The Lonesome Death of Hattie Carroll
| «The Lonesome Death of Hattie Carroll» song av Bob Dylan frå albumet The Times They Are a-Changin' |
||
| Utgjeve | 13. januar 1964 | |
| Innspelt | 23. oktober 1963 | |
| Sjanger | Folk | |
| Lengd | 5:48 | |
| Selskap | Columbia | |
| Låtskrivar(ar) | Bob Dylan | |
|---|---|---|
| Produsent | Tom Wilson | |
«The Lonesome Death of Hattie Carroll» er ein høvessong av Bob Dylan. Songen vart spelt inn 23. oktober 1963 og gjeven ut på albumet The Times They Are a-Changin' i 1964. Songen fortel om ei faktisk hending der den 51 år gamle barjenta Hattie Carroll vart myrda av den rike unge tobakksbonden William Devereux «Billy» Zantzinger frå Charles County i Maryland (som i songen vert kalla «William Zanzinger»). Han vart dømd til berre seks månader i fengsel, men songen til Dylan gjorde at hendinga forfølgde Zantzinger så lenge han levde.
|
William Zanzinger killed poor Hattie Carroll Bob Dylan
|
Teksten er ein kommentar til rasismen i 1960-åra, som ikkje verdsette livet til ei svart kvinne særleg høgt. På denne tida var Charles County strengt segregert.[1]
Dylan har halde fram å spele songen gjennom heile karrieren sin, noko han har fått kritikk for, og songen har vendt attande til Zantzinger heilt fram til han døydde i 2009. Sjølv om songen i seg sjølv vert rekna som eit meisterverk, meiner til dømes Dylan-biografen Clinton Heylin, at han er på randen til injurierande.[2]
Andre utgåver [endre]
- Billy Bragg nytta melodien til Dylan for sin eigen «The Lonesome Death of Rachel Corrie» i 2006, til minne om aktivisten Corrie som vart drepen på Gazastripa av ein israelsk bulldosar i 2003.[3]
- Rx Bandits spelte songen på samleplata Listen To Bob Dylan - A Tribute.
- Michael Rose, frå Black Uhuru, spelte songen på Is It Rolling Bob?.
- Christy Moore spelte songen på albumet 2006 Live in Dublin og Burning Times.
Kjelder [endre]
- Denne artikkelen bygger på «The Lonesome Death of Hattie Carroll» frå Wikipedia på engelsk, den 18. oktober 2009.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- Frazier, Ian, "Legacy of a Lonely Death". Mother Jones, november/desember 2004, 42-47; delvis utgåve online. The Guardian 25. februar 2005, som «Life after a lonesome death»
- «Farmer Convicted in Barmaid's Death», New York Times 28. juni 1963. s. 11
- «Farmer Sentenced in Barmaid's Death», New York Times 29. august 1963. s. 15
- Dylan, Bob (2004). Chronicles: Volume One. Simon og Schuster. ISBN 0-7432-2815-4.
- ↑ A Regular Old Southern Maryland Boy, by Peter Carlson The Washington Post, 4. august 1991.
- ↑ Heylin, Clinton. Bob Dylan: Behind the Shades Take Two. New York: Viking, 2000.delvis tilgjengeleg online s.124-125
- ↑ Bragg, Billy (28. mars 2006). «The lonseome death of Rachel Corrie». The Guardian. http://www.guardian.co.uk/music/2006/mar/28/israelandthepalestinians. Henta 18. oktober.