No Prayer for the Dying

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Jump to navigation Jump to search
No Prayer for the Dying
Studioalbum av Iron Maiden
Utgjeve 1. oktober 1990
Innspelt Juni - september 1990 i Barnyard Studios i Essex i England
Sjanger Heavy metal
Lengd 43:42[1]
Selskap EMI
Epic (US)
Produsent Martin Birch
Iron Maiden-kronologi
Seventh Son of a Seventh Son
(1988)
No Prayer for the Dying Fear of the Dark
(1992)
Singlar frå No Prayer for the Dying
  1. «Holy Smoke»
    Utgjeve: 10. september 1990
  2. «Bring Your Daughter... to the Slaughter»
    Utgjeve: 24. desember 1990

No Prayer for the Dying er det åttande studioalbumet til det engelske heavy metal-bandet Iron Maiden. Albumet markerer den første endringa i besetninga til bandet sidan 1982. Gitaristen Adrian Smith slutta under førproduksjonfasen då han var misnøgd med den musikalske retninga bandet tok.[2] Etter å berre ha bidrege med ein enkel song, «Hooks in You»,[3] vart Smith erstatta av Janick Gers. Gers hadde tidlegare arbeidd med songaren Bruce Dickinson på det første soloalbumet hans, Tattooed Millionaire,[4] i tillegg til å ha arbeidd med Ian Gillan,[5] den tidlegare Marillion-songaren Fish,[5] og new wave of British heavy metal-bandet White Spirit.[6]

Sjølv om albumet generelt fekk middels til dårleg kritikk, nådde det andreplassen på UK Albums Chart og inneheld den einaste singelen deira som nådde toppen av UK Singles Chart, «Bring Your Daughter... to the Slaughter».

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

Gitaristen Janick Gers erstatta Adrian Smith før innspelinga av albumet.

Albumet tok eit steg til side for den synthesizer-prega progrock-retninga bandet hadde teke på dei to førre studioalbuma sine, Somewhere in Time i 1986 og Seventh Son of a Seventh Son i 1988, og bestod av ein «enklare», meir beintfram stil som minna om dei tidlege albuma deira.[2] Bruce Dickinson syng songane med ei meir grov stemme og ikkje den same opera-aktige vokalen han hadde nytta sidan 1980-åra.[7] Ideen var å lage eit album som var meir på «gatenivå», og inspirerte bandet til å spele inn albumet i ein låve på eigedomen til bassisten Steve Harris i Essex, ved hjelp av Rolling Stones Mobile Studio.[2] Dette vart dermed det første Iron Maiden-albumet som vart spelt inn i heimlandet sidan The Number of the Beast i 1982. Dickinson meiner at ideen var ein feil og sa «Det var drit! Albumet høyrdest dritdårleg ut, og eg ønskjer at me ikkje hadde gjort det på den måten. På den tida var eg like skulding som alle andre, og sa 'Åh flott, me er alle dekte i gras!».[8]

Albumet skilde seg òg frå dei litterære og historiske tekstane og var meir politiske, med songar som fokuserte på religiøs utnytting (som på den første singelen «Holy Smoke») og samfunnsproblem («Public Enema Number One»).[3] No Prayer for the Dying er det einaste albumet til Iron Maiden som ikkje har ein einaste song lengre enn seks minuttar og det andre med bannord i teksten (etter debutalbumet). Det var òg den første utgjevinga deira på Epic Records i USA, etter at bandet forlét Capitol Records, men det vart seld via EMI i alle område utafor USA. Trass i at albumet gjorde det bra i dei fleste landa, særleg i Storbritannia der det nådde andreplassen på albumlista,[3] vart dette det siste albumet deira som selde til gullplate i USA.[5]

No Prayer for the Dying inneheld hitten «Bring Your Daughter... to the Slaughter», som vart den einaste singelen deira som nådde toppen av singellista i Storbritannia, trass i at han vart bannlyst av BBC.[3] Det er ein ironisk song skriven av Dickinson og opphavleg spelt med solobandet hans for filmmusikken til A Nightmare on Elm Street 5: The Dream Child. Harris meinte det var ein song som «passa veldig bra for Maiden» og bandet spelte han inn på ny.[9]

Etter at Dickinson slutta i Iron Maiden i 1993, er songane frå No Prayer for the Dying stort sett ikkje blitt spelt på konsertane deira. Einaste unntaket er «Bring Your Daughter... to the Slaughter» som vart spelt på sommarturneen til bandet i 2003.

No Prayer on the Road var namnet på turneen etter albumet.

Plateomslaget[endre | endre wikiteksten]

Det finst to versjonar av omslaget. Det originale få 1990 syner Eddie som kjem opp av grava si og tar gravaren rundt halsen. Sidan bandmanageren Rod Smallwood mislikte figuren, bad han kunstnaren Derek Riggs om å fjerne han frå omslaget til utgåva frå 1998,[10] medan det originale omslaget er nytta på sjølve disken. I tillegg vart det lagt til ein inskripsjon på grava, som Riggs opphavleg hadde lete stå tom, slik at bandet kunne skrive inn det dei ønskte,[11] og les «After the Daylight, The Night of Pain, That is not Dead, Which Can Rise Again.»

Mottaking[endre | endre wikiteksten]

Meldingar
Karakter
Kjelde Karakter
AllMusic 2/5 starsStar full.svgStar empty.svgStar empty.svgStar empty.svg[5]
Collector's Guide to Heavy Metal 7/10[12]
Entertainment Weekly C+[13]
Sputnikmusic 2.0/5[7]

Albumet har generelt fått middels til dårleg kritikk, og AllMusic sa «låtane held ikkje mål samanlikna med klassikarar som Killers eller Number of the Beast» og «heilskapen held ikkje mål samanlikna med hittane.»[5] Sputnikmusic var like negativ og skreiv «No Prayer for the Dying er ein enkel, likeglad plate som aldri kjem i gang.»[7]

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Side ein
# Tittel Låtskrivar(ar) Lengd
1. «Tailgunner»   Steve Harris, Bruce Dickinson 4:13
2. «Holy Smoke»   Harris, Dickinson 3:47
3. «No Prayer for the Dying»   Harris 4:22
4. «Public Enema Number One»   Dave Murray, Dickinson 4:03
5. «Fates Warning»   Murray, Harris 4:09
Side to
# Tittel Låtskrivar(ar) Lengd
1. «The Assassin»   Harris 4:16
2. «Run Silent Run Deep»   Harris, Dickinson 4:34
3. «Hooks in You»   Dickinson, Adrian Smith 4:06
4. «Bring Your Daughter... to the Slaughter»   Dickinson 4:42
5. «Mother Russia»   Harris 5:30
43:42

Amerikansk bonusspor[endre | endre wikiteksten]

# Tittel Låtskrivar(ar) Lengd
11. «Listen With Nicko! Part XI»   Nicko McBrain  

Bonus-CD med 1995-utgåva[endre | endre wikiteksten]

# Tittel Låtskrivar(ar) Lengd
1. «All in Your Mind» (Stray-song) Del Bromham 4:31
2. «Kill Me Ce Soir» (Golden Earring-song) George Kooymans, John Fenton, Barry Hay 6:17
3. «I'm a Mover» (Free-song) Andy Fraser, Paul Rodgers 3:29
4. «Communication Breakdown» (Led Zeppelin-song) Jimmy Page, John Bonham, John Paul Jones 2:42

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Henta frå AllMusic[14] og plateomslaget.[1][15]

Iron Maiden
Andre musikarar
  • Michael Kenney – klaverinstrument
Produksjon

Lister[endre | endre wikiteksten]

Album[endre | endre wikiteksten]

Land Liste (1990) Plassering
Australia ARIA Charts 23[16]
Austerrike Ö3 Austerrike Topp 40 19[17]
Finland Den finske albumlista 3[18]
Tyskland Media Control Charts 7[19]
Japan Oricon 16[20]
Nederland MegaCharts 31[21]
New Zealand RIANZ 17[22]
Noreg VG-lista 4[23]
Sverige Sverigetopplistan 6[24]
Sveits Hitparade 11[25]
Storbritannia Offisiell albumliste 2[26]
USA Billboard 200 17[27]
Land Liste (1991) Plassering
Sveits Hitparade 37[25]

Singlar[endre | endre wikiteksten]

Singel Liste (1990) Plassering
»Holy Smoke» Irish Singles Chart 4[28]
Den sveitisiske singellista 20[29]
UK Singles Chart 3[30]
Singel Liste (1990) Plassering
«Bring Your Daughter... to the Slaughter» UK Singles Chart 1[31]
Singel Liste (1991) Plassering
«Bring Your Daughter... to the Slaughter» Irish Singles Chart 6[28]
Den sveitisiske singellista 19[32]
UK Singles Chart 1[33]

Salstrofé[endre | endre wikiteksten]

Region Salstrofé Salstal
Canada (Music Canada)[34] Platina 100 000^
Storbritannia (BPI)[35] Gull 100 000^
USA (RIAA)[36] Gull 500 000^

^salstala er basert på sertifiseringa aleine

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 No Prayer for the Dying. Iron Maiden. EMI. 1 October 1990. 
  2. 2,0 2,1 2,2 Wall, Mick (2004). Iron Maiden: Run to the Hills, the Authorised Biography (3rd utg.). Sanctuary Publishing. s. 283. ISBN 1-86074-542-3. 
  3. 3,0 3,1 3,2 3,3 Wall, Mick (2004). Iron Maiden: Run to the Hills, the Authorised Biography (3rd utg.). Sanctuary Publishing. s. 286. ISBN 1-86074-542-3. 
  4. Wall, Mick (2004). Iron Maiden: Run to the Hills, the Authorised Biography (3rd utg.). Sanctuary Publishing. s. 281. ISBN 1-86074-542-3. 
  5. 5,0 5,1 5,2 5,3 5,4 Prato, Greg. No Prayer for the DyingAllmusic. Henta 24. august 2016.
  6. Wall, Mick (2004). Iron Maiden: Run to the Hills, the Authorised Biography (3rd utg.). Sanctuary Publishing. s. 278. ISBN 1-86074-542-3. 
  7. 7,0 7,1 7,2 Stagno, Mike (18 August 2008). «Iron Maiden – No Prayer for the Dying». Sputnikmusic. http://www.sputnikmusic.com/review/26769/Iron-Maiden-No-Prayer-For-The-Dying/. Henta 24. august 2016. 
  8. Berelian, Essi (June 2000). «The Wicked Man». Classic Rock (15): 36–43. 
  9. Wall, Mick (2004). Iron Maiden: Run to the Hills, the Authorised Biography (3rd utg.). Sanctuary Publishing. s. 282. ISBN 1-86074-542-3. 
  10. Popoff, Martin (2006). Run for Cover: The Art of Derek Riggs (1 utg.). Aardvark Publishing. s. 114. ISBN 1-4276-0538-6. 
  11. «Derek Riggs- No Prayer for the Dying commentary». Derek Riggs. http://derek.server311.com/riggsart/Pages/maiden.dir/11prayer02.html. Henta 26 October 2011. 
  12. Popoff, Martin (August 1, 2007). The Collector's Guide to Heavy Metal: Volume 3: The Nineties. Burlington, Ontario, Canada: Collector's Guide Publishing. s. 211. ISBN 978-1-894959-62-9. 
  13. Mack, Bob (26 October 1990). «No Prayer for the Dying Review». Entertainment Weekly (37). Henta 24. august 2016. 
  14. «Iron Maiden – No Prayer for the Dying: Credits». AllMusic. Rovi Corporation. http://www.allmusic.com/album/no-prayer-for-the-dying-mw0000204748/credits. Henta 29. august 2016. 
  15. No Prayer for the Dying Remastered. Iron Maiden. EMI. 1998. 
  16. «Iron Maiden – No Prayer for the Dying (album)». ARIA Charts. Australian-charts.com. http://australian-charts.com/showitem.asp?interpret=Iron+Maiden&titel=No+Prayer+For+The+Dying&cat=a. Henta 22. august 2016. 
  17. «Iron Maiden – No Prayer for the Dying». Ö3 Austria. Austriancharts.at. http://austriancharts.at/showitem.asp?interpret=Iron+Maiden&titel=No+Prayer+For+The+Dying&cat=a. Henta 14 October 2011. 
  18. Pennanen, Timo (2006). Sisältää hitin – levyt ja esittäjät Suomen musiikkilistoilla vuodesta 1972 (på Finnish) (1st utg.). Helsinki: Kustannusosakeyhtiö Otava. s. 166. ISBN 978-951-1-21053-5. 
  19. «Iron Maiden – No Prayer for the Dying» (på tysk). Media Control Charts. charts.de. http://www.officialcharts.de/album.asp?artist=Iron+Maiden&title=No+Prayer+For+The+Dying&cat=a&country=de. Henta 14 October 2011. 
  20. «Iron Maiden – No Prayer for the Dying» (på Japanese). Oricon. http://www.oricon.co.jp/prof/artist/32233/ranking/cd_album/. Henta 14 October 2011. 
  21. «Iron Maiden – No Prayer for the Dying (album)» (på nederlandsk). MegaCharts. Dutchcharts.nl. http://dutchcharts.nl/showitem.asp?interpret=Iron+Maiden&titel=No+Prayer+For+The+Dying&cat=a. Henta 22. august 2016. 
  22. «Iron Maiden – No Prayer for the Dying (album)». Recording Industry Association of New Zealand. Charts.org.nz. http://charts.org.nz/showitem.asp?interpret=Iron+Maiden&titel=No+Prayer+For+The+Dying&cat=a. Henta 22. august 2016. 
  23. «Iron Maiden – No Prayer for the Dying». VG-lista. Norwegiancharts.com. http://norwegiancharts.com/showitem.asp?interpret=Iron+Maiden&titel=No+Prayer+For+The+Dying&cat=a. Henta 14 October 2011. 
  24. «Iron Maiden – No Prayer for the Dying». Sverigetopplistan. Swedishcharts.com. http://swedishcharts.com/showitem.asp?interpret=Iron+Maiden&titel=No+Prayer+For+The+Dying&cat=a. Henta 14 October 2011. 
  25. 25,0 25,1 «Iron Maiden – No Prayer for the Dying». Hitparade. http://swisscharts.com/showitem.asp?interpret=Iron+Maiden&titel=No+Prayer+For+The+Dying&cat=a. Henta 14 October 2011. 
  26. «Iron Maiden – UK Chart History». Official Charts Company. http://www.officialcharts.com/artist/_/iron%20maiden/. Henta 23 November 2012. 
  27. «Iron Maiden- Billboard albums». AllMusic. Rovi Corporation. http://www.allmusic.com/artist/iron-maiden-mn0000098465/awards. Henta 14 October 2011. 
  28. 28,0 28,1 «Irish singles archive». IRMA. irishcharts.ie. Arkivert frå originalen den 3 June 2009. http://www.webcitation.org/5hFf8iFDu. Henta 14 October 2011. 
  29. «Iron Maiden – 'Holy Smoke'». Hitparade. http://swisscharts.com/showitem.asp?interpret=Iron+Maiden&titel=Holy+Smoke&cat=s. Henta 14 October 2011. 
  30. «Top 40 Official Singles Chart UK Archive 22 September 1990». Official Charts Company. http://www.officialcharts.com/archive-chart/_/1/1990-09-22/. Henta 14 October 2011. 
  31. «Top 40 Official Singles Chart UK Archive 30 December 1990 — 5 January 1991». Official Charts Company. http://www.officialcharts.com/archive-chart/_/1/1991-01-05/. Henta 14 October 2011. 
  32. «Iron Maiden – 'Bring Your Daughter to the Slaughter'». Hitparade. http://swisscharts.com/showitem.asp?interpret=Iron+Maiden&titel=Bring+Your+Daughter%2E%2E%2E+To+The+Slaughter&cat=s. Henta 14 October 2011. 
  33. «UK Official Singles Chart Top 100 6 January 1991 - 12 January 1991». Official Charts Company. http://www.officialcharts.com/charts/singles-chart/19910106/7501/. Henta 3 November 2015. 
  34. «Canadian album salstrofé – Iron Maiden – No Prayer for the Dying». Music Canada. 30 January 1991. http://www.musiccanada.com/gold-platinum/#!/gp_search=%22No+Prayer+for+the+Dying%22%20%22Iron+Maiden%22. Henta 22. august 2016. 
  35. «British album salstrofé – Iron Maiden – No Prayer for the Dying». British Phonographic Industry. http://www.bpi.co.uk/certified-awards.aspx. Henta 22. august 2016.  Enter No Prayer for the Dying in the field Search. Select Title in the field Search by. Select album in the field By Format. Click Go
  36. «American album salstrofé – Iron Maiden – No Prayer for the Dying». Recording Industry Association of America. http://www.riaa.com/goldandplatinumdata.php?artist=%22No+Prayer+for+the+Dying%22. Henta 22. august 2016.  If necessary, click Advanced, then click Format, then select Album, then click SEARCH