Dave Murray

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Dave Murray
Davemurray.jpg
Dave Murray på scenen i San José 26. februar 2008
Verkeleg namn David Michael Murray
Fødd 23. desember 1956 (61 år)
Edmonton i London i England
Instrument

Gitar

Sjanger Heavy metal, hardrock
Aktive år 1972 til i dag
Yrke Musikar, låtskrivar
Tilknytte artistar Iron Maiden, Urchin
Plateselskap EMI
Kjende instrument
Fender Stratocaster, Gibson Les Paul

David Michael «Dave» Murray (fødd 23. desember 1956) er ein engelsk gitarist og låtskrivar, mest kjend som ein av dei tidlege medlemmane i det britiske heavy metal-bandet Iron Maiden. I lag med bassisten og hovudlåtskrivaren i gruppa, Steve Harris, har Murray vore med på alle albuma til bandet.

Murray voks opp forskjellige stader i London og vart medlem av ein skinhead-gjeng før han vart interessert i rock 15 år gammal og danna sitt eige band, Stone Free, med barndomsvenen Adrian Smith. Då han slutta på skulen 15 år gammal,[1] svarte han ofte på annonsar i Melody Maker før han prøvespelte for Iron Maiden i 1976. Ei kort stund seinare fekk Murray sparken etter ein krangel med vokalisten i bandet, Dennis Wilcock, og var seks månader i bandet til Smith, Urchin. Våren 1978 vart Murray igjen beden om å bli med i Iron Maiden etter at Wilcock hadde slutta, og har vore med i bandet sidan den gongen.

Diskografi[endre | endre wikiteksten]

Iron Maiden
Gjesteartist

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Wall 2004, s. 40.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Dave Murray