sett totalt rock ’n’ roll-stilen.[4]

Musikkstil og tema[endre | endre wikiteksten]

«Rubber Band» var marsjmusikk med tuba som hovudinstrument. «Little Bombardier» og «Maid of Bond Street» var valsar, og innehaldt mykje blåseinstrument og strykarar. «Love You Till Tuesday» og «Come and Buy My Toys» var ein av få songar som hadde ein akustisk gitar som hovudinstrument. «Join the Gang» var eit sjeldant tilfelle der han utforska den samtidige ungdomskulturen, eit bittert syn på gruppepress og narkotikamisbruk, med sitar som eit av instrumenta. Den siste songen «Please Mr. Gravedigger», er «ein makaber duett for vokal og lydeffektar»,[2] og har vorte skildra som ein av «eit av dei verkeleg skrullete augneblikka i popmusikken».[3]

Sjølv om albumet stiller seg på sida av musikken Bowie seinare skulle gje ut, har enkelte kritikarar oppdaga enkelte tema som viste fram mot seinare songar og album.[2][3] «We Are Hungry Men» vert fortalt av Bowie som ein «messias-liknande» person, som seinare dukkar opp igjen i songar som «Cygnet Committee» (frå Space Oddity), «Saviour Machine» (frå The Man Who Sold the World) og «Oh! You Pretty Things» (frå Hunky Dory), i tillegg til hovudpersonen på The Rise and Fall of Ziggy Stardust and the Spiders from Mars. Songen referer òg til tema som abort, barnemord og kannibalisme. «There is a Happy Land» var første gong Bowie såg på born som ein eigen rase i forhold til vaksne, eit tema som dukka opp att på The Man Who Sold the World, Hunky Dory og Ziggy Stardust. «She's Got Medals» var ei soge med homofile og lesbiske tydingar som kom før «kjoleomslaget» på The Man Who Sold the World og den biseksuelle/androgyne karakteren til Ziggy Stardust.

Utgjeving[endre | endre wikiteksten]

Albumet vart gjeve ut i Storbritannia i både mono- og stereoutgåve 1. juni 1967, same datoen som The Beatles gav ut Sgt. Pepper’s Lonely Hearts Club Band. To singlar vart gjeve ut før albumet med dei same musikarane som spelte på albumet, «Rubber Band» med «The London Boys» som b-side (desember 1966) og «The Laughing Gnome» med «The Gospel According to Tony Day» som b-side (april 1967). «The London Boys» har vorte kalla Bowie sitt første meisterverk,[2][5], ein melankolsk observasjon av Mod-rørsla i London på den tida. «The Laughing Gnome» var nærast for ei barneplate å rekne med «smurfeliknande» vokal, men denne effekten med varierande tonehøgd var brukt meir seriøst på seinare songar som «After All», «The Bewlay Brothers», «Fame» og «Scream Like a Baby». Ei nyinnspelt utgåve av «Love You Till Tuesday» med b-sida «Did You Ever Have a Dream» vart gjeven ut på singel i juli 1967. Ingen av singlane gjekk inn på listene.

David Bowie vart gjeve ut i USA i august 1967 utan songane «We Are Hungry Men» og «Maid of Bond Street». Alle songane frå albumet og singlane frå denne perioden vart gjevne ut på fleire samlealbum, inkludert The World of David Bowie (1970), Images 1966-1967 (1973), Rock Reflections (1990), og The Deram Anthology 1966-1968 (1997). Fleire av songane vart brukt i Ken Pitt sin salsfremmande film Love You Till Tuesday i 1969, men denne kom ikkje ut før i 1984.

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Alle songar er skrivne av David Bowie. 

Side ein
# Tittel Lengd
1. «Uncle Arthur»   2:07
2. «Sell Me a Coat»   2:58
3. «Rubber Band»   2:17
4. «Love You Till Tuesday»   3:09
5. «There Is a Happy Land»   3:11
6. «We Are Hungry Men»   2:58
7. «When I Live My Dream»   3:22
Side to
# Tittel Lengd
8. «Little Bombardier»   3:24
9. «Silly Boy Blue»   4:36
10. «Come and Buy My Toys»   2:07
11. «Join the Gang»   2:17
12. «She's Got Medals»   2:23
13. «Maid of Bond Street»   1:43
14. «Please Mr. Gravedigger»   2:35

I 2010 vart David Bowie gjeven ut på ny i ei omfattande deluxe-utgåve. Utgåva bestod av to plater. Den første plata inneheld orignalalbumet, medan spor 15 til 28 var heile albumet på nytt i monoutgåve.

Bonussdisk i deluxe-utgåva
# Tittel Lengd
1. «Rubber Band» (singelversjon) 02:04
2. «The London Boys» (mono) 03:22
3. «The Laughing Gnome» (mono) 02:59
4. «The Gospel According to Tony Day» (mono) 02:49
5. «Love You Till Tuesday» (singelversjon) 03:01
6. «Did You Ever Have a Dream»   02:08
7. «When I Live My Dream» (singelversjon) 03:52
8. «Let Me Sleep Beside You» (mono) 03:27
9. «Karma Man»   03:06
10. «London Bye Ta-Ta»   02:38
11. «In the Heat of the Morning»   02:48
12. «The Laughing Gnome» (singelversjon - 2010 stereomiks) 03:00
13. «The Gospel According to Tony Day» (singelversjon - 2010 stereomiks) 02:52
14. «Did You Ever Have a Dream» (singelversjon - 2010 stereomiks) 02:09
15. «Let Me Sleep Beside You» (stereo) 03:22
16. «Karma Man» (stereo) 03:06
17. «In the Heat of the Morning» (stereo) 03:00
18. «When I'm Five» (Love You Till Tuesday-versjonen) 03:08
19. «Ching-a-Ling» (full-length version stereo mix) 02:52
20. «Sell Me a Coat» (remix - mono) 02:58
21. «Love You Till Tuesday» (BBC Top Gear 18. desember 1967) 03:00
22. «When I Live My Dream» (BBC Top Gear 18. desember 1967) 03:35
23. «Little Bombardier» (BBC Top Gear 18. desember 1967) 03:28
24. «Silly Boy Blue» (BBC Top Gear 18. desember 1967) 03:25
25. «In the Heat of the Morning» (BBC Top Gear 18. desember 1967) 04:18

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

  • Musikarar:
    • David Bowie – vokal, gitar, saksofon
    • Derek Boyes – orgel
    • Dek Fearnley – bassgitar
    • John Eager – trommer
    • I tillegg til fleire studiomusikarar som ikkje er oppførte på omslaget

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «David Bowie – Blender». Blender. http://www.blender.com/guide/back-catalogue/53907/david-bowie.html. Henta 26. april 2011. 
  2. 2,0 2,1 2,2 2,3 Roy Carr & Charles Shaar Murray (1981). Bowie: An Illustrated Record: s.21-25
  3. 3,0 3,1 3,2 David Buckley (1999). Strange Fascination - David Bowie: The Definitive Story: pp.35-45
  4. Nicholas Pegg (2000). The Complete David Bowie: p.253
  5. Kris Needs (1983). Bowie: A Celebration: p.15