The Man Who Sold the World

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
The Man Who Sold the World
Studioalbum av David Bowie
Utgjeve 4. november 1970 (US)
April 1971 (UK)
Innspelt Trident og Advision Studios, London
18. april – 22. mai 1970
Sjanger Folkrock, hardrock, heavy metal
Lengd 40:37
Selskap Mercury, RCA (1972)
Produsent Tony Visconti
Kritikk
David Bowie-kronologi
Space Oddity
(1969)
The Man Who Sold the World Hunky Dory
(1971)

The Man Who Sold the World er det tredje studioalbumet til den britiske artisten David Bowie. Det kom ut på Mercury Records i november 1970 i USA og i april 1971 i Storbritannia. Dette var det første Bowie-albumet som innehaldt kjernen i det som kom til å bli bandet Spiders from Mars, på den vidkjende plata The Rise and Fall of Ziggy Stardust and the Spiders from Mars i 1972. Sjølv om enkelte meiner at karrieren til Bowie starta for fullt med plata Space Oddity i 1969,[1] hevda andre at det var med The Man Who Sold the World det verkeleg starta for Bowie.[2] Det har vorte hevda at albumet markerte starten på glamrock.[3]

Produksjon og stil[endre | endre wikiteksten]

Albumet vart skriven og innøvd heime hos Bowie i Haddon Hall i Beckenham.[4] Sidan Bowie var mykje oppteken med den nye kona si Angie på denne tida, vart musikken hovudsakleg arrangert av gitarist Mick Ronson og bassist/produsent Tony Visconti.[5] Trass i at han hissa seg opp på at Bowie var for lite fokusert på innspelinga, meinte Visconti sidan at The Man Who Sold the World var det beste albumet hans med Bowie fram til Scary Monsters (and Super Creeps) i 1980.[6]

Mykje av albumet har ein heavy metal-stil som skil seg kraftig ut frå dei tidlegare albuma til Bowie, og vert i staden samanlikna med samtidige rockeband som Led Zeppelin og Black Sabbath.[2]. Bowie sette derimot sitt eige preg på denne hardrock-musikken, mellom anna tittelsporet der han blanda inn latinske rytmar.[6] Den tunge musikken på albumet passa temaa på songane, som inkluderte galskap («All the Madmen»), born med emne utover det foreldra forstår («After All»), massemord («Running Gun Blues»), allvitande datamaskinar («Saviour Machine») og H. P. Lovecraft-aktige gudar («The Supermen»).[2] Fleire av songane på albumet skal òg vere påverka av personar som Aleister Crowley, Franz Kafka og Friedrich Nietzsche.[6]

Plateomslag[endre | endre wikiteksten]

Den opphavleg amerikanske utgåva av The Man Who Sold the World nytta ein teikneserieaktig teikning teikna av venen til Bowie, Michael J. Weller, med ein cowboy føre eit mentalsjukehus.[7]. Det første britiske omslaget, der ein ser Bowie liggande i det han kalla ein «manne-kjole», var ein tidleg indikasjon på den interessa hans i å utnytte det androgyne utsjånaden hans.[5] Kjolen var designa av den britiske motedesigneren Michael Fish, og Bowie nytta han òg i februar 1971 under den første turneen hans i USA, der han gjekk med kjolen under intervju trass i at amerikanarane ikkje visste om det britiske plateomslaget[8] Det vert sagt at blandinga av «bleika, blonde lokkar, fallande nedover skuldrene», var inspirert av eit måleri av Dante Gabriel Rossetti.[9] Den tyske utgåva frå 1971 hadde ein hybridskapning med vengjer med hovudet til Bowie og ei hand som kropp, klar til å knipse bort jorda. Utgåva som kom ut i resten av verda i 1972 på RCA Records nytta eit svartkvittbilete av Ziggy Stardust på omslaget. Slik vart det verande fram til 1990, då Rykodisc gav ut albumet med det originale britiske «kjole-omslaget». Dette omslaget vart òg nytta på den nymastra utgåva i 1999 på EMI.

Singlar[endre | endre wikiteksten]

Ingen av songane vart på den tida gjeve ut på singlar, men «All the Madmen» vart gjeve ut i USA i 1971 for å promotere albumet, og den same songen vart gjeve ut på singel i Aust-Europa i 1973, i tillegg til «The Width of a Circle». «Black Country Rock» vart gjeven ut som b-sida til «Holy Holy» i Storbritannia i januar 1971, kort tid før albumet kom ut her. Tittelsporet vart seinare ein hit for popsongerinna Lulu (produsert av Bowie og Ronson), og vart seinare spelt av mange andre band. Kanskje mest kjend av desse versjonane er Nirvana sin akustiske versjon frå 1993.

Utgjeving[endre | endre wikiteksten]

The Man Who Sold the World gjorde det generelt noko betre i USA enn i Storbritannia i 1970-1971.[2] Rolling Stone kalla det «einskapleg glimrande», medan Melody Maker og NME meinte det var «overraskande bra» og «heller hysterisk».[5] Det selde ikkje godt nok til å prege listene i noko land då det kom ut, men nådde 26. plass i Storbritannia og 105. plass i USA då det kom ut på ny 25. november 1972 etter gjennombrotet til Bowie med The Rise and Fall of Ziggy Stardust and the Spiders from Mars. Albumet vert sagt å ha påverka goth rock, darkwave og science fiction-elementa i musikken til artistar som Siouxsie and the Banshees, The Cure, Gary Numan, John Foxx og Nine Inch Nails.[6] I dagboka si, rangerte Kurt Cobain frå Nirvana albumet 45. plass på lista si over dei 50 favorittalbuma hans.[10] I 1993 spelte bandet hans inn tittelsporetMTV Unplugged in New York. Det har vorte hevda at glamrock starta då albumet kom ut, men denne æra vert oftare gjeven til Marc Bolan då han spelte på det britiske fjernsynsprogrammet Top of the Pops i desember 1970 ikledd glitter,[11] og framførte det som vart den første britiske hitten hans under namnet T. Rex, «Ride a White Swan», som nådde 2. plass på lista.[12]

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Side ein
# Tittel Lengd
1. «The Width of a Circle»   8:05
2. «All the Madmen»   5:38
3. «Black Country Rock»   3:32
4. «After All»   3:31
Side to
# Tittel Lengd
5. «Running Gun Blues»   3:11
6. «Saviour Machine»   4:25
7. «She Shook Me Cold»   4:13
8. «The Man Who Sold the World»   3:55
9. «The Supermen»   3:38

Andre utgåver[endre | endre wikiteksten]

I 1990 vart albumet gjeve ut på CD for første gong, og hadde då med fire bonusspor. I 1999 kom albumet nok ein gong, utan bonusspor, men med nymastra digitallyd.

Bonusspor[endre | endre wikiteksten]

  1. «Lightning Frightening» (Tidlegare ikkje gjeven ut) – 3:38
  2. «Holy Holy» (nyinnspeling frå 1972 av singelen frå 1970) – 2:20
  3. «Moonage Daydream» (Arnold Corns-utgåve frå 1971) – 3:52
  4. «Hang on to Yourself» (Arnold Corns-utgåve frå 1971) – 2:51

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. David Buckley (1999). Strange Fascination - David Bowie: The Definitive Story: s.78
  2. 2,0 2,1 2,2 2,3 Roy Carr & Charles Shaar Murray (1981). Bowie: An Illustrated Record: a.37
  3. Bourgoin, Suzanne M.; Byers, Paula K. (eds.) (1998), Encyclopedia of World biography 18 Supplement: A-Z (2nd utg.), Detroit, London: Gale, s. 59, ISBN 0787629456 .
  4. Martin Aston (2007). "Scary Monster", MOJO 60 Years of Bowie: s. 24.
  5. 5,0 5,1 5,2 Nicholas Pegg (2000). The Complete David Bowie: s. 260–265.
  6. 6,0 6,1 6,2 6,3 David Buckley (1999). op. cit. s. 99–105.
  7. THE CULT OF CANE HILL. Urbex | UK. Henta 1. mai 2011.
  8. Poulsen, Jan (2007) [2006]. David Bowie – Station til station (2nd ed.). Gyldendal. ss. 63–64. ISBN 978-87-02-06313-4. 
  9. Jones, Mablen (1987), Getting It On: The Clothing of Rock 'n' Roll, New York: Abbeville, s. 197, ISBN 0896596869 .
  10. Kurt's Journals – His Top 50 Albums. www.nirvanaclub.com. Henta 1. mai 2011.
  11. Bourgoin, Suzanne M.; Byers, Paula K. (eds.), ibid. ; Auslander, Philip (2006), Performing Glam Rock: Gender and Theatricality in Popular Music, Ann Arbor, MI: University of Michigan, s. 196, ISBN 0472068687 .
  12. British Hit Singles & Albums, Guinness World Records