Timiş
| Timiş Tamiš (Тамиш) |
||
|
|
||
| Utspring | Semenicfjella i Trei Ape i Romania | |
| - Høgd | 1440 moh | |
| Munning | Donau, nær Pančevo i Serbia | |
| Land i nedslagsfelt | SRB Serbia |
|
| Lengd | 359 km | |
| Middelvassføring | 47 m³/s | |
| Nedslagsfelt | 13 085 km² | |
| Renn gjennom | Sfântu Gheorghe, Râmnicu Vâlcea, Slatina | |
|
|
||
Timiş eller Tamiš (rumensk Timiş; serbisk: Тамиш eller Tamiš; tysk: Temesch; ungarsk: Temes) er ei 359 km lang elv i Romania og Serbia. Ho spring ut frå Semenicfjella, sør i Karpatane i Caraş-Severin fylke i Romania. Frå her renn ho gjennom regionen Banat region og munnar ut i Donau nær Pančevo, nord i Serbia.
Innhaldsliste |
Namn [endre]
I antikken vart elva kalla Tibiscus og Tibisis.
Kjenneteikn [endre]
Elva har eit nedslagsfelt på 13 085 km² (8085 km² i Romania, 5000 km² i Serbia). Via Donau høyrer elva til Svartehavet sitt nedslagsfelt.
Elva startar frå innsjøen Trei Ape der elvane Brebu,Grădiştea og Semenic renn ut. Etter å ha kome inn i Banat flyt ho sakte og svingar seg over slettene. I regntunge periodar fører ho ofte til flaum i dette området. Flaumen i 2005 råka særleg hardt då landsbyane Boka og Jaša Tomić fekk store skadar. I april 2005 vart elva målt 8,44 m over normalt nivå, det høgaste som er målt i elva. Våren 2007 byrja arbeidet med å vollar langs elvebreidda for å hindre fleire flaumar her.[1]
I den nedre delen er elva regulert og dei siste 53 km er det mogeleg med skipsfart. Den viktigaste hamna er industribyen Pančevo.
Sideelvar [endre]
241 km av elva renn gjennom Romania og her mottar ho fleire mindre sideelvar: Râul Rece, Slatina, Valea Mare, Măcicaş, Pârâul Lung, Armeniş, Sebeş, Bistra, Şurgani, Timişana, Pogăniş, Timişul Mort og Vena Mare. 118 km renn i Serbia og her mottar ho berre ei større sideelv, Brzava, som òg er den største sideelva hennar.
Byar [endre]
Dei største byane Caransebeş og Lugoj i Romania.
Kjelder [endre]
- Denne artikkelen bygger på «Timiş River» frå Wikipedia på engelsk, den 4. juli 2008.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- Mala Prosvetina Enciklopedija, Third edition (1985); Prosveta; ISBN 86-07-00001-2
- Jovan Đ. Marković (1990): Enciklopedijski geografski leksikon Jugoslavije; Svjetlost-Sarajevo; ISBN 86-01-02651-6
- Administraţia Naţională Apelor Române - Cadastrul Apelor - Bucureşti
- Institutul de Meteorologie şi Hidrologie - Rîurile României - Bucureşti 1971
- Trasee turistice - judeţul Timiş [1]
Kjelder i teksten [endre]
|
|
|
|---|---|
| Land | Tyskland · Austerrike · Slovakia · Ungarn · Kroatia · Serbia · Romania · Bulgaria · Ukraina · Moldova |
| Byar | Donaueschingen · Ulm · Ingolstadt · Regensburg · Passau · Linz · Wien · Bratislava · Győr · Komárno · Esztergom · Budapest · Baja · Vukovar · Ilok · Bačka Palanka · Novi Sad · Beograd · Smederevo · Drobeta-Turnu Severin · Vidin · Ruse · Brăila · Galaţi · Tulcea |
| Sideelvar | Iller · Lech · Regen · Isar · Inn · Enns · Morava · Rába · Váh · Hron · Ipeľ · Drava · Tisza · Sava · Timiş · Velika Morava · Jiu · Iskar · Olt · Osam · Jantra · Vedea · Argeş · Ialomiţa · Siret · Prut |