Clive Burr

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Clive Burr
Verkeleg namn Clive Ronald Burr
Fødd 8. mars 1957(1957-03-08)
East Ham i London i England
Død

12. mars 2013
London, England

Instrument

Trommer, perkusjon, vokal

Sjanger Heavy metal, hardrock
Aktive år 1977–2013
Yrke Musikar, låtskrivar
Tilknytte artistar Iron Maiden, Samson, Stratus, Alcatrazz, Praying Mantis, Gogmagog, Trust, Elixir, Desperado

Clive Burr (8. mars 195712. mars 2013) var ein engelsk trommeslagar, mest kjend som medlem av Iron Maiden frå 1979 til 1982.[1][2][3]

Han var tidlegare medlem av Samson før han kom med i Iron Maiden i 1979 (tilfeldigvis starta Bruce Dickinson i Samson på same tid). Burr spelte på dei tre første albuma deira: Iron Maiden, Killers og gjennombrotet The Number of the Beast, som var debutalbumet til Bruce Dickinson ed Maiden. Burr fekk sparken frå bandet i 1982 under The Beast on the Road-turneen.[4] Han vart erstatta av den noverande trommeslagaren, Nicko McBrain.

Etter Iron Maiden spelte Burr ein kort periode i den franske gruppa Trust, og bytta tilfeldigvis plass med McBrain, og ei kort stund spelte han med det amerikanske bandet Alcatrazz. Burr var med i den kortvarige NWOBHM-supergruppa Gogmagog med den tidlegare Iron Maiden-vokalisten Paul Di'Anno og den framtidige Maiden-gitaristen Janick Gers. Han hadde òg eit band kalla Clive Burr's Escape (seinare kalla Stratus).

Burr fekk diagnosen multippel sklerose og behandlinga gjorde at han fekk stor gjeld. Iron Maiden sette opp fleire veldedige konsertar for han og var involvert i å starte opp Clive Burr MS Trust Fund.[5] Burr brukte rullestol på grunn av tilstanden sin. Han døydde 12. mars 2013 i London på grunn av komplikasjonar knytt til MS.[1]

Ettermæle[endre | endre wikiteksten]

Burr har påverka mange heavy metal-trommeslagarar. Dave Lombardo, kjend som trommis for band som Slayer, Grip Inc. og Fantômas sa at «stile hans var inspirerande og albuma han spelte inn med Iron Maiden er prøvesteinar i musikkutdanninga mi».[6] Charlie Benante frå Anthrax sa: «tromminga på ’Killers’ inspirerte med til å kjøre på meir, og det gjorde eg.»[7] I følgje Dave McClain, som spelte trommer for Machine Head, og som reknar Burr som ei stor inspirasjonskjelde, så førte han «punkrocktromming inn i heavy metal».[6]

Andre trommeslagarar som Paul Bostaph (Slayer, Exodus, Testament),[8] Stefan Schwarzmann (Helloween, Krokus),[9] Chris Reifert (Death, Autopsy),[10] Steve Asheim (Deicide),[11] Jan Axel Blomberg (Mayhem),[12] Jason Bittner (Shadows Fall)[13] og Richard Christy (Iced Earth, Charred Walls of the Damned)[14] har òg omtalt Burr som ei inspirasjonskjelde.

Iron Maiden-songaren Bruce Dickinson rekna han som «...den beste trommeslagaren bandet hadde. Eg snakkar ikkje vondt om Nicko (den noverande trommisen). Tekniksn sett er Nicko langt meir kompetent enn Clive. Det er berre det at Clive hadde denne utrulege kjensla, og du kan ikkje lære deg det, og eg er lei meg for at han ikkje fekk meir tid til å prøve å ordne opp hos seg sjølv.»[15]

Diskografi[endre | endre wikiteksten]

Med Samson
Med Iron Maiden
Med Trust
  • Trust IV (1983)
  • Man's Trap (1984)
  • The Best of (1997)
Med Stratus
  • Throwing Shapes (1984)
Med Gogmagog
Med Elixir
  • Lethal potion (1990)
  • Sovereign Remedy (2004)
Med Desperado
Med Praying Mantis
  • Captured Alive in Tokyo City (1996)
  • Demorabilia (1999) (compilation, contains demos of Clive Burr's Escape)

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 «Former Iron Maiden Drummer Clive Burr Passes Away». Ironmaiden.com. 13 March 2013. 
  2. «Clive Burr | Credits». AllMusic. Henta 21. august 2016. 
  3. Wall 2004, s. 132.
  4. «When drummer Clive Burr was ousted from Iron Maiden in». Classic Rock. Future plc. February 2011. Henta 21. august 2016. 
  5. «Classic Rock " The Archive " February 2011 " Page 32 " When drummer Clive Burr was ousted from Iron Maiden in». Archive.classicrockmagazine.com. Henta 21. august 2016. 
  6. 6,0 6,1 «Former Iron Maiden Drummer Clive Burr Passes Away at 56, Fans And Musikars React». ultimate-gitar.com. 15 March 2013. Henta 21. august 2016. 
  7. «Anthrax's Charlie Benante Pays Tribute to Late Iron Maiden Drummer Clive Burr». loudwire.com. 13 March 2013. Henta 21. august 2016. 
  8. «Rockers Remember Former Iron Maiden Drummer Clive Burr». loudwire.com. 13 March 2013. Henta 21. august 2016. 
  9. «STEFAN SCHWARZMANN – Drums & Percussion». krokusonline.seven49.net. Henta 21. august 2016. 
  10. «Autopsy (Chris Reifert)». metalpaths.com. 13 September 2010. Henta 21. august 2016. 
  11. «Steve Asheim». sickdrummermagazine.com. 17 February 2008. Henta 21. august 2016. 
  12. «Hellhammer talks about technique, setup, his career and upcoming albums (Interview)». norskmetal.net. 2 July 2013. Henta 13 December 2013. 
  13. «SLAYER, MEGADETH, JUDAS PRIEST, SAXON Members React To Death of Former IRON MAIDEN Drummer». blabbermouth.net. 13 March 2013. Henta 21. august 2016. 
  14. «RICHARD CHRISTY: BURNING INSIDE THE PERSEVERANCE». panzer.users5.50megs.com. Henta 21. august 2016. 
  15. Wall 2004, s. 233.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]