Can I Play with Madness

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Can I Play with Madness
Singel av Iron Maiden
frå albumet Seventh Son of a Seventh Son
B-side
  • «Black Bart Blues»
  • «Massacre»
Utgjeve 20. mars 1988
Innspelt 1987-88
Sjanger Heavy metal
Lengd 3:31
Selskap EMI
Låtskrivar(ar)
Produsent Martin Birch
Iron Maiden-kronologi
«Stranger in a Strange Land»
(1986)
Can I Play with Madness «The Evil That Men Do»
(1988)


«Can I Play with Madness» er ein song av det engelske heavy metal-bandet Iron Maiden. Songen vart gjeve ut som den sekstande singelen deira i 1988, og den første singelen frå albumet Seventh Son of a Seventh Son (1988). Singelen nådde tredjeplassen på den britiske singellista. Songen handlar om ein ung mann som ønskjer å vite om framtida hos ein gammal profet med ei krystallkule. Den ungen mannen trur han er i ferd med å bli gal og søkjer den gamle profeten for at han skal hjelpe han med å tolke mareritta hans. Rådet til profeten vert ignorert av den ungen mannen og dei vert sinte då dei seier adjø. Songen var opphavleg ein ballade kalla «On the Wings of Eagles», skriven av Adrian Smith.

Gitarsoloen i songen vert spelt av Adrian Smith.

Musikkvideo[endre | endre wikiteksten]

Videoen til songen vart spelt inn i Tintern Abbey og Chislehurst Caves, med Graham Chapman. Dette var den siste gongen han var på TV før han døydde i oktober 1989 av kreft. I videoen spelar Chapman ein irritert kunstinstruktør som kritiserer ein ung student for å ha teikna Iron Maiden-maskoten Eddie i teikna si av klosterruinane. Læraren fell så ned i eit hol i bakken, oppdagar eit underjordisk kvelv og møter til slutt ein animert versjon av Eddie, som kikkar på han frå innsida av eit kjøleskap. Bandet er synleg på TVen med klipp frå videoen til «The Number of the Beast» og konsertfilmen Live After Death.

Innhald[endre | endre wikiteksten]

7"-singel[endre | endre wikiteksten]

  1. «Can I Play with Madness» (Adrian Smith, Bruce Dickinson, Steve Harris) – 3:31
  2. «Black Bart Blues» (Harris, Dickinson) – 6:39

  • Japan: EMI PRP-1278 (Promo)

  1. «Can I Play with Madness»
  2. «Prowler '88»

  • Mexico: EMI SEC-550 (Promo)

  1. «Can I Play with Madness»
  2. «The Evil That Men Do»

12" maxisingel[endre | endre wikiteksten]

  1. «Can I Play with Madness» – 3:30
  2. «Black Bart Blues» – 6:41
  3. «Massacre» (Phil Lynott, Scott Gorham, Brian Downey) – 2:54

Forma biletplate[endre | endre wikiteksten]

  • UK: EMI EMP 49
  • USA: Capitol V-15375

  1. «Can I Play with Madness» – 3:30
  2. «Black Bart Blues» – 6:41
  3. «Massacre» – 2:54

3" CD-singel[endre | endre wikiteksten]

  • Japan: EMI XP10-2009

  1. «Can I Play with Madness» – 3:30
  2. «Black Bart Blues» – 6:41

CD-singel[endre | endre wikiteksten]

  • UK: EMI CDEM 49
  • USA: Capitol B-44154

  1. «Can I Play with Madness» – 3:35
  2. «Black Bart Blues» – 6:40
  3. «Massacre» – 2:56

Kassettsingel[endre | endre wikiteksten]

  • Argentina: EMI 16075 «Puedo Jugar con la Locura»

  1. «Can I Play with Madness» – 3:30
  2. «Black Bart Blues» – 6:41
  3. «Massacre» – 2:54

Kassettsingel[endre | endre wikiteksten]

  • USA: Capitol 4XPRO-79325 (Promo)

  1. «Can I Play With Madness» (Looped 3x)


«Black Bart Blues» handlar om rustningen Iron Maiden hadde i turnebussen sin (kalla Black Bart). «Massacre» er ein Thin Lizzy-song frå albumet Johnny the Fox.

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Medverkande frå singelomslaget.[1]

Produksjon

Lister[endre | endre wikiteksten]

Singel Liste (1988) Plassering Album
«Can I Play with Madness» Den nederlandske singellista 6[2] Seventh Son of a Seventh Son
Den tyske singellista 23[3]
Irish Singles Chart 3[4]
VG-lista i Noreg 4[5]
Sverigetopplistan 12[6]
Den sveitisiske singellista 23[7]
UK Singles Chart 3[8]
Singel Liste (1990) Plassering Album
«Can I Play with Madness / The Evil That Men Do» UK Albums Chart[merk 1] 10[9]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. Nyutgjeving av alle fire singlane som ein del av plateboksen The First Ten Years. Strekte seg over tidsgrensa til UK Singles chart.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Can I Play with Madness» 7 Inch Single. Iron Maiden. EMI. 20. mars 1988. 
  2. «Iron Maiden - 'Can I Play with Madness'». MegaCharts. Henta 29. august 2016. 
  3. «Iron Maiden Single-Chartverfolgung». Media Control Charts (på tysk). Musicline.de. Henta 29. august 2016. 
  4. «Irish singles archive». IRMA. Irishcharts.ie. Henta 29. august 2016. 
  5. «Iron Maiden - 'Can I Play with Madness'». VG-lista. Norwegiancharts.com. Henta 29. august 2016. 
  6. «Iron Maiden - 'Can I Play with Madness'». Sverigetopplistan. swedishcharts.com. Henta 29. august 2016. 
  7. «Iron Maiden - 'Can I Play with Madness'». Hitparade. Henta 29. august 2016. 
  8. «Top 40 Official Singles Chart UK Archive 2 April 1988». Official Charts Company. Henta 29. august 2016. 
  9. «Top 40 Offisiell albumliste UK Archive 21 April 1990». Official Charts Company. Henta 29. august 2016. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]