2 Minutes to Midnight

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
2 Minutes to Midnight
Singel av Iron Maiden
frå albumet Powerslave
B-side «Rainbow's Gold» (Beckett cover)
  • «Mission from 'Arry»
Utgjeve 6. august 1984
Innspelt 1984
Sjanger Heavy metal
Lengd 6:04
Selskap EMI
Låtskrivar(ar)
Produsent Martin Birch
Iron Maiden-kronologi
«The Trooper»
(1983)
2 Minutes to Midnight «Aces High»
(1984)


«2 Minutes to Midnight» er ein song av det engelske heavy metal-bandet Iron Maiden frå det femte studioalbumet deira, Powerslave (1984). Han vart gjeven ut som den tiande singelen til bandet, og den første frå albumet, den 6. august 1984. Singelen nådde 11. plassen på UK Singles Chart i Storbritannia og 25. plassen på Billboard Top Album Tracks.

Oversyn[endre | endre wikiteksten]

«2 Minutes to Midnight» vart skriven av Adrian Smith og Bruce Dickinson.

Songen referer til Dommedagsklokka, ei symbolsk klokke nytta av Bulletin of the Atomic Scientists, som representerer nedtellinga til ein potensiell global katastrofe. I september 1953 nådde klokka to minuttar på midnatt, det nærmaste han nokon gong har vore midnatt, då USA og Sovjetunionen testa hydrogenbomber.[1] I følgje Dickinson kritiserer songen «krigsromantikken», og særleg den kalde krigen.[2]

«Rainbow's Gold»[endre | endre wikiteksten]

Den første B-sida er ein coverversjon av songen «Rainbow's Gold» av det britiske progrockbandet Beckett, som dei gav ut i 1974. Songen var skriven av Terry Slesser og Kenny Mountain.[3]

I følgje Nicko McBrain, som kommenterte singlen i «Listen With Nicko Part VI» (ein del av serien The First Ten Years), var medlemmane i Iron Maiden vener med medlemmar i Beckett.

«Mission From 'Arry»[endre | endre wikiteksten]

Ei anna B-side, kalla «Mission from 'Arry», er ei innspeling av ein krangel mellom bassisten Steve Harris og trommeslagaren Nicko McBrain, som fann stad etter ein konsert i Allentown i Pennsylvania under World Piece-turneen.[2] Under konserten braut bassutstyet til Harris saman, og han bad den nærmaste scenearbeidaren om å be McBrain spele ein lengre solo. Han klarte ikkje å få McBrain til å forstå meldinga og dette gjekk utover soloen hans, slik at han kjefta på scenearbeidaren etterpå.[2] Vokalisten Bruce Dickinson syns krangelen som følgde var så morosam at han valte å ta han opp på lydband.[2][4]

Innhald[endre | endre wikiteksten]

7"-singel
Side ein
# Tittel Låtskrivar(ar) Lengd
1. «2 Minutes to Midnight»   Adrian Smith, Bruce Dickinson 6:04
Side to
# Tittel Låtskrivar(ar) Lengd
1. «Rainbow's Gold» (Beckett cover) Terry Slesser, Kenny Mountain 4:57
11:01
12"-singel
Side ein
# Tittel Låtskrivar(ar) Lengd
1. «2 Minutes to Midnight»   Smith, Dickinson 6:04
Side to
# Tittel Låtskrivar(ar) Lengd
1. «Rainbow's Gold» (Beckett-song) Slesser, Mountain 4:57
2. «Mission from 'Arry»   Steve Harris, Nicko McBrain 6:40
17:41

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Henta frå singel-omslaget.[5][6]

Iron Maiden
Produksjon

Andre versjonar[endre | endre wikiteksten]

År Artist Album
1988 Decameron Made in Tribute: A Tribute to the Best Band in a Whole Goddamn World
1999 Deceased A Call To Irons Vol. 2
2005 The Iron Maidens World's Only Female Tribute to Iron Maiden
2005 Joe Lynn Turner, Richie Kotzen, Bob Kulick, Tony Franklin, Chris Slade Numbers From The Beast
2005 Primal Fear A Tribute to the Beast, Vol. 2
2008 Glamour of the Kill Maiden Heaven: A Tribute to Iron Maiden
2012 Maiden uniteD Across The Seventh Sea

I andre media[endre | endre wikiteksten]

Lister[endre | endre wikiteksten]

Singel Liste (1984) Plassering Album
«2 Minutes to Midnight» Den tyske singellista 70[7] Powerslave
Irish Singles Chart 10[8]
UK Singles Chart 11[9]
Singel Liste (1990) Plassering Album
«2 Minutes to Midnight» / «Aces High» UK Albums Chart[merk 1] 11[10]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. Nyutgjeving av begge singlane som ein del av The First Ten Years. Strekte seg over tidsgrensa til UK Singles chart.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Doomsday Clock Timeline». http://www.thebulletin.org/content/doomsday-clock/timeline. Henta 24. august 2016. 
  2. 2,0 2,1 2,2 2,3 Live After Death. [DVD]. EMI. 4 February 2008. 
  3. «Beckett's 1974 self-titled album». http://rateyourmusic.com/release/album/beckett/beckett/. Henta 24. august 2016. 
  4. Noguera, Anthony (May 1992). «B-Side Or Be Dead». Metal Attack «Iron Maiden Special» (London: Rock Team Publishing And Productions Ltd). 
  5. «2 Minutes to Midnight» 7 Inch Single. Iron Maiden. EMI. 6 August 1984. 
  6. «2 Minutes to Midnight» 12 Inch Single. Iron Maiden. EMI. 6 August 1984. 
  7. «Single – Iron Maiden, '2 Minutes to Midnight'». Media Control Charts. charts.de. http://www.officialcharts.de/song.asp?artist=Iron+Maiden&title=2+Minutes+To+Midnight&country=de. Henta 27. august 2013. 
  8. «Irish Singles». IRMA. Irishcharts.ie. http://www.irishcharts.ie/search/placement. Henta 1 October 2011. 
  9. «Top 40 Official Singles Chart UK Archive 25 August 1984». Official Charts Company. http://www.officialcharts.com/archive-chart/_/1/1984-08-25/. Henta 27. august 2013. 
  10. «Top 40 Official UK Albums Archive 31 March 1990». Official Charts Company. http://www.officialcharts.com/archive-chart/_/3/1990-03-31/. Henta 24. august 2016. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]