Out of the Silent Planet av Iron Maiden

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Out of the Silent Planet
av Iron Maiden
frå albumet Brave New World
B-side

«Wasted Years» (live)
«Aces High» (live)

Utgjeve 23. oktober 2000
Innspelt 1999-2000
Sjanger Heavy metal
Lengd 6:25 (album)
4:10 (singel)
Selskap EMI
Låtskrivar(ar) Janick Gers, Bruce Dickinson, Steve Harris
Iron Maiden-kronologi 
«The Wicker Man»
(2000)
Out of the Silent Planet «Run to the Hills (live)»
(2002)


«Out of the Silent Planet» er ein song av Iron Maiden frå albumet Brave New World, gjeven ut som singel i 2000.

Oversyn[endre | endre wikiteksten]

Singelen inneheld to konsertopptak frå Ed Hunter-turneen i 1999, med gitaristen Adrian Smith og vokalisten Bruce Dickinson, i tillegg til ein musikkvideo for «Out of the Silent Planet». Singelomslaget vart laga av Mark Wilkinson. I følgje intervju med bandmedlemmane vart songen i hovudsak inspirert av science fiction-filmen Forbidden Planet. I tillegg var namnet «Out Of The Silent Planet» ein referanse til C.S. Lewis-romanen med same namn frå 1938.

Trass i at songen var ein av berre to singlar frå albumet, vart han ikkje spelt på dei fleste av konsertane etter albumet kom ut, berre på nokre få ekstranummer i Sør-Amerika.

Gitarsoloen i songen vert spelt av Janick Gers.

Musikkvideoen består av opptak av bandet frå den europeiske delen av Brave New World Tour.

Innhald[endre | endre wikiteksten]

CD-versjonar[endre | endre wikiteksten]

  1. «Out of the Silent Planet» (Edited Version) (Janick Gers, Steve Harris, Bruce Dickinson) – 4:10
  2. «Wasted Years» (live - Filaforum, Milano i Italia, 23. september 1999) (Adrian Smith) – 5:07
  3. «Aces High» (live - Plaza Del Toros, Madrid i Spania, 26. september 1999) (Harris) – 5:24
  4. «Out of the Silent Planet» (video) (Gers, Harris, Dickinson) – 4:10

12" biletdisk[endre | endre wikiteksten]

  1. A1 - «Out of the Silent Planet» (Edited Version) (Gers, Harris, Dickinson) – 4:10
  2. B1 - «Wasted Years» (live - Filaforum, Milano i Italia, 23. september 1999) (Smith) – 5:07
  3. B2 - «Aces High» (live - Plaza Del Toros, Madrid i Spania, 26. september 1999) (Harris) – 5:24

7" raud vinyl[endre | endre wikiteksten]

  1. A - «Out of the Silent Planet» (Edited Version) (Gers, Harris, Dickinson)
  2. B - «Aces High» (live) (Harris)

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Henta frå singelomslaget[1][2]

Iron Maiden
Produksjon

Lister[endre | endre wikiteksten]

Liste (2000) Plassering
Finland (Suomen virallinen lista)[3] 13
Frankrike (SNEP)[4] 72
Tyskland (Media Control AG)[5] 66
Italia (FIMI)[6] 10
Nederland (Mega Single Top 100)[7] 87
Spania (PROMUSICAE)[8] 16
Sverige (Sverigetopplistan)[9] 35
UK Singles (The Official Charts Company)[10] 20

Kjelder[endre | endre wikiteksten]