The Evil That Men Do av Iron Maiden

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
The Evil That Men Do
Singel av Iron Maiden
frå albumet Seventh Son of a Seventh Son
B-side
  • «Prowler '88»
  • «Charlotte the Harlot '88»
Utgjeve 1. august 1988 (UK)
13. august 1988 (US)
Innspelt 1988
Sjanger Heavy metal
Lengd 4:33
Selskap EMI
Låtskrivar(ar)
Produsent Martin Birch
Iron Maiden-kronologi
«Can I Play with Madness»
(1988)
The Evil That Men Do «The Clairvoyant»
(1988)


«The Evil That Men Do» er ein song av det engelske heavy metal-bandet Iron Maiden. Det er den 17. singelen bandet gav ut og den andre frå albumet Seventh Son of a Seventh Son (1988). Singelen debuterte på sjetteplassen på den britiske singellista og nådde femteplassen. B-sidene til singelen er nyinnspelingar av «Prowler» og «Charlotte the Harlot» som finst på debutalbumet Iron Maiden.

Tittelen på songen er henta frå William Shakespeare-skodespelet Julius Caesar, der Marcus Antonius talar etter mordet på Cæsar (Akt 3, scene 2, «The Forum»): «The evil that men do lives after them; The good is oft interred with their bones.» Bruce Dickinson seier stundom dette før han spelar songen, men i motsett rekkefølgje (som på Rock in Rio).

Gitarsoloen i «The Evil That Men Do» vart spelt av Adrian Smith, medan gitarsoloen på «Prowler '88» vert spelt av Dave Murray. På «Charlotte the Harlot '88», vert den første gitarsoloen spelt av Dave Murray og den andre av Adrian Smith.

Musikkvideoen vart filma i The Forum i Inglewood i Californai under Seventh Tour of a Seventh Tour i 1988.

Innhald[endre | endre wikiteksten]

  1. «The Evil That Men Do» (Smith, Dickinson, Harris) – 4:33
  2. «Prowler '88» (Harris) – 4:06
  3. «Charlotte the Harlot '88» (Dave Murray) – 4:11

Andre versjonar[endre | endre wikiteksten]

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Henta frå singelomslaget.[3]

Iron Maiden
Produksjon

Lister[endre | endre wikiteksten]

Singel Liste (1988) Plassering Album
«The Evil That Men Do» Den nederlandske singellista 23[4] Seventh Son of a Seventh Son
Irish Singles Chart 4[5]
VG-lista i Noreg 7[6]
UK Singles Chart 5[7]
Singel Liste (1990) Plassering Album
«Can I Play with Madness / The Evil That Men Do» UK Albums Chart[merk 1] 10[8]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. Nyutgjeving av begge singlane som ein del av The First Ten Years. Strekte seg over tidsgrensa til UK Singles chart.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]