Stranger in a Strange Land av Iron Maiden
Stranger in a Strange Land Singel av Iron Maiden frå albumet Somewhere in Time | ||
B-side |
«That Girl» (FM-song) «Juanita» (Marshall Fury-song) | |
---|---|---|
Utgjeve | 22. november 1986 | |
Innspelt | 1986 | |
Sjanger | Heavy metal | |
Lengd | 5:42 | |
Selskap | EMI | |
Komponist | Adrian Smith | |
Tekstforfattar | Adrian Smith | |
Låtskrivar(ar) | Adrian Smith | |
Produsent | Martin Birch | |
Iron Maiden-kronologi | ||
«Wasted Years»
(1986) |
Stranger in a Strange Land | «Can I Play with Madness»
(1988) |
«Stranger in a Strange Land» er ein song av det engelske heavy metal-bandet Iron Maiden, gjeve ut som den andre singelen frå det sjette studioalbumet deira, Somewhere in Time (1986). Songen er ikkje knytt til Robert A. Heinlein-romanen med same namn.[1]
Oversyn
[endre | endre wikiteksten]Teksten handlar om ein arktisk oppdagar som døyr og frys fast i isen. Etter hundre år vert lekamen hans funnen bevart av andre oppdagarar.[2] Adrian Smith vart inspirert til å skrive songen etter å ha snakka med ein oppdagar som hadde opplevd noko liknande.
Gitarsoloen i «Stranger in a Strange Land» vart spelt av Adrian Smith. Songen er ein av berre fire Iron Maiden-songar som tonar ut. Tekstlinja «no brave new world» vart òg nytta på Iron Maiden-albumet Brave New World.
Singelomslag
[endre | endre wikiteksten]Eddie gjer ei hyllest til Clint Eastwood-figuren «Man with No Name» på omslaget, men kan òg reknast som ei blanding av Deckard frå Blade Runner og «Man with No Name».
B-sider
[endre | endre wikiteksten]B-sida til singelen, «That Girl» og «Juanita», vart begge spelte under ein hemmeleg konsert med The Entire Population of Hackney den 19. desember 1985, med Adrian Smith på vokal. Det var truleg slik ideen kom til om å spele dei inn som B-sider.
«That Girl» var skriven av Merv Goldsworthy, Pete Jupp og Andy Barnett i ei tidleg utgåve av bandet FM og var eit av demospora som sikra dei platekontrakt med CBS i 1984.[3] Songen vart sidan gjeven ut av både Iron Maiden og FM i 1986. På den tida hadde brørne Steve og Chris Overland kome med i FM og delar av den originale songen hadde blitt omskrive.[4] .
«Juanita» vart opphavleg spelt av Barnett-bandet Marshall Fury tidleg i 1980-åra og vart skriven av Steve Barnacle og Derek O'Neil. Marshall Fury spelte aldri inn ein studioversjon av songen.
Innhald
[endre | endre wikiteksten]- 7"-singel
Nr. | Tittel | Låtskrivar(ar) | Lengd |
---|---|---|---|
1. | «Stranger in a Strange Land» | Adrian Smith | 5:42 |
Nr. | Tittel | Låtskrivar(ar) | Lengd |
---|---|---|---|
1. | «That Girl» (FM cover) | Merv Goldsworthy, Pete Jupp, Andy Barnett | 5:02 |
- 12"-singel
Nr. | Tittel | Låtskrivar(ar) | Lengd |
---|---|---|---|
1. | «Stranger in a Strange Land» | Smith | 5:42 |
Nr. | Tittel | Låtskrivar(ar) | Lengd |
---|---|---|---|
1. | «That Girl» (FM cover) | Goldsworthy, Jupp, Barnett | 5:02 |
2. | «Juanita» (Marshall Fury cover) | Steve Barnacle, Derek O'Neil | 3:45 |
Medverkande
[endre | endre wikiteksten]- Bruce Dickinson – solovokal
- Dave Murray – gitar-synthesizer[7]
- Adrian Smith – gitar-synthesizer[7]
- Steve Harris – bassgitar
- Nicko McBrain – trommer
- Produksjon
- Martin Birch – produsent, lydteknikar, miksing
- Derek Riggs – illustrasjon
- Ross Halfin – fotografi
Lister
[endre | endre wikiteksten]Singel | Liste (1986) | Plassering | Album |
---|---|---|---|
«Stranger in a Strange Land» | Irish Singles Chart | 18[8] | Somewhere in Time |
UK Singles Chart | 22[9] | ||
Singel | Liste (1990) | Plassering | Album |
«Wasted Years/ Stranger in a Strange Land» | UK Albums Chart[merk 1] | 9[10] | — |
Fotnotar
[endre | endre wikiteksten]- ↑ Nyutgjeving av begge singlane som ein del av The First Ten Years. Strekte seg over tidsgrensa til UK Singles chart.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Stranger in a Strange Land (Iron Maiden song)» frå Wikipedia på engelsk, den 26. august 2016.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ Huey, Steve. «Iron Maiden - Somewhere in Time review». AllMusic. Rovi Corporation. Henta 26. august 2016.
- ↑ Stagno, Mike (2 June 2006). «Review: Iron Maiden - Somewhere in Time». Sputnikmusic. Henta 5 August 2010.
- ↑ «FM Biography». FM Official - The Home of British Rock Band FM. Henta 31 August 2015. «In the summer of 1984...FM was formed... the band wrote six songs. By December of that same year FM had secured a recording contract with the CBS/Portrait label...»
- ↑ «Q&A with Pete Jupp». FM Official - The Home of British Rock Band FM. Henta 31 August 2015..
- ↑ «Stranger in a Strange Land» 7 Inch Single. Iron Maiden. EMI. 22 November 1986.
- ↑ «Stranger in a Strange Land» 12 Inch Single. Iron Maiden. EMI. 22 November 1986.
- ↑ 7,0 7,1 Fanelli, Damien; Hart, Josh (9 July 2013). «Synth City: 10 Classic Gitar Synth Songs». Guitar World. Arkivert frå originalen 18. september 2020. Henta 26. august 2016.
- ↑ «Irish singles archive». IRMA. Irishcharts.ie. Henta 14 October 2011.
- ↑ «Top 40 Official Singles Chart UK Archive 29 November 1986». Official Charts Company. Henta 19 September 2011.
- ↑ «Top 40 Offisiell albumliste UK Archive 14 April 1990». Official Charts Company. Henta 19 September 2011.