Gunnar Kvassheim
Gunnar Kvassheim | |
| |
Fødd | 14. juni 1953 (69 år) Egersund |
---|---|
Statsborgar av | Noreg |
Parti | Venstre |
Yrke | politikar, journalist, redaktør |
Gunnar Kvassheim (fødd 25. november 1953) er ein norsk politikar, som representerer partiet Venstre. Han vart innvald på Stortinget frå Rogaland fylke i 1997, og sat som stortingsrepresentant fram til Stortingsvalet 2001. Ved Stortingsvalet 2005 vart han vald inn att som representant. Han er Venstre sin miljøpolitiske talsmann.
Gunnar Kvassheim vart fødd i i Eigersund. Han vart utdanna høgskulekandidat i Samfunnsfag frå Rogaland Distriktshøgskule i 1975. Frå 1976 til 1997 jobba han som journalist og redaktør i Dalane Tidende. Han sat i Eigersund kommunestyre frå 1975 til 1983 og i Rogaland fylkesting frå 1979 til 1987.
Kvassheim var statssekretær ved Statsministerens kontor frå 19. oktober 2001 og til regjeringa Bondevik II gjekk av i 2005. Han var òg parlamentarisk leiar for Venstre si stortingsgruppe frå 1997 til 2001. I stortingsperioden 2005-2009 er han leiar av energi- og miljøkomiteen.
Stortingskomitéer[endre | endre wikiteksten]
- 2005–2009 medlem og leiar av Energi- og miljøkomitéen.
- 2005–2009 medlem av valkomiteen Energi- og miljøkomitéen.
- 1997–2001 medlem av Energi- og miljøkomitéen.
- 1997–2001 medlem av Valkomitéen.
- 1997–2001 varamedlem av Den utvida utanrikskomitéen.