Reality av David Bowie

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Reality
Studioalbum av David Bowie
Språk engelsk
Utgjeve 15. september 2003
Innspelt Januar til mai 2003
Studio Heimestudio til David Bowie, SoHo
Looking Glass, NoHo
Heimestudioet til Mike Garson, Bell Canyon
Sjanger Rock[1]
Lengd 49:25
Selskap
Produsent
Studioalbum av David Bowie-kronologi 
Best of Bowie
(2002)
Reality Club Bowie
(2003)
-kronologi
Heathen
(2002)
Reality The Next Day
(2013)
Singlar frå Reality
  1. «New Killer Star»
    Utgjeve: 29. september 2003
  2. «Never Get Old»
    Utgjeve: 25. februar 2004

Reality er det 23. studioalbumet til den engelske musikaren David Bowie. Det kom ut 15. september 2003 på ISO Records og Columbia Records. Det vart produsert av Bowie og den mangeårige samarbeidspartnaren Tony Visconti, og spelt inn mellom januar og mai 2003 i heimestudioet til Bowie, Looking Glass Studios i New York City og heimstudioet til Mike Garson i California. Det var eit rockealbum og hovudsakleg skriven etter at det førre albumet Heathen var ferdig. Det inneheld coverversjonar av The Modern Lovers-songen «Pablo Picasso» og George Harrison sin «Try Some, Buy Some». Albumet fekk positive meldingar då det kom ut. Han marknadsførte albumet med Reality-turneen i 2003 og 2004, som vart den siste konsertturneen hans. Det var det siste albumet hans med originale songar på ti år, før The Next Day i 2013.

Innspeling og produksjon[endre | endre wikiteksten]

Bowie byrja å skrive songar for Reality så snart produksjonen av det førre albumet hans, Heathen, var i boks. Somme av songane skreiv han raskt: «Fall Dog Bombs the Moon» vart skriven på tretti minutt. Andre songar, som «Bring Me the Disco King», var ein song Bowie hadde prøvd seg på så tidleg som i 1970-åra og igjen i 1993 på Black Tie White Noise[2] og på Earthling i 1997.[3][4] Albumet vart spelt inn og produsert i Looking Glass Studios i New York City og produsert av Bowie og Tony Visconti. Bowie skreiv fire eller fem spor i heimestudioet sitt før han kom til Looking Glass. Bowie og Visconti tok desse spora og forma dei til sju songar, ør dei la til ekstra lydspor som rytmegitar og klaverinstrument. I følgje Visconti var dei forsiktige i denne delen av prosessen og spelte inn ting skikkeleg, og sa «me gjer nesten ingenting opp att. Eg speler nesten alltid alt veldig nøye første gongen, fordi eg veit at me då ikkje treng å gjere det opp att, så mange av demopartane enda opp den endelege versjonen.»[4] Dei tok så «ein kort pause» medan Bowie skreiv nokre songar til, og så byrja dei prosessen med å leggje til nye lydspor til det nye materialet.[4]

Albumet bestod hovudsakleg av originale songar, men inkluderte òg to songar skrivne av andre, The Modern Lovers sin «Pablo Picasso» og George Harrison sin «Try Some, Buy Some». Desse to spora var opphavleg meint for eit album Bowie aldri spelte inn, Pin Ups 2, ein planlagd oppfølgjar til Pin Ups frå 1973.[4] Kort tid ør albumet kom ut snakka han med Rolling Stone og sa om innspelinga av «Try Some, Buy Some»: «Me var ganske nær det originale arrangementet, men den totale kjensla var litt annleis. Det er eit tettare stykke.»[5]

Bowie og Visconti produserte både stereo- og 5.1-miksen i studio då albumet vart spelt inn. Visconti sa om 5.1-miksen «Min måte å gjere 5.1 på er å vere involvert, å ha instrumenta pakka rundt seg i staden for framom deg. I staden for å setje deg i publikumssetet, set eg det faktisk midt i bandet, og det er deg gjorde med Reality. I tillegg har slap-back på vokalen i dei bakre høgtalarane for å skape rom.»[4]

Bowie spelte som vanleg inn vokalen for songane på berre eitt eller to forsøk. Visconti sa at Bowie nyleg hadde slutta å røykje og hadde derfor «fått attende noko av det høge registeret. Han hadde mista minst fem halvtonar, og no fekk han det meste attende. Eg meiner, i gamledagar brukte han å syngje 'Life on Mars?' i C. No må han syngje han i G.»[4]

Albumtittel[endre | endre wikiteksten]

Bowie valde 'Reality' som albumtittel fordi «Eg føler at verkelegheita har vorte eit abstrakt for så mange menneske dei siste 20 åra. Ting som dei såg på som sanningar, ser ut til å ha smelta bort, og det er nesten som om vi tenker postfilosofisk no. Det er ikkje noko å stola på lengre. Ingen kunnskap, berre tolking av dei fakta som vi ser ut til å bli fløymd over med dagleg. Kunnskap ser ut til å ha vorte etterlate, og det er ei kjensle av at vi er på sjøen. Det er ikkje noko meir å halda på, og sjølvsagt pressar politiske omstende den båten lenger ut.»[4]

Mottaking[endre | endre wikiteksten]

Meldingar
Samla karakter
KjeldeKarakter
Metacritic74/100[6]
Karakter
KjeldeKarakter
AllMusic3.5/5 stars[7]
Encyclopedia of Popular Music3/5 stars[8]
Entertainment WeeklyC+[9]
The Guardian4/5 stars[10]
Mojo4/5 stars[11]
Pitchfork7.3/10[12]
Rolling Stone3.5/5 stars[13]
The Rolling Stone Album Guide3/5 stars[14]
Uncut4/5 stars[15]
USA Today3/4 stars[16]

Reality fekk mykje god omtale frå kritikarane. Ei melding i BBC kalla albumet «eit skikkeleg album, med ei byrjing, ein midtre del og ein slutt. Det er direkte, varmt, kjenslemessig ærleg, jamt og overflod av behageleg villeiande musikalsk enkelheit gjer at ironien i det sentrale konseptet - at det ikkje er noko slikt som røyndom lenger - ei moglegheit til å filtrere gjennom. Det er òg ganske livleg og overtydande.» Den same meldinga kalla dette og det tidlegare albumet Earthling det «beste albumet hans sidan Scary Monsters[1] Eric Carr i Pitchfork gav albumet positiv omtale og skreiv: «Det Heathen frå fjoråret impliserte, og det Reality verkar å bevise er at Bowie omsider har slutta seg til oss alle i notida, ung i sinnet som alltid, men gammal nok til å ikkje vise det.»[12] Han likte vidare den avslappa kjensla og rekna dei originale songane som langt betre enn coverversjonane. Han kritiserte coverversjonen av «Try Some, Buy Some» og meinte «Pablo Picasso» var ei forbetring, men totalt sett dårlegare enn originalane. Han oppsummerte albumet som «ganske bra» og meinte det sementerte statusen hans som ein moderne artist.[12] Caroline Sullivan i The Guardian gav liknande ros til albumet og kalla det «rørande, intelligent» og at det «fungerer uventa bra». Ho roste vokalen til Bowie og om konseptet om 'røyndom' skreiv ho at «tekstane lar deg gjette.»[10] Anthony DeCurtis i Rolling Stone hylla coverversjonane og meitne at gitararbeidet på «New Killer Star» minna om Bowie sitt arbeid på Lou Reed-albumet Transformer i 1972. Han meinte til slutt at Bowie hadde klart å søkje etter «røyndom», til Bowie si «blanda fælske og underhaldning».[13]

I ei melding for den avggrensa plateboksen David Bowie Box (2007), skildra Thom Jurek Reality som «ei schizofren plate», der coverversjonane av George Harrison sin «Try Some, Buy Some» og Modern Lovers sin «Pablo Picasso» «utpregar dette albumet meir enn noko anna».[17] Stephen Thomas Erlewine i AllMusic likte albumet og roste måten Bowie og Visconti klarte å modernisere den tidlegare 70-tals stilen sin. Han kalla føregangaren «ei blanding frå Hunky Dory til "Heroes", og skreiv at Reality held fram der føregangaren slutta, ei blanding av "Heroes" til Scary Monsters.[7] Han meinte at albumet var meir «kunstnarisk» enn Heathen, men hadde «ei liknande kjensle» og «var like tilfredsstillande». Han konkluderte: «Begge platene er eit bevis på at veteranrockarar kan laga tilfredsstillande klassisistiske plater utan å resultere i nostalgi eller bli for komfortable.»[7]

Utgjeving[endre | endre wikiteksten]

Gjennom marknadsføringsperioden kom albumet ut i ulike format. Standardutgåva var ei enkel plate, etterfølgd av ein CD med ein bonus-CD med tre spor i digipak-format, i tillegg til ei europeisk dobbel-palte med ein bonus-CD med åtte spor. Albumet vart så gjeven ut i fleirkanals hybrid SACD, og så med ein bonus-DVD spelt inn i London.[18]

Konsertar[endre | endre wikiteksten]

For meir om dette emnet, sjå Reality-turneen.

Bowie tok albumet med seg på turné i 2003 og 2004 på det som opphavleg var planlagt å vere ein sju månader lang turné.[4]

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Alle songar er skrivne av David Bowie, utanom der andre er nemnde.

Reality – Standardutgåve
Nr.TittelLengd
1.«New Killer Star»4:40
2.«Pablo Picasso» (Jonathan Richman)4:06
3.«Never Get Old»4:25
4.«The Loneliest Guy»4:11
5.«Looking for Water»3:28
6.«She'll Drive the Big Car»4:35
7.«Days»3:19
8.«Fall Dog Bombs the Moon»4:04
9.«Try Some, Buy Some» (George Harrison)4:24
10.«Reality»4:23
11.«Bring Me the Disco King»7:45
Total lengd:49:25
Reality – Japansk utgåve
Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
12.«Waterloo Sunset»Ray Davies3:28
Total lengd:52:53
Reality – Avgrensa 2CD Digipak-utgåve (plate 2)
Nr.TittelLengd
1.«Fly»4:10
2.«Queen of All the Tarts (Overture)»2:53
3.«Rebel Rebel» (nyinnspeling frå 2002)3:10
Total lengd:10:13
Reality – Europeisk avgrensa 2CD-utgåve (plate 2)
Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
1.«Waterloo Sunset»Davies3:28
2.«Fly» 4:10
3.«Queen of All the Tarts (Overture)» 2:53
4.«Rebel Rebel» (nyinnspeling frå 2002) 3:10
5.«Love Missile F1 Eleven»Martin Degville, Tony James, Neal Whitmore4:15
6.«Rebel Never Gets Old» (Radio mix) 3:27
7.«Rebel Never Gets Old» (7th Heaven edit) 4:19
8.«Rebel Never Gets Old» (7th Heaven mix) 7:23
Avgrensa DVD

DVD-en inneheld ein promokonsert der heile albumet vart framført spor or spor. Det vart spelt inn i Riverside Studios i Hammersmith i London den 8. september 2003. På den kanadiske utgåva var DVD-en korta ned til fem spor.

DualDisc-utgåve

Ei DualDisc-utgåve kom ut først i Boston og Seattle i USA. CD-sida inneheld albumet, medan DVD-sida inneheld albumet i 5.1-kringlyd og bonusmateriale (fotogalleri, tekstar, biografi og diskografi). Av mest interesse var den elles utilgjengelege Reality-filmen med videoar av «Never Get Old», «The Loneliest Guy», «Bring Me the Disco King» og «New Killer Star» regissert av Steven Lippman. Kring eit halvt år seinare kom denne utgåva ut i heile USA og Canada.

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

I følgje biografen Nicholas Pegg.[19]

Andre medverkande

Produksjon

Salslister og salstrofé[endre | endre wikiteksten]

Vekeslister[endre | endre wikiteksten]

2003 weekly chart performance
Liste (2003) Plassering
Australske album (ARIA)[21] 13
Austerrikske album (Ö3 Austria)[22] 3
Belgiske album (Ultratop Flandern)[23] 4
Belgiske album (Ultratop Vallonia)[24] 3
Kanadiske album (Billboard)[25] 9
Danske album (Hitlisten)[26] 1
Nederlandske album (MegaCharts)[27] 14
Europeiske album (Billboard)[28] 1
Finske album (Suomen virallinen lista)[29] 8
Franske album (SNEP)[30] 2
Tyske album (Media Control)[31] 3
Irish Albums (IRMA)[32] 6
Italienske album (FIMI)[33] 4
Den japanske albumlista (Oricon)[34] 47
Newzealandske album (Recorded Music NZ)[35] 14
Norske album (VG-lista)[36] 2
Portugisiske album (AFP)[37] 6
Spanske album (PROMUSICAE)[38] 25
Svenske album (Sverigetopplistan)[39] 5
Sveitsiske album (Schweizer Hitparade)[40] 5
Britiske album (OCC)[41] 3
US Billboard 200[42] 29

Årslister[endre | endre wikiteksten]

2003 year-end chart performance
Liste (2003) Plassering
Belgiske album (Flandern)[43] 91
Belgiske album (Vallonia)[44] 73
Den franske albumlista (SNEP)[45] 95
UK Albums (OCC)[46] 190

Salstrofé og salstal[endre | endre wikiteksten]

Region Salstrofé Salstal
Frankrike (SNEP)[47] Gull 104,400[48]
New Zealand (RMNZ)[49] Gull 7 500^
Storbritannia (BPI)[50] Gull 100 000^
United States 151,000[51]

^salstala er basert på sertifiseringa aleine
xuspesifserte tal er baserte på sertifiseringa aleine

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 Easlea, Daryl (2002). «David Bowie Reality Review». BBC. Arkivert frå originalen 23. mai 2013. Henta 20. september 2021. 
  2. David Wild. «Bowie's Wedding Album». Rolling Stone (21. januar 1993): 14. 
  3. O'Leary 2018, s. 546–554.
  4. 4,0 4,1 4,2 4,3 4,4 4,5 4,6 4,7 Buskin, Richard. «David Bowie & Tony Visconti Recording Reality». Sound on Sound. Arkivert frå originalen 15. september 2021. Henta 21. september 2021. 
  5. Peisner, David (15. juli 2003). «Bowie Back With 'Reality': September set features Modern Lovers, Ronnie Spector covers». Rolling Stone. Arkivert frå originalen 20. september 2021. Henta 21. september 2021. 
  6. Reality (Review), metacritic, arkivert frå originalen 21. september 2021, henta 21. september 2021 
  7. 7,0 7,1 7,2 Erlewine, Stephen Thomas. «Reality – David Bowie». AllMusic. Arkivert frå originalen 17. juni 2012. Henta 20. september 2021. 
  8. Larkin, Colin (2011). The Encyclopedia of Popular Music (5th utg.). Omnibus Press. 
  9. «Reality». Entertainment Weekly: 85. 19. september 2003. 
  10. 10,0 10,1 Sullivan, Caroline (12. september 2003). «David Bowie, Reality». The Guardian. Arkivert frå originalen 2. oktober 2013. Henta 20. september 2021. 
  11. Mojo Oct 2003, p.104
  12. 12,0 12,1 12,2 Carr, Eric (16. september 2003). «David Bowie: Reality Album Review». Pitchfork. Arkivert frå originalen 1. desember 2011. Henta 20. september 2021. 
  13. 13,0 13,1 DeCurtis, Anthony (10. september 2003). «David Bowie: Reality». Rolling Stone. Arkivert frå originalen 20. september 2021. Henta 20. september 2021. 
  14. The New Rolling Stone Album Guide. Simon & Schuster. 2004. s. 97–98. 
  15. Uncut Oct 2003, p.112
  16. Edna Gundersen (15. september 2003). «Listen Up (David Bowie: Reality. USA Today. Arkivert frå originalen 25. oktober 2012. Henta 31. desember 2012. 
  17. Jurek, Thom. «David Bowie Box – David Bowie». AllMusic. Arkivert frå originalen 3. februar 2014. Henta 21. september 2021. 
  18. Ivan Claudio (24. september 2003). «Jovialidade sem botox» (på portugisisk). Arkivert frå originalen 24. juli 2011. Henta 21. september 2021. 
  19. Pegg 2016, s. 450.
  20. «Mario J. McNulty». Joe D’Ambrosio Management. Arkivert frå originalen 1. mai 2013. Henta 4. mars 2013. 
  21. "David Bowie – Reality". Australiancharts.com. Hung Medien.
  22. "David Bowie - Reality" (På tysk). Austriancharts.at. Hung Medien.
  23. "David Bowie – Reality" (På nederlandsk). Ultratop.be. Hung Medien.
  24. "David Bowie – Reality" (På fransk). Ultratop.be. Hung Medien.
  25. "David Bowie Album & Song Chart History" Billboard Canadian Albums Chart for David Bowie. Prometheus Global Media.
  26. "David Bowie – Reality". Danishcharts.com. Hung Medien.
  27. "David Bowie – Reality". Dutchcharts.nl. Hung Medien.
  28. «Eurochart». Billboard: 65. 4 Oct 2003. Arkivert frå originalen 30. mars 2018. Henta 29. mars 2018. 
  29. «finnishcharts.com David Bowie – Reality». Arkivert frå originalen (ASP) 1. mars 2014. Henta 20. september 2021. 
  30. "David Bowie – Reality". Lescharts.com. Hung Medien.
  31. "David Bowie - Reality". Charts.de. Media Control.
  32. «Top 75 Artist Album, Week Ending 18. september 2003». Irish Recorded Music Association. Chart-Track. Arkivert frå originalen 22. februar 2014. Henta 29. januar 2014. 
  33. "David Bowie – Reality". Italiancharts.com. Hung Medien.
  34. «デヴィッド・ボウイ-リリース-ORICON STYLE-ミュージック» [Highest position and charting weeks of Reality av David Bowie]. oricon.co.jp (på japansk). Oricon Style. Arkivert frå originalen 5. mars 2014. Henta 20. september 2021. Mal:Verification needed
  35. "David Bowie – Reality". Charts.org.nz. Hung Medien.
  36. "David Bowie – Reality". Norwegiancharts.com. Hung Medien.
  37. "David Bowie – Reality". Portuguesecharts.com. Hung Medien.
  38. «Hits of the World» (PDF). Billboard. 
  39. "David Bowie – Reality". Swedishcharts.com. Hung Medien.
  40. "David Bowie – Reality". Swisscharts.com. Hung Medien.
  41. "2003-09-20 Top 40 Official Britiske album Archive | Official Charts". Den britiske albumlista. The Official Charts Company.
  42. "David Bowie Album & Song Chart History" Billboard 200 for David Bowie. Prometheus Global Media.
  43. «Jaaroverzichten 2003». Ultratop (på nederlandsk). Hung Medien. Arkivert frå originalen 3. januar 2015. Henta 20. september 2021. 
  44. «Rapports annuels 2002». Ultratop (på fransk). Hung Medien. Arkivert frå originalen 15. februar 2017. Henta 26. januar 2014. 
  45. «Classement Albums – année 2003». Syndicat National de l'Édition Phonographique (på fransk). Arkivert frå originalen 10. juli 2011. Henta 1. februar 2014. 
  46. «The Official UK Albums Chart 2003» (PDF). UKChartsPlus. Henta 3. april 2021. 
  47. «French album salstrofé – David Bowie – Reality» (på fransk). Syndicat National de l'Édition Phonographique. 
  48. «Les Albums Or». infodisc.fr. SNEP. Arkivert frå originalen 28. august 2012. Henta 24. august 2012. 
  49. «New Zealand album salstrofé – David Bowie – Reality». Recording Industry Association of New Zealand. 
  50. «British album salstrofé – David Bowie – Reality». British Phonographic Industry.  Enter Reality in the field Search. Select Title in the field Search by. Select album in the field By Format. Click Go
  51. Caulfield, Keith (26. august 2021). «Ask Billboard: Girls Aloud, David Bowie, Brits». Billboard. Henta 20. september 2021. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]