Dance of Death av Iron Maiden

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Dance of Death
Studioalbum av Iron Maiden
Utgjeve 2. september 2003
Innspelt Januar – februar 2003 i Sarm West Studios i London
Sjanger Heavy metal
Lengd 67:57[1]
Selskap EMI
Columbia Records (US)
Produsent Kevin Shirley, Steve Harris
Iron Maiden-kronologi
Brave New World
(2000)
Dance of Death A Matter of Life and Death
(2006)
Singlar frå Dance of Death
  1. «Wildest Dreams»
    Utgjeve: 1. september 2003
  2. «Rainmaker»
    Utgjeve: 24. november 2003

Dance of Death er det 13. studioalbumet av det engelske heavy metal-bandet Iron Maiden og vart gjeve ut i september 2003. Det vart først gjeve ut i Japan den 2. september og så 8. september 2003 i resten av verda, utanom Nord-Amerika, der det kom ut ein dag seinare. Albumet vart spelt inn på magnetisk (analogt) lydband.[2]

Det var det andre studioalbumet deira etter at vokalisten Bruce Dickinson og gitarist Adrian Smith kom attende til bandet i 1999, og inneheld den første heilakustiske låten til bandet, «Journeyman», i tillegg til den første songen som vart skriven i lag med trommeslagaren Nicko McBrain, «New Frontier». Som med føregjengaren Brave New World frå 2000, vart albumet produsert av Kevin Shirley, som har arbeidd med Iron Maiden på alle studioalbum sidan den gongen.

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

Iron Maiden stadfesta at dei arbeidde på ein oppfølgjar til Brave New World med produsenten Kevin Shirley den 27. november 2002 og annonserte samstundes eit fåtal konsertar i Europa for året etter.[3] Den 6. januar 2003 skreiv Shirley på nettsida si at bandet skulle gå i studio den månaden,[4] og 5. februar vart det annonsert at dei grunnleggande lydspora var ferdige[5] og at utgjevinga skulle miksast i april.[6] Den 31. mai annonserte bandet at albumet, som vart spelt inn i Sarm West Studios, skulle få namnet Dance of Death,[7] og at utgjevingsdatoen var sett til 17. juni.[8]

Bandet la ut på Dance of Death-turneen etter albumet kom ut, og nytta mange teatralske element inspirerte av songane. Under «Dance of Death» hadde Bruce Dickinson på seg ei teatermaske og ei kappe, medan han gjekk rundt på scenen. Mot slutten var han kledd som Mannen med ljåen for det siste refrenget.[9] Under «Paschendale» hadde Dickinson på seg ein tradisjonell britisk infanteristfrakk og hjelm (men det vart avslørt i dokumentaren Death on the Road at utstyret i røynda var ungarsk),[2] og nytta under første verskrigen, og scenen vart dekorert med piggtråd.[9] Konsertalbumet og DVDen Death on the Road vart spelt inn under turneen og kom ut i 2005 og 2006.

Det datagenererte plateomslaget vart laga av David Patchett,[10] som visstnok bad om at namnet hans vart fjerna frå omslaget etter at bandet valte å nytte ein uferdig versjon,[11] noko han mislikte.[12]

Albumet kom ut på DVD-Audio i 2004, inkludert 5.1-miksar av kvar song.[13]

Songar[endre | endre wikiteksten]

Trommslagaren Nicko McBrain var medlåtskrivar for første gongen på Dance of Death.

Dance of Death er det einaste Iron Maiden-albumet der trommeslagaren Nicko McBrain har vore medlåtskrivar, noko han var på «New Frontier.»[14] Som nykristen uttrykkjer songen uroa hans for menneskeleg kloning og ha sa «Eg trur personleg at Gud skapte mennesket og berre Gud har rett til å skape menneske fordi berre Han kan gje deg sjel. Når menneske prøver å skape menneske så er det eit monster i eit reagensrøyr.»[14] Dette er dermed det einaste Iron Maiden-albumet der alle medlemmane har vore medlåtskrivarar.

«Montségur» var basert på fallet til katar-skansen med same namn, som fall under Albigenserkrosstoget i 1244.[15] Dickinson, som skreiv teksten til songen, sa «Det finst så mykje bra og så mange flotte soger gjennom historia ein kan trekkje parallellar til i dag - særleg når historia gjentek seg sjølv, slik ho ofte gjer - og det dannar nokre fargerike tema å skrive om.»[15]

«Paschendale» handlar om slaget ved Passchendaele som fann stad under fyrste verdskrigen. Han vart skriven av Adrian Smith, som vanlegvis skriv dei kortare og meir «kommersielle» songane til bandet, men valte her å skrive det han kalla «ein tradisjonell, episk Maiden-song.»[16] Han inneheld element av progressiv rock, so mlengda, den detaljerte strukturen og dei mange tempoendringane gjennom songen. Dikcinson sa «det vakre med 'Paschendale' er ikkje det episke ved songen - sjølv om ein må innrømme at han er mektig og gripande - men detaljane.»[16] På konsertane introduserte Dickinson songen med ein passasje frå Wilfred Owen-diktet «Anthem for Doomed Youth».[9][17]

Iron Maiden spelar «Dance of Death» i 2011.

I følgje gitaristen Janick Gers var tittelsporet på albumet inspirert av den siste scenen i Ingmar Bergman-filmen Det sjunde inseglet, der «desse figurane i horisonten byrjar å danse, dødsdansen.»[15] Gers skreiv det meste av musikken og forklarte konseptet til Steve Harris, som skreiv teksten og det meste av melodiane.[14]

«Face in the Sand» er basert på mediadekninga av Irakkrigen som fann stad medan albumet vart spelt inn.[18] Dickinson sa «eg hugsar eg tenkte på ørkensanden som eit bilete og korleis sanden endrar seg og flyttar seg over tid. Det eg særleg tenkte på var at uansett kva imperium ein byggjer - om dei er britiske, amerikanske, irakiske eller kva som helst, så fell dei alle bort til noko anna til slutt. Så etter mi meining er det beste du kan håpe på, om du skal etterlate deg noko, berre eit avtrykk i sanden.»[18] Songen er kjend som den første og einaste Iron Maiden-songen der McBrain brukar doble basspedalar.[16]

Den siste songen, «Journeyman», er den første og einaste heilakustiske songen til Iron Maiden. I følgje Dickinson handlar songen om «heile prosessen med å skrive songar og vere musikar,»[19] medan Mick Wall skildra han som «ei tankeful soge om carpe diem[18] Songen var opphavleg spelt inn med elektriske instrument, men som Dickinson sa «etter alle slaga me har gjeve lyttaren den siste timen verka det rett å spele noko uventa og uvanleg.»[18] Den originale versjonen finst på EPen No More Lies EP.

Mottaking[endre | endre wikiteksten]

Meldingar
Karakter
Kjelde Karakter
AllMusic 4/5 starsStar full.svgStar full.svgStar full.svgStar empty.svg[20]
BBC Music positiv[21]
BW&BK 7.5/10[22]
Exclaim! positiv[23]
Kerrang! 5/5[24]
PopMatters positiv[25]
Sputnikmusic 4.0/5[12]

Albumet fekk generelt god kritikk og Kerrang! skildra det som «enormt og konkret bevis på at Maiden er like spanande og viktige som dei har vore på lenge.»[24] Sputnikmusic var òg positive og nemnde særleg «Paschendale», som dei skildra som «ganske enkelt det ultimate meisterverket til Maiden.»[12] Sjølv om dei rekna dei første tre songane som «forfriskande, likevel lite merkverdige», skildra AllMusic Dance of Death som «ein triumferande tilbakekomst til nivået me kjenner frå tidlegare for desse heavy metal-legendene.»[20]

Sjølv om albumet vart kritisert for lengda og for å ikkje «matche kvaliteten» til føregjengarane, vart Dance of Death hylla av PopMatters for «framleis lett å utklasse dei fleste yngre nu-metal-banda som finst i dag.»[25]

Innhald[endre | endre wikiteksten]

# Tittel Låtskrivar(ar) Lengd
1. «Wildest Dreams»   Adrian Smith, Steve Harris 3:52
2. «Rainmaker»   Dave Murray, Harris, Bruce Dickinson 3:48
3. «No More Lies»   Harris 7:21
4. «Montségur»   Janick Gers, Harris, Dickinson 5:50
5. «Dance of Death»   Gers, Harris 8:36
6. «Gates of Tomorrow»   Gers, Harris, Dickinson 5:12
7. «New Frontier»   Nicko McBrain, Smith, Dickinson 5:04
8. «Paschendale»   Smith, Harris 8:27
9. «Face in the Sand»   Smith, Harris, Dickinson 6:31
10. «Age of Innocence»   Murray, Harris 6:10
11. «Journeyman»   Smith, Harris, Dickinson 7:06
67:57

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Henta frå plateomslag;[1]

Iron Maiden
Produksjon

Lister og salstrofé[endre | endre wikiteksten]

Album[endre | endre wikiteksten]

Land Liste (2003) Plassering
Australia ARIA Charts 12[26]
Austerrike Ö3 Austerrike Topp 40 3[27]
Belgia (Flandern) Ultratop 4[28]
Belgia (Vallonia) 9[29]
Canada Canadian Albums Chart 5[30]
Danmark Tracklisten 10[31]
Finland Den finske albumlista 1[32]
Frankrike SNEP 3[33]
Tyskland Media Control Charts 2[34]
Hellas IFPI Hellas 2[35]
Italia FIMI 1[36]
Japan Oricon 11[37]
Nederland MegaCharts 10[38]
New Zealand RIANZ 21[39]
Noreg VG-lista 3[40]
Polen Polish Music Charts 3[41]
Portugal AFP 4[42]
Sverige Sverigetopplistan 1[43]
Sveits Hitparade 2[44]
Storbritannia Offisiell albumliste 2[45]
USA Billboard 200 18[46]

Salstrofé[endre | endre wikiteksten]

Land Salstrofé Sal
Argentina (CAPIF) Gull[47] 20,000+
Brasil (ABPD) Gull[48] 50,000+
Finland (IFPI Finland) Gull[49] 15,000+
Tyskland (BVMI) Gull[50] 100,000+
Hellas (IFPI Hellas) Gull[51] 10,000+
Sverige (IFPI) Gull[52] 30,000+
Storbritannia (BPI) Gull[53] 100,000+

Singlar[endre | endre wikiteksten]

Single Liste (2003) Plassering
«Wildest Dreams» Austerriken Singles Chart 65[54]
Canadian Singles Chart 26[30]
Den nederlandske singellista 45[55]
Den finske singellista 1[32]
Den franske singellista 57[56]
Den tyske singellista 27[57]
Irish Singles Chart 19[58]
Den italienske singellista 4[59]
VG-lista i Noreg 5[40]
Sverigetopplistan 4[43]
Den sveitisiske singellista 68[60]
UK Singles Chart 6[61]
«Rainmaker» Den finske singellista 3[32]
Den franske singellista 71[56]
Den tyske singellista 36[57]
Den italienske singellista 13[59]
Den svenske singellista 35[43]
UK Singles Chart 13[62]
Singel Liste (2004) Plassering
«Rainmaker» Canadian Singles Chart 7[30]
Den nederlandske singellista 98[55]
Den sveitisiske singellista 94[44]
No More Lies Canadian Singles Chart 8[30]
Den finske singellista 3[32]
Den franske singellista 70[56]
Den tyske singellista 36[57]
Irish Singles Chart 25[58]
Den italienske singellista 10[59]
Den sveitisiske singellista 93[63]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 Dance of Death. Iron Maiden. EMI. 8. september 2003. 
  2. 2,0 2,1 Death on the Road. [DVD]. EMI. 6 February 2006. 
  3. «Iron Maiden announce 2003 European dates». Blabbermouth.net. 28. november 2002. http://www.blabbermouth.net/news/iron-maiden-announce-european-dates/. Henta 2. september 2016. 
  4. «Iron Maiden To Begin Recording This Month». Blabbermouth.net. 6. januar 2003. http://www.blabbermouth.net/news/produsent-iron-maiden-to-begin-recording-this-month/. Henta 2. september 2016. 
  5. «Iron Maiden Complete Basic Tracks for New CD». Blabbermouth.net. 5 February 2003. http://www.blabbermouth.net/news/iron-maiden-complete-basic-tracks-for-new-cd/. Henta 2. september 2016. 
  6. «Iron Maiden to Begin Mixing in April». Blabbermouth.net. 21 February 2003. http://www.blabbermouth.net/news/iron-maiden-to-begin-miksing-in-april/. Henta 2. september 2016. 
  7. «Iron Maiden: New Album Details Unveiled». Blabbermouth.net. 1. juni 2003. http://www.blabbermouth.net/news/iron-maiden-new-album-details-unveiled/. Henta 2. september 2016. 
  8. «Iron Maiden Announce European Tour and Release Date». Blabbermouth.net. 29. juni 2003. http://www.blabbermouth.net/news/iron-maiden-to-tour-europe-in-the-fall/. Henta 2. september 2016. 
  9. 9,0 9,1 9,2 Wall, Mick (2004). Iron Maiden: Run to the Hills, the Authorised Biography (3rd utg.). Sanctuary Publishing. s. 380. ISBN 1-86074-542-3. 
  10. 10,0 10,1 Iron Maiden (6. juni 2011). «Album List: Dance of Death». From Fear to Eternity Booklet. EMI. 
  11. Porter, Tom (22. juli 2010). «Iron Maiden: a gruesome history of graphic artwork». MusicRadar. http://www.musicradar.com/news/gitarar/iron-maiden-a-gruesome-history-of-graphic-artwork-248809/61. Henta 2. september 2016. 
  12. 12,0 12,1 12,2 Stagno, Mike (13. september 2006). «Iron Maiden – Dance of Death». Sputnikmusic. http://www.sputnikmusic.com/review/9129/Iron-Maiden-Dance-Of-Death/. Henta 1. september 2016. 
  13. «Iron Maiden release special souvenir EP». 28. januar 2007. http://www.ironmaiden.com/iron-maiden-release-special-souvenir-ep.html. 
  14. 14,0 14,1 14,2 Wall, Mick (2004). Iron Maiden: Run to the Hills, the Authorised Biography (3rd utg.). Sanctuary Publishing. s. 374. ISBN 1-86074-542-3. 
  15. 15,0 15,1 15,2 Wall, Mick (2004). Iron Maiden: Run to the Hills, the Authorised Biography (3rd utg.). Sanctuary Publishing. s. 373. ISBN 1-86074-542-3. 
  16. 16,0 16,1 16,2 Wall, Mick (2004). Iron Maiden: Run to the Hills, the Authorised Biography (3rd utg.). Sanctuary Publishing. s. 375. ISBN 1-86074-542-3. 
  17. Campbell, Iain (March 2009). Bayer, Gerd, red. «From Achilles to Alexander: The Classical World and the World of Metal». Heavy Metal Music in Britain (London: Ashgate Publishing): 118. 
  18. 18,0 18,1 18,2 18,3 Wall, Mick (2004). Iron Maiden: Run to the Hills, the Authorised Biography (3rd utg.). Sanctuary Publishing. s. 376. ISBN 1-86074-542-3. 
  19. Death on the Road. [DVD]. EMI. 6 February 2006. 
  20. 20,0 20,1 Monger, James. Dance of Death av Iron MaidenAllmusic. Henta 1. september 2016.
  21. Jones, Chris (8. september 2003). «Iron Maiden – Dance of Death Review». BBC Online. http://www.bbc.co.uk/music/reviews/34f9. Henta 2. september 2016. 
  22. Henderson, Tim. «Iron Maiden – Dance of Death». BW&BK. http://www.bravewords.com/hardwares/1000565. Henta 1. september 2016. 
  23. Palmerston, Sean (December 2003). «Iron Maiden – Dance of Death». Exclaim!. http://exclaim.ca/Reviews/Metal/iron_maiden-dance_of_death. Henta 1. september 2016. 
  24. 24,0 24,1 Lawson, Dom (12. september 2003). «Kerrang Dance of Death Review». Kerrang!. IronMaiden.com. http://www.ironmaiden.com/kerrang-dance-of-death-review.html. Henta 1. september 2016. 
  25. 25,0 25,1 Begrand, Adrien (1 October 2003). «Iron Maiden: Dance of Death». PopMatters. http://www.popmatters.com/pm/review/ironmaiden-dance/. Henta 1. september 2016. 
  26. «Iron Maiden – Dance of Death». ARIA Charts. Australian-charts.com. http://australian-charts.com/showitem.asp?interpret=Iron+Maiden&titel=Dance+Of+Death&cat=a. Henta 1. september 2016. 
  27. «Iron Maiden – Dance of Death» (på tysk). Ö3 Austerrike Topp 40. Austriancharts.at. http://austriancharts.at/showitem.asp?interpret=Iron+Maiden&titel=Dance+Of+Death&cat=a. Henta 2. september 2016. 
  28. «Iron Maiden – Dance of Death, Belgian Charts (Flandern)» (på nederlandsk). Ultratop. http://www.ultratop.be/nl/showitem.asp?interpret=Iron+Maiden&titel=Dance+Of+Death&cat=a. Henta 1. september 2016. 
  29. «Iron Maiden – Dance of Death, Belgian Charts (Vallonia)» (på French). Ultratop. http://www.ultratop.be/fr/showitem.asp?interpret=Iron+Maiden&titel=Dance+Of+Death&cat=a. Henta 1. september 2016. 
  30. 30,0 30,1 30,2 30,3 «Iron Maiden- Billboard albums and singles». AllMusic. Rovi Corporation. http://www.allmusic.com/artist/iron-maiden-mn0000098465/awards. Henta 2. september 2016. 
  31. «Iron Maiden – Dance of Death». Tracklisten. Danishcharts.com. http://danishcharts.com/showitem.asp?interpret=Iron+Maiden&titel=Dance+Of+Death&cat=a. Henta 1. september 2016. 
  32. 32,0 32,1 32,2 32,3 «Diskografi Iron Maiden». Den finske albumlista. Finnishcharts.com. http://finnishcharts.com/showinterpret.asp?interpret=Iron+Maiden. Henta 2. september 2016. 
  33. «Iron Maiden – Dance of Death, French Charts» (på French). Syndicat National de l'Édition Phonographique. Lescharts.com. http://lescharts.com/showitem.asp?interpret=Iron+Maiden&titel=Dance+Of+Death&cat=a. Henta 1. september 2016. 
  34. «Iron Maiden > Longplay-Chartverfolgung» (på tysk). Media Control Charts. Musicline.de. http://www.musicline.de/de/chartverfolgung_summary/artist/IRON+MAIDEN?sort=entry&type=longplay. Henta 2. september 2016. 
  35. «Top 50 Greek and Foreign Albums: 5-11/10 2003» (på Greek). IFPI Hellas. Arkivert frå originalen den 9 October 2003. http://web.archive.org/web/20031009003644/http://www.ifpi.gr/chart04.htm. Henta 17 October 2010. 
  36. «Iron Maiden – Dance of Death». Federazione Industria Musicale Italiana. Italiancharts.com. http://italiancharts.com/showitem.asp?interpret=Iron+Maiden&titel=Dance+Of+Death&cat=a. Henta 1. september 2016. 
  37. «Dance of Death- Oricon» (på japansk). Oricon. http://www.oricon.co.jp/prof/artist/32233/products/music/513627/1/. Henta 2. september 2016. 
  38. «Iron Maiden – Dance of Death, Dutch Charts» (på nederlandsk). MegaCharts. http://dutchcharts.nl/showitem.asp?interpret=Iron+Maiden&titel=Dance+Of+Death&cat=a. Henta 1. september 2016. 
  39. «Iron Maiden – Dance of Death, New Zealand Charts». Recording Industry Association of New Zealand. Charts.org.nz. http://charts.org.nz/showitem.asp?interpret=Iron+Maiden&titel=Dance+Of+Death&cat=a. Henta 1. september 2016. 
  40. 40,0 40,1 «Diskografi Iron Maiden». VG-lista. Norwegiancharts.com. http://norwegiancharts.com/showinterpret.asp?interpret=Iron+Maiden. Henta 2. september 2016. 
  41. «OLiS: sales for the period 08.09.2003 – 14.09.2003». OLiS. 22. september 2003. http://olis.onyx.pl/listy/index.asp?idlisty=164&lang=en. Henta 2. september 2016. 
  42. «Iron Maiden – Dance of Death». Associação Fonográfica Portuguesa. Portuguesecharts.com. http://portuguesecharts.com/showitem.asp?interpret=Iron+Maiden&titel=Dance+Of+Death&cat=a. Henta 1. september 2016. 
  43. 43,0 43,1 43,2 «Iron Maiden». Sverigetopplistan. Swedishcharts.com. http://swedishcharts.com/showitem.asp?interpret=Iron+Maiden&titel=Dance+Of+Death&cat=a. Henta 2. september 2016. 
  44. 44,0 44,1 «Iron Maiden – Dance of Death» (på tysk). Hitparade. http://swisscharts.com/showitem.asp?interpret=Iron+Maiden&titel=Dance+Of+Death&cat=a. Henta 2. september 2016. 
  45. «Iron Maiden UK Chart History». Official Charts Company. http://www.officialcharts.com/artist/_/iron%20maiden/. Henta 23. november 2012. 
  46. «Artist Chart History – Iron Maiden». Billboard. Nielsen Business Media, Inc.. http://www.billboard.com/artist/303893/iron+maiden/chart. Henta 2. september 2016. 
  47. «Representando a la Industria Argentina de la Música» (på spansk). CAPIF. Arkivert frå originalen den 31. mai 2011. http://web.archive.org/web/20110531184336/http://www.capif.org.ar/Default.asp?PerDesde_MM=0&PerDesde_AA=0&PerHasta_MM=0&PerHasta_AA=0&interprete=iron+maiden&album=&LanDesde_MM=0&LanDesde_AA=0&LanHasta_MM=0&LanHasta_AA=0&Galardon=O&Tipo=0&ACCION2=+Buscar+&ACCION=Buscar&CO=5&CODOP=ESOP. Henta 28 August 2011. 
  48. «ABPD – Certificados» (på Portuguese). Brazilian Association of Phonograph Producers. http://www.abpd.org.br/certificados_interna.asp?sArtista=Iron_Maiden. Henta 2. januar 2012. 
  49. «Musiikkituottajat – Tilastot – Kulta- ja platinalevyt: Iron Maiden» (på Finnish). IFPI Finland. http://www.ifpi.fi/tilastot/artistit/iron+maiden. Henta 29 August 2010. 
  50. «Gold-/Platin-Datenbank ('Dance of Death')» (på German). Bundesverband Musikindustrie. http://www.musikindustrie.de/gold_platin_datenbank/?action=suche&strTitel=Dance+of+Death&strInterpret=&strTtArt=alle&strAwards=checked. 
  51. «Top 75 Combined Repertoire (Albums): 30/11-06/12 2003» (på Greek). IFPI Hellas. Arkivert frå originalen den 9 December 2003. http://web.archive.org/web/20031209112241/http://www.ifpi.gr/chart01.htm. Henta 17 October 2010. 
  52. «IFPI > Guld & Platina År 2003» (på Swedish) (PDF). IFPI Svenska Gruppen. pp. 1–5. Arkivert frå originalen den 1. september 2016. http://web.archive.org/web/20120521231903/http://www.ifpi.se/wp/wp-content/uploads/ar-20033.pdf. Henta 4. november 2008. 
  53. «BPI: Certified Awards Search». British Phonographic Industry. http://www.bpi.co.uk/certified-awards.aspx. Henta 1. september 2016. 
  54. «Iron Maiden – «Wildest Dreams»» (på tysk). Ö3 Austerrike Topp 40. Austriancharts.at. http://austriancharts.at/showitem.asp?interpret=Iron+Maiden&titel=Wildest+Dreams&cat=s. Henta 2. september 2016. 
  55. 55,0 55,1 «Diskografi Iron Maiden» (på nederlandsk). MegaCharts. http://www.dutchcharts.nl/showinterpret.asp?interpret=Iron+Maiden. Henta 2. september 2016. 
  56. 56,0 56,1 56,2 «Discographie Iron Maiden» (på French). SNEP. Lescharts.com. http://lescharts.com/showinterpret.asp?interpret=Iron+Maiden. Henta 2. september 2016. 
  57. 57,0 57,1 57,2 «Iron Maiden Single-Chartverfolgung». Media Control Charts. Musicline.de. http://www.musicline.de/de/chartverfolgung_summary/artist/IRON+MAIDEN/single?sort=entry. Henta 2. september 2016. 
  58. 58,0 58,1 «Irish Singles Archive». IRMA. Irishcharts.ie. http://www.irishcharts.ie/search/placement. Henta 2. september 2016. 
  59. 59,0 59,1 59,2 «Iron Maiden songs». FIMI. Italiancharts.com. http://italiancharts.com/search.asp?cat=s&search=Iron+Maiden. Henta 2. september 2016. 
  60. «Iron Maiden – 'Wildest Dreans'» (på tysk). Hitparade. http://swisscharts.com/showitem.asp?interpret=Iron+Maiden&titel=Wildest+Dreams&cat=s. Henta 1. september 2016. 
  61. «Top 40 Official Singles Chart UK Archive 13. september 2003». Official Charts Company. http://www.officialcharts.com/archive-chart/_/1/2003-09-13/. Henta 1. september 2016. 
  62. «Top 40 Official Singles Chart UK Archive 6 December 2003». Official Charts Company. http://www.officialcharts.com/archive-chart/_/1/2003-12-06/. Henta 1. september 2016. 
  63. «Iron Maiden – 'Wildest Dreams'» (på tysk). Hitparade. http://swisscharts.com/showitem.asp?interpret=Iron+Maiden&titel=Rainmaker&cat=s. Henta 1. september 2016.