El Dorado av Iron Maiden

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
El Dorado
Singel av Iron Maiden
frå albumet The Final Frontier
Utgjeve 8. juni 2010
Innspelt Compass Point Studios i Nassau på Bahamas i 2010
Sjanger Heavy metal
Lengd 6:49
Selskap EMI
Tekstforfattar Steve Harris
Låtskrivar(ar) Bruce Dickinson, Adrian Smith, Steve Harris [1]
Produsent Kevin Shirley
Iron Maiden-kronologi 
«Different World»
(2006)
El Dorado «Speed of Light»
(2015)


«El Dorado» er ein song av det engelske heavy metal-bandet Iron Maiden frå albumet The Final Frontier frå 2010. Songen vart den 41. singelen til bandet og den einaste frå albumet. Songen vart gjort tilgjengeleg for gratis nedlasting via den offisielle nettsida til bandet 8. juni 2010, ein dag før turneen for albumet byrja.[2] Singelomslaget vart laga av Anthony Dry og er basert på omslag av EC Comics, publiserte av William Gaines, som var populære i 1950-åra. Om den tidlege utgjevinga sa vokalisten Bruce Dickinson «El Dorado er ei førehandsvising av det komande albumet vårt. Me skal spele han på den komande turneen, så me tenkte å takke fansen vår med å få dei i The Final Frontier-stemning og gje dei ein song før turneen byrja og albumet kjem ut.»[2]

Dickinson forklarte at teksten er ein kynisk kritikk av finanskrisa i 2007-2008 og samanlikna bankfolka som var ansvarlege med folka som selde myta om El Dorado.[1]

«El Dorado» vann Grammyprisen for beste metal-song i 2011.[3] Det var første gongen bandet vann etter å ha vore nominert to gonger tidlegare.[4][5]

Gitarsoloen i songen vert spelt av alle dei tre gitaristane i bandet, Adrian Smith (3:42-3:53), Dave Murray (3:53-4:06) og Janick Gers (4:06-4:23).[6]

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Iron Maiden
Produksjon

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 «'We're Taking No Prisoners'». Kerrang!. 9. juni 2010. Henta 9. juni 2010. 
  2. 2,0 2,1 «Maiden Announce Release Date, Artwork and Tracklisting for New Album The Final Frontier». Iron Maiden official website. 1. september 2016. Arkivert frå originalen 27. september 2015. Henta 5. september 2016. 
  3. «Iron Maiden, Slayer, Megadeth, Ozzy, Korn Among Grammy Awards Nominees». Blabbermouth. 1 December 2010. Henta 5. september 2016. 
  4. «Grammy Awards: Best Metal Performance». Rock on the Net. Henta 5. september 2016. 
  5. «53rd Grammy Awards Winners». Grammys. 5. september 2016. Henta 5. september 2016. 
  6. «El Dorado - Single Review». Ultimate Guitar. 10. november 2010. Arkivert frå originalen 28. juli 2012. Henta 5. september 2016.