Lodger

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Lodger
Studioalbum av David Bowie
Utgjeve 18. mai 1979
Innspelt Mountain Studiosi Montreux i Sveits, September 1978
Record Plant Studios i New York City, mars 1979
Sjanger Kunstrock, eksperimentell rock, verdsmusikk
Lengd 35:07
Selskap RCA Records
Produsent David Bowie, Tony Visconti
Kritikk
David Bowie-kronologi
Stage
(1978)
Lodger Scary Monsters (and Super Creeps)
(1980)

Lodger er eit album av den britiske artisten David Bowie frå 1979, og det siste albumet i den såkalla «Berlintriologien». Albumet er spelt inn i lag med Brian Eno, og var musikalsk meir tilgjengeleg enn dei to andre albuma i trilogien, Low og "Heroes". Albumet hadde ingen instrumentalar og var noko lettare og meir poporientert. Det er likevel songar her som er ganske så eksperimentelle, og albumet fekk ikkje noko særleg kommersiell suksess til Bowie og vere. I dag vert det derimot rekna som eit av Bowie sine mest undervurderte album.[1][2]

Produksjon[endre | endre wikiteksten]

Albumet skulle opphavleg få namnet Planned Accidents eller Despite Straight Lines,[2] og vart stort spelt inn under pausar i verdsturneen til Bowie i 1978 med dei same musikarane som spelte på turneen. Adrian Belew, som seinare vart med i King Crimson i lag med Robert Fripp som spelte gitar på det førre albumet til Bowie, spelte sologitar på albumet. Bowie hadde henta han frå turnebandet til Frank Zappa. Mykje av gitararbeidet vart spelt inn utan at Belew på førehand visste kva akkompagnement han skulle spele oppå, eller kva toneart han skulle spele i.[1] Andre eksperiment på plata var å bruke gamle songar og spele dei baklengs, å bruke identiske akkordsekvensar på forskjellige songar, eller å la musikarane spele på instrument dei vanlegvis ikkje spelte på.

Eno følte at trilogien hadde «løypt ut i sanden» på Lodger,[3] og Belew såg òg at forholdet mellom Eno og Bowie var i ferd med å ta slutt: «Dei krangla ikkje eller var usiviliserte på nokon måte. Det verka berre som gnisten eg kan tenke meg dei hadde tidlegare var borte.»[1] Ein tidleg plan var å halde fram det same mønsteret som på dei to førre albuma med ei side med songar og ei side med instrumentalar. Bowie ønskte derimot å ha tekstar på alle songane og peikte fram mot dei meir verdslege temaa på det neste albumet, Scary Monsters (and Super Creeps).[3]

Stil og tema[endre | endre wikiteksten]

Sjølv om albumet ikkje følgjer song-instrumental-mønsteret frå Low og "Heroes", er Lodger tolka til å vere delt inn i to store tema: eit tema om reiser (hovudsakleg side ein) og kritikk av det vestlege samfunnet (hovudsakleg side to).[4][5] Den siste songen på "Heroes", «The Secret Life of Arabia», den ettergjorte eksotiske kjensla på reisesongane på Lodger. «African Night Flight» var ein hyllest til musikken og kulsturen i veldt, inspirert av ei reise til Kenya;[6] den musikalske teksturen er sagt å varsle om verdsmusikk som seinare vart populært. Bowie rekna det som ein forløpar for stilen utvikla av Brian Eno og David Byrne for My Life in the Bush of Ghosts (1981).[1][3] «Move On» var tekstmessig Bowie sin hyllest til sin eigen vandringslyst, medan musikken var den tidlegare klassikaren hans «All the Young Dudes» spelt baklengs.[4] «Yassassin» var ein reggae med tyrkisk smak. «Red Sails» var delvis inspirert av ambient motorik-stilen til det tyske bandet Neu!.[5]

Noko av kritikken av albumet var retta mot «Boys Keep Swinging», den første singelen, som delvis vart sett på som ein vittig svar på Village People, men òg kombinert med ein transvestitt-video, ein kommentar om ideen om maskulinitet. Musikalsk er han merkverdig fordi gitarist Carlos Alomar og trommeslagar Dennis Davis spelte respektive trommer og bass, noko dei ikkje var vande med.[4] I følgje Tony Visconti har songen «den eksakt same akkordsekvensen og strukturen, og til og med same toneart» som «Fantastic Voyage», ein song som omhandlar sjansen for atomkring.[7] Den andre singelen «D.J.» var eit spotsk syn på verda sett frå ein DJ. «Repetition» var Bowie si utforsking av mentaliteten til ein kongeplagar, sungen tilsikta i ein prosaisk tone som trekte fram teksten. «Red Money» var ein ny tekst Bowie skreiv til ein song Bowie/Alomar hadde skrive som «Sister Midnight» med tekst av Iggy Pop, på Pop-albumet The Idiot.[2]

Plateomslag[endre | endre wikiteksten]

Bowie samarbeidde med den britiske popkunstnaren Derek Boshier på plateomslaget. På biletet kan ein sjå Bowie som eit tilsynelatande offer for ei ulukke med knekt nase.

Utgjeving og etterverknad[endre | endre wikiteksten]

Albumet fekk forholdsvis dårlege meldingar då det kom ut, Rolling Stone kalla det «eit av hans svakaste ... spreidd, ein fotnote til "Heroes"»,[8] og Melody Maker meinte det var «noko utan personlegdom».[2] Det vart òg kritisert for å ha ein tynnare og meir uklår miks enn dei førre albuma til Bowie.[2] Lodger nådde 4. plassen i Storbritannia i 20. plass i USA, på ei tid då Bowie konkurrerte med sin eigne tilhengjarar innan New Wave, som Gary Numan.[1] I Noreg nådde albumet 11. plass.

Kort tid etter utgjevinga skreiv NME-redaktørane Roy Carr og Charles Shaar Murray at Lodger «etter kvart vil verte akseptert som eit av dei mest komplekse og gjevande albuma til Bowie».[4] Biografen Christopher Sandford kallar det eit «glatt, kalkulert eingangsalbum»,[6] skriv David Buckley at «albumet veks for kvart år som går»,[1] og Nicholas Pegg oppsummerer det som «undervurdert og obskurt frå augneblinken det kom ut. Ei revaluering av kritikarane er på høg tid.»[2]

Innhald[endre | endre wikiteksten]

All tekst skriven av David Bowie, all musikk komponert av Bowie og Brian Eno, bortsett frå der andre er nemnde.

Side ein
# Tittel Låtskrivar(ar) Lengd
1. «Fantastic Voyage»     2:55
2. «African Night Flight»     2:54
3. «Move On»   Bowie 3:16
4. «Yassassin»   Bowie 4:10
5. «Red Sails»     3:43
Side to
# Tittel Låtskrivar(ar) Lengd
6. «D.J.»   Bowie, Eno, Carlos Alomar 3:59
7. «Look Back in Anger»     3:08
8. «Boys Keep Swinging»     3:17
9. «Repetition»   Bowie 2:59
10. «Red Money»   Bowie, Alomar 4:17

Nye utgåver[endre | endre wikiteksten]

Albumet har vore gjeve ut på CD to gonger. Den første gong i 1991 av Rykodisc (med to bonusspor) og den andre i 1999 av EMI (med nymastra digital lyd og ingen bonusspor). Nyinnspelinga av «Look Back in Anger» med Reeves Gabrels på gitar var lydmessig meir likt det første Tin Machine -albumet enn Lodger.

Bonusspor 1991[endre | endre wikiteksten]

  1. «I Pray, Olé» (tidlegare ikkje gjeve ut, spelt inn i 1979)) – 3:59
  2. «Look Back in Anger» (ny versjon frå 1988) – 6:59

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 1,4 1,5 David Buckley (1999). Strange Fascination – David Bowie: The Definitive Story: pp.335–356
  2. 2,0 2,1 2,2 2,3 2,4 2,5 Nicholas Pegg (2000). The Complete David Bowie: pp.310–312
  3. 3,0 3,1 3,2 Ian Gittens (2007). "Art Decade", MOJO 60 Years of Bowie: s.70–73
  4. 4,0 4,1 4,2 4,3 Roy Carr & Charles Shaar Murray (1981). Bowie: An Illustrated Record: s.102–107
  5. 5,0 5,1 Nicholas Pegg (2000). Op Cit: s.172–173
  6. 6,0 6,1 Christopher Sandford (1996, 1997). Loving the Alien: s.177–191
  7. Nicholas Pegg (2000). Op Cit: s.74
  8. Rolling Stone review