Iron Maiden av Iron Maiden

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Iron Maiden
Studioalbum av Iron Maiden
Språk engelsk
Utgjeve 14. april 1980
Innspelt Januar 1980 i Kingsway Studios i London i England
Sjanger Heavy metal
Lengd 37:35[1]
Selskap
Produsent Will Malone
Iron Maiden-kronologi 
Iron Maiden Killers
(1981)


Singlar frå Iron Maiden
  1. «Running Free»
    Utgjeve: 8. februar 1980
  2. «Sanctuary[a]»
    Utgjeve: 23 mai 1980

Iron Maiden er debutalbumet til det engelske heavy metal-bandet Iron Maiden. Det kom ut på EMI den 14. april 1980 i Storbritannia. Nokre månader seinare vart det gjeve ut i Nord-Amerika, opphavleg på Harvest/Capitol Records og sidan Sanctuary Records/Columbia Records i USA. Den nordamerikanske versjonen inneheldt songen «Sanctuary», som tidlegare berre var gjeven ut på singel i Storbritannia. I 1998 vart Iron Maiden og resten av albuma til bandet før 1995 mastra på ny, og «Sanctuary» vart då lagt til albumet i alle land. Det er det einaste albumet til bandet med gitaristen Dennis Stratton.

Sjølv om Iron Maiden har blitt kritisert for kvaliteten på produksjonen på dette albumet, vart albumet kritikarrost og selde godt då det kom ut. Det debuterte på fjerdeplassen på UK Albums Chart, og gjorde bandet kjend i Europa.

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

Iron Maiden var det einaste albumet til bandet produsert av Will Malone. Gruppa hevde han mangla interesse i prosjektet og i røynda lét dei produsere albumet på eiga hand, noko som i følgje bassisten Steve Harris berre tok 13 dagar.[2] Innspelinga fann stad i Kingsway Studios i Vest-London i januar 1980,[3] og bandet tok ein pause frå Metal for Muthas-turneen i 1980 for å mikse albumet ferdig i Morgan Studios nordvest i London i februar.[4] Før innspelinga med Malone, hadde bandet gjort to forsøk i desember 1979 med to forskjellige produsentar, medan dei framleis var eit firemannsband.[3] Guy Edwards, den første, fekk sparken fordi bandet var misnøgd med den «grautete» kvaliteten i produksjonen hans,[3] medan Andy Scott fekk sparen etter å han insistert at Harris skule nytte eit plekter i staden for fingrane.[5] Etter desse forsøka valde bandet å ikkje gje Malone sparken sidan Steve Harris meinte dei følte dei kunne «omgå han og gå til lydteknikaren.»[5] Gruppa kritisierte kvaliteten på produksjone, men somme fans føretrekkjer denne rå kvaliteten på innspelinga.[2][6][7] Sjølv om AllMusic har skrive at stilen «tydelegvis henta element frå punkrock[8] sa Harris seinare at bandet såg ned på alt som hadde med punk å gjere.[9]

Di'Anno (venstre) og Harris (høgre) på scenen i 1980.

Dette var det einaste studioalbumet med gitaristen Dennis Stratton, som vart henta inn i siste augneblink. Han fekk sparken på grunn av «musikalske skilnader» etter den europeiske turneen der dei varma opp for Kiss.[10] Dei fekk ein smak av dette under innspelinga av Iron Maiden då Stratton la på Wishbone Ash-aktige harmonigitarar og korvokal som minna om Queen på «Phantom of the Opera», noko som resten av bandet mislikte og fekk fjerna.[11] Stratton har sagt at han ikkje «prøvde å presse bandet i ei ny retning,»[11] medan Harris har sagt at «det synte verkeleg skilnadane mellom Den og oss,»[12] og byrja så å leggje merke til at «Dennis var mykje meir interessert i å spele ting som «Strange World» enn «Iron Maiden» eller «Prowler», fordi songen var meir langsam, melodisk... når han spelte soloar på dei tyngre songarne, så var det ikkje heilt den same lidenskapen.»[11][13]

Den remastra utgåva av albumet frå 1998 har med songen «Sanctuary», som fram til då berre hadde vore tilgjengeleg som singel i Storbritannia frå mai 1980,[14] en som vart gjeven ut på den seinare amerikanske versjonen av Iron Maiden, som kom ut i august 1980.[15] Songen kom ut på samleplata Metal for Muthas,[16] men vart spelt inn på ny under Iron Maiden-innspelinga.[14] Nyutgjevinga har òg eit anna cover, ei digital gjenskaping av det originale omslaget til Derek Riggs, og ein del av det originale plateomslaget vert i staden nytta på sjølve plata.

Bandet la ut på Iron Maiden-turneen etter albumet kom ut, der dei spelte dei første konsertane sine på det europeiske fastlandet,[17] og dei vart overraska over kor suksessrik Iron Maiden hadde blitt utafor Storbritannia. Steve Harris sa, «Prestisjen det var å gjere det bra i Storbritannia hadde gjort at ryktet vårt spreidde seg, og med dukka opp på stader som Leiden i Holland, stader me ikkje ein gong hadde høyrt om, og dei hadde desse massive plakatane som venta på oss med «Iron Maiden Go Over The Top». Det var uverkeleg.»[18]

Songar[endre | endre wikiteksten]

«Running Free» vart gjeven ut på singel den 8. februar 1980 og nådde 34. plassen på UK Singles Chart. Bandet framførte òg songen på det britiske TV-showet Top of the Pops, og nekta å gjere som vanleg å mime til songane. Dei vart dermed det første gruppa som spelte live på showet sidan The Who i 1972.[19] Vokalisten Paul Di'Anno, som skreiv teksten til songen, skildra han som «ein særs sjølvbiografisk song, men eg hadde sjølvsagt aldri vore ei natt i eit fengsel i LA. Han handlar om å vere 16 og, som songen seier, berre springe løpsk og fritt. Det kom frå dagane mine som skinhead.»[20] I følgje Classic Rock- og Metal Hammer-journalisten Dave Ling, som skreiv i plateomslaget til CD-utgåva av Metal for Muthas, var «Sanctuary» opphavleg skriven av gitaristen Rob Angelo, eit medlem av Iron Maiden i 1977, som fekk betalt £300 for rettane til songen.[21] Singelen «Sanctuary» vart gjeven ut 7. juni 1980 og nådde 29. plassen på lista,[14] med eit sensurert omslag av Eddie, maskoten til bandet, som står over Margaret Thatcher. Dette gav bandet publisitet i britisk presse.[22] Managerane Rod Smallwood og Andy Taylor sitt management-selskap vart kalla opp etter songen.[23]

Sjølv om «Strange World» berre er tilskriven Harris, hevda Paul Day, som var den originale vokalisten i bandet frå 1975 til 1976, at han òg medverka til songen.[24] «Charlotte the Harlot», den einaste songen deira som vart skriven av Dave Murray aleine,[6] er den første av fire Iron Maiden-songar som refererer til den oppdikta prostituerte 'Charlotte,' men som i følgje Murray var «basert på ei sann historie.»[25] Den sju minuttar lange episke «Phantom of the Opera» er òg ein av dei personlege favorittane til Steve Harris og vert ofte framleis spelt live. Han har mange stemnings- og taktendringar, og er den i følgje Harris «den første songen eg skrive som var litt meir 'proggy'.»[2] «Transylvania» er ein instrumental, skriven av Harris, som seinare vart spelt inn av Iced Earth på albumet Horror Show.[26]

Av songane på albumet er «Phantom of the Opera», «Running Free», «Sanctuary» og «Iron Maiden» dei som vert spelt oftast på turneane til bandet, og sistnemnde er blitt spelt på alle konsertane deira, og annonserer at Eddie kjem på scenen.[27] Alle songane på plata, utanom «Strange World», har blitt spelt inn med Bruce Dickinson på vokal, anten på konsertalbum, som B-sider av studiopptak eller begge deler.[8] «Strange World» og «Transylvania» var dei einaste songane som ikkje vart spelt på Eddie Rips Up The World-turneen i 2005.

Fire songar («Prowler», «Remember Tomorrow», «Running Free» og «Iron Maiden») vart spelt på hyllestalbumet til Iron Maiden, Maiden Heaven: A Tribute to Iron Maiden, gjeve ut av magasinet Kerrang! i 2008,[28] og ei akustisk tolking av «Prowler» vart gjeve ut på Across The Seventh Sea i 2012 av det akustiske Iron Maiden-prosjektet Maiden uniteD.[29]

Mottaking[endre | endre wikiteksten]

Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
AllMusic4.5/5 stars[8]
Collector's Guide to Heavy Metal9/10[30]
Record Mirror5/5 stars[31]
Sounds4/5 stars[32]
Sputnikmusic4.5/5[33]

Då albumet først kom ut i 1980 fekk det raskt god omtale, og Geoff Barton skreiv om albumet i Sounds, «Heavy metal for 1980-åra, med blendande fart og tøyleslaus villskap som gjer at dei fleste plastikk-heavy-rock-songane frå 1960- og 1970-talet høyrest ut som dovendyr og sørgjesong i samanlikning.»[6]

Sidan utgjevinga har Iron Maiden halde fram å få gode meldingar, og AllMusic skildra det som «eit landemerke» og «ingen betre stad kan ein høyre korleis både punk og progrock påverka new wave of British heavy metal[8] Sputnikmusic skildra det som «eit av dei beste albuma i heavy metal-verda», med «den rå, aggressive krafta som definerer dei tidlege åra av bandet.»[33]

Iron Maiden er eit av to Iron Maiden-album som finst i Robert Dimery-boka 1001 Albums You Must Hear Before You Die (The Number of the Beast er det andre).[34]

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Original release[endre | endre wikiteksten]

Alle songar er skrivne av Steve Harris, utanom der andre er nemnde.

Side ein
Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
1.«Prowler» 3:55
2.«Remember Tomorrow»Harris, Paul Di'Anno5:27
3.«Running Free»Harris, Di'Anno3:16
4.«Phantom of the Opera» 7:20
Side to
Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
1.«Transylvania» (Instrumental) 4:05
2.«Strange World» 5:45
3.«Charlotte the Harlot»Dave Murray4:12
4.«Iron Maiden» 3:35
Total lengd:37:35

Den nordamerikanske versjonen frå 1980[endre | endre wikiteksten]

Side ein
Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
1.«Prowler» 3:56
2.«Remember Tomorrow»Harris, Di'Anno5:30
3.«Running Free»Harris, Di'Anno3:22
4.«Phantom of the Opera» 7:02
Side to
Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
1.«Transylvania» (Instrumental) 4:09
2.«Strange World» 5:43
3.«Sanctuary»Iron Maiden3:19
4.«Charlotte the Harlot»Murray4:14
5.«Iron Maiden» 3:43
Total lengd:40:58

CD-utgåve frå 1998[endre | endre wikiteksten]

Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
1.«Prowler» 3:56
2.«Sanctuary»Harris, Murray, Di'Anno3:16
3.«Remember Tomorrow»Harris, Di'Anno5:29
4.«Running Free»Harris, Di'Anno3:17
5.«Phantom of the Opera» 7:08
6.«Transylvania» 4:19
7.«Strange World» 5:32
8.«Charlotte the Harlot»Murray4:13
9.«Iron Maiden» 3:36
Total lengd:40:46

Bonusplate frå 1995-utgåva[endre | endre wikiteksten]

Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
1.«Sanctuary»Harris, Murray, Di'Anno3:14
2.«Burning Ambition» 2:42
3.«Drifter» (Live) 6:04
4.«I've Got the Fire» (Live Montrose-cover)Ronnie Montrose3:14
  • På 1998-utgåva vart avslutninga av «Phantom of the Opera» rediert bort og introen til «Strange World» vart flytta til slutten av «Transylvania».
  • 1998-utgåva har oppført lengda på «Sanctuary» feilaktig som 0:00.[35]
  • Den amerikanske versjonen frå 1995 med bonusplate har ikkje med «Sanctuary».

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Henta frå platomslaget.[1][35][36]

Iron Maiden
Teknisk personell

Lister[endre | endre wikiteksten]

Album
Land Liste (1980) Plassering
Sverige Sverigetopplistan 36[37]
Storbritannia Offisiell albumliste 4[38]
Land Liste (1985) Plassering
Storbritannia Offisiell albumliste 71[39]
Land Liste (2009) Plassering
Sverige Sverigetopplistan 27[37]
Land Liste (2010) Plassering
Hellas IFPI Hellas 52[40]
Land Liste (2012) Plassering
Sverige Sverigetopplistan 48[37]
Land Liste (2013) Plassering
Frankrike SNEP 69[41]

Singlar
Singel Liste (1980) Plassering Album
«Running Free» UK Singles Chart 34[42] Iron Maiden
«Sanctuary» 29[43]
Singel Liste (1985) Plassering Album
«Running Free (Live)» Irish Singles Chart 12[44] Live After Death
UK Singles Chart 19[45]
Singel Liste (1990) Plassering Album
«Running Free / Sanctuary» UK Albums Chart[merk 1] 10[46]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. Nyutgjeving av «Running Free / Sanctuary» som ein dobbel 12"-singel. Han strekte seg over tidsgrensa til UK Singles Chart.

Salstrofé[endre | endre wikiteksten]

Land Salstrofé Salstal
Canada Platina[47] 100,000
Tyskland Gull[48] 250,000
United Kingdom Platina[49] 300,000

Merknadar[endre | endre wikiteksten]

  1. Ikkje opphavleg på albumet, men lagt til på seinare utgåver

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 Iron Maiden Fame CD. Iron Maiden. EMI. 1987. 
  2. 2,0 2,1 2,2 «Iron Maiden: Maiden Voyage». Gitar World. 7 March 2011. Arkivert frå originalen 28. oktober 2020. Henta 22. august 2016. 
  3. 3,0 3,1 3,2 Wall 2004, s. 126.
  4. Wall 2004, s. 140.
  5. 5,0 5,1 Wall 2004, s. 127.
  6. 6,0 6,1 6,2 Wall 2004, s. 145.
  7. The History of Iron Maiden – Part 1: The Early Days. [DVD]. Sony. 23 November 2004. 
  8. 8,0 8,1 8,2 8,3 Huey, Steve. «Iron Maiden - Iron Maiden». AllMusic. Rovi Corporation. Henta 22. august 2016. 
  9. Dunn, McFadyen (creators, directors) (10 December 2011). «New Wave of British Heavy Metal». Metal Evolution. VH1 Classic. 
  10. Wall 2004, s. 162.
  11. 11,0 11,1 11,2 Wall 2004, s. 129.
  12. Wall 2004, s. 128.
  13. Saulnier, Jason (22 November 2012). «Paul Di'Anno Interview». Music Legends. Henta 22. august 2016. 
  14. 14,0 14,1 14,2 Wall 2004, s. 147.
  15. Daniels, Neil (25 May 2012). Iron Maiden: The Ultimate Illustrated History (1 utg.). Voyageur Press. s. 196. ISBN 978-0760342213. 
  16. Wall 2004, s. 138.
  17. Wall 2004, s. 155.
  18. Wall 2004, s. 156.
  19. Wall 2004, s. 131.
  20. Wall 2004, s. 132.
  21. Ling, Dave (January 2001). «Liner Notes». Metal for Muthas. London. 
  22. Wall 2004, s. 148.
  23. «Iron Maiden manager comments on split from Sanctuary». Blabbermouth.net. 4 November 2006. Henta 22. august 2016. 
  24. «Paul Day: My History in Brief». PaulMarioDay.com. Arkivert frå originalen 23. oktober 2011. Henta 22. august 2016. 
  25. Wall 2004, s. 144.
  26. Stagno, Mike (7 August 2006). «Sputnikmusic review: Iced Earth- Horror Show». Sputnikmusic. Henta 22. august 2016. 
  27. Wall 2004, s. 137.
  28. «Kerrang! The making of Maiden Heaven». Kerrang.com. Henta 22. august 2016. 
  29. «Maiden United - Across The Seventh Sea Tracklisting, Cover Artwork Revealed». Brave Words & Bloody Knuckles. 29 June 2012. Henta 22. august 2016. 
  30. Popoff, Martin (November 1, 2005). The Collector's Guide to Heavy Metal: Volume 2: The Eighties. Burlington, Ontario, Canada: Collector's Guide Publishing. s. 169–170. ISBN 978-1-894959-31-5. 
  31. Wall 2004, s. 146.
  32. Bushell, Garry; Halfin, Ross (1985). Running Free, The Official Story of Iron Maiden (2nd utg.). Zomba Books. s. 72. ISBN 0-946391-84-X. 
  33. 33,0 33,1 Stagno, Mike (27 June 2006). «Sputnikmusic - Iron Maiden av Iron Maiden review». Sputnikmusic. Henta 22. august 2016. 
  34. Lydon, Michael (preface) (15 October 2008). Dimery, Robert, red. 1001 albums you must hear before you die (Updated utg.). London: Cassell Illustrated. ISBN 978-1844036240. Henta 22. august 2016. 
  35. 35,0 35,1 Iron Maiden Remastered. Iron Maiden. EMI. 1998. 
  36. Iron Maiden. Iron Maiden. EMI. 14 April 1980. 
  37. 37,0 37,1 37,2 «Iron Maiden - Iron Maiden (album)». Sverigetopplistan. Swedishcharts.com. Henta 22. august 2016. 
  38. «UK Albums Archive- 26 April 1980». Official Charts Company. Henta 22. august 2016. 
  39. «Iron Maiden- Artist Chart History, Official Charts Company». Official Charts Company. Henta 13 November 2011. 
  40. «Iron Maiden - Iron Maiden (album)». IFPI Hellas. Greekcharts.com. Arkivert frå originalen 23. oktober 2013. Henta 22. august 2016. 
  41. «Iron Maiden - Iron Maiden (album)». Syndicat National de l'Édition Phonographique (på fransk). Lescharts.com. Henta 22. august 2016. 
  42. «UK Singles Archive- 8 March 1980». Official Charts Company. Henta 22. august 2016. 
  43. «UK Singles Archive- 14 June 1980». Official Charts Company. Henta 22. august 2016. 
  44. «Search the Charts». Irish Recorded Music Association. Irishcharts.ie. Henta 22. august 2016. 
  45. «Official UK Singles Archive- 12 October 1985». Official Charts Company. Henta 13 October 2011. 
  46. «UK Albums Archive- 24 February 1990». Official Charts Company. Henta 22. august 2016. 
  47. «Gold & Platina Certification». Canadian Recording Industry Association. October 2006. Arkivert frå originalen 7. april 2012. Henta 22. august 2016. 
  48. «Gold-/Platin-Datenbank ('Iron Maiden')» (på tysk). Bundesverband Musikindustrie. 
  49. «BPI: Certified Awards Search». British Phonographic Industry. Arkivert frå originalen 10. juli 2017. Henta 22. august 2016.