Baal av David Bowie

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Baal
EP av David Bowie
Utgjeve 13. februar 1982
Innspelt Hansa By The Wall i Berlin, september 1981
Lengd 11:14
Selskap RCA
Produsent Tony Visconti, David Bowie
Kritikk
David Bowie-kronologi
Wild Is the Wind
(1981)
Baal Cat People (Putting Out Fire)
(1982)

Baal er ein EP av David Bowie som består av songar skriven for Bertolt Brecht-skodespelet Baal. Det vert stundom kalla David Bowie in Bertolt Brecht’s Baal, som det står på omslaget.

I august 1981 hadde Bowie byrja å øve for ei framferd i BBC-versjonen av Baal. Tekstane til songane vart alle omsette av Ralph Manheim og John Willett. Dominic Muldowney arrangerte musikken, bortsett frå «The Drowned Girl», som var eit arrangement Kurt Weill opphavleg hadde gjort for Das Berliner Rekviem. I september 1981 reiste Bowie og Tony Visconti til Hansa studios i Berlin for å spele inn fem av songane Baal framførte i skodespelet.

«Baal’s Hymn» er ein kombinasjon av vignettane som er spreidd utover i skodespelet, og etablerer den amoralske karakteren til Baal. «Remembering Marie A» omhandlar minna til Baal om ein dame frå fortida, der kan hugse skyene som driv på himmelen, men ikkje andletet på han var med. «Ballad of the Adventurers» er den aggressive sørgjesongen til Baal etter mora dødyde. «The Drowned Girl» omhandlar sjølvmordet til ein av erobringane til Baal. Det vart laga ein musikkvideo til denne songen av David Mallet samstundes som dei laga video for «Wild is the Wind». «The Dirty Song» er eit kort nummer, der Baal audmjukar kjærasten Sophie.

Framføringa av Baal vart sendt den 2. februar 1982 og RCA gav ut EPen samstundes med dette. Både skodespelet og EPen fekk god kritikk, og EPen nådde 29. plass på den britiske lista, noko som var respektabelt med tanke på dei uvanlege songane. I tillegg til ein 7" vart EPen gjeven ut som ein 12" som vart spelt ein del på klubbar og på radio.

EPen markerte den siste nye utgjevinga til Bowie for RCA Records. Den neste utgjevinga til Bowie kom ut på EMI.

«The Drowned Girl» vart gjeven ut på den triple samlinga The Platinum Collection i 2005, og i 2007 igjen på The Best of 1980/1987. «The Drowned Girl» og «Baal's Hymn» finst begge i Sound and Vision-boksen. EPen vart gjeven ut digitalt i 2007.[1]

Innhald[endre | endre wikiteksten]

# Tittel Låtskrivar(ar) Lengd
1. «Baal’s Hymn»   Brecht/Muldowney 4:02
2. «Remembering Marie A»   Trad. arr. Brecht/Muldowney 2:07
3. «Ballad of the Adventurers»   Brecht/Muldowney 2:01
4. «The Drowned Girl»   Brecht/Weill 2:26
5. «The Dirty Song»   Brecht/Muldowney 0:38

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Andre instrument er spelt av ukjende studiomusikarar.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. [1]