Tin Machine II

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Tin Machine II
Studioalbum av Tin Machine
Utgjeve 2. september 1991
Innspelt Sydney oktober-desember 1989; Los Angeles, mars 1991
Sjanger Rock, hardrock
Lengd 49:07
Selskap Victory Music
Produsent Tin Machine og Tim Palmer, Hugh Padgham
Kritikk

Allmusic 3/5 starsStar full.svgStar full.svgStar empty.svgStar empty.svg [1]

Tin Machine-kronologi
Tin Machine
(1989)
Tin Machine II Tin Machine Live: Oy Vey, Baby
(1992)
David Bowie-kronologi
Changesbowie
(1990)
Tin Machine II Tin Machine Live: Oy Vey, Baby
(1992)

Tin Machine II er eit album av Tin Machine, opphavleg gjeven ut på Victory Music i 1991.

Etter ein turne i 1989, drog bandet til Australia og spelte inn fleire songar der, før dei tok ein pause medan David Bowie la ut på Sound+Vision-turneen og filma The Linguini Incident. Gruppa drog frå EMI, som nekta å marknadsføre eit nytt Tin Machine. For Bowie sin del var han lei at selskapet prøvde å tvinge han til å lage eit nytt kommersielt album som Let's Dance.

Gruppa signerte for Victory Music og spelte inn ytterlegare tre songar i Los Angeles, med Hugh Padgham som produsent på songen «One Shot». Albumet kom ut i september 1991. Hunt Sales song solovokal på to songar: «Stateside» og «Sorry».

Songen «Betty Wrong» vart nytta i filmen The Crossing (1990).

Utgjeving[endre | endre wikiteksten]

Albumet vart ikkje ein like stor suksess som debutalbumet Tin Machine og Tin Machine II nådde 23. plass i Storbritannia og 126. plass i USA. Det fekk generelt dårleg kritikk.

For den amerikanske utgjevinga av albumet vart coveret airbrusha for å fjerna kjønnsorgana til statuane på omslaget.

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Alle songar er skrivne av David Bowie og Reeves Gabrels, bortsett frå der andre er nemnde. 

# Tittel Låtskrivar(ar) Lengd
1. «Baby Universal»     3:18
2. «One Shot»     5:11
3. «You Belong in Rock n' Roll»     4:07
4. «If There Is Something»   Bryan Ferry 4:45
5. «Amlapura»     3:46
6. «Betty Wrong»     3:48
7. «You Can't Talk»     3:09
8. «Stateside»   Bowie, Hunt Sales 5:38
9. «Shopping for Girls»     3:44
10. «A Big Hurt»   Bowie 3:40
11. «Sorry»   H. Sales 3:29
12. «Goodbye Mr. Ed»   Bowie, H. Sales, Tony Sales 3:24
13. «Hammerhead» (gøymd spor) Bowie, H. Sales 0:57

«Hammerhead» er ein kort instrumental som ikkje er ført opp på omslaget. Ein lenger vokal versjon vart nytta som B-side til singelen «You Belong in Rock 'n' Roll».

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Lister[endre | endre wikiteksten]

År Liste Plassering
1991 Noreg 14

Kjelder[endre | endre wikiteksten]