Virtual XI

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Virtual XI
Studioalbum av Iron Maiden
Utgjeve 23. mars 1998
Innspelt Barnyard Studios i Essex i England i 1997 – februar 1998
Sjanger Heavy metal
Lengd 53:22[1]
Selskap EMI
CMC / BMG (US)
Produsent Steve Harris, Nigel Green
Iron Maiden-kronologi
The X Factor
(1995)
Virtual XI Brave New World
(2000)
Singlar frå Virtual XI
  1. «The Angel and the Gambler»
    Utgjeve: 9. mars 1998
  2. «Futureal»
    Utgjeve: 28. september 1998

Virtual XI (uttalt Virtual Eleven) er det ellevte studioalbumet til det engelske heavy metal-bandet Iron Maiden, gjeve ut 23. mars 1998. Det var det andre og siste Iron Maiden-albumet med vokalisten Blaze Bayley og det siste som femmannsband.

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

Virtual XI er det andre og siste Iron Maiden-albumet med vokalisten Blaze Bayley.

Tittelen Virtual XI kom av to utanommusikalske hendingar. bandet gav ut videospelet Ed Hunter og VM i fotball 1998 fann stad i juni det året.[2] Harris forklarte «Me reknar med at fansen er stort sett slik som oss, med stort sett dei same interessene, så me tenkte 'Det er VM i 1998. La oss få fotball med på det nye albumet.' Og me arbeidde alt på eit dataspel på den tida, så me tenkte, 'Vel, la oss ta inn element av det òg.'»[2] Før albumet kom ut organiserte bandet ein publisitetsturné der dei arrangerte fotballkampar gjennom Europa med «gjestemusikarar og fotballfans frå Storbritannia».[3]

Det meste av illustrasjonane frå CD-heftet var henta frå Ed Hunter-spelet,[4] og omslaget vart laga av Melvyn Grant. I følgje Grant vart han beden om å skape noko knytt til virtuell røyndom, men vart seinare beden om å ta med ein fotballkamp, og bandet valte å knyte utgjevinga til VM i fotball.[5] Dette var òg det første albumet med den nye, alternative logoen til bandet, dei dei lange endane på bokstavane «R», «M» og «N» var fjerna frå namnet deira. Denne varianten vart nytta på alle framtidige album med eit par unntak fram til og med The Final Frontier. The Book of Souls, det 16. studioalbumet til bandet, kom ut med den originale logoen.

For dette albumet spelte bassisten Steve Harris ein del klaverinstruemnt, medan dette på tidlegare album vart gjort av bassteknikaren til Harris, Michael Kenney.[6]

Som på den førre verdsturneen deira, måtte fleire av konsertane i USA avlysast då Bayley fekk problem med stemma si,[7] men den offisielle årsaka var at han sleit med alvorleg pollenallergi.[8] I februar 1999 annonserte bandet at Bruce Dickinson og Adrian Smith, som hadde slutta i høvesvis 1993 og 1990, kom attende til bandet og at Bayley vart beden om å slutte.[9]

Songar[endre | endre wikiteksten]

Stilmessig sa Bayley at Virtual XI «var meir livleg enn føregjengaren, fordi me hadde overlevd 'X-Factour'... me var eit band og følte me var på veg.»[10] I følgje Harris handlar «Futureal», som vart skriven av Bayley, «om å vere låst inne i virtuell røyndom,» og skildra han som «ein ganske beintfram rockar gjort i Maiden-stil.»[11] Manageren Rod Smallwood hevda den andre singelen frå albumet var «ein kamp med Steve» om å gje ut «Futureal» i stadene for «The Angel and the Gambler» som den første singelen frå albumet, men «Steve sette foten ned.»[11] I følgje Harris handlar «The Angel and the Gambler» «om soga om desse to personane, ein kar som har vore ein slags kjeltring, ei floge om natta, og ein engel som verdt sendt til jorda for å prøve å få han på rett veg - bortsett frå at karen ikkje vil ha noko av det.»[11]

Av dei andre songane på albumet var «Lightning Strikes Twice» i følgje Harri «ein aldri sei aldri-aktig song... Han er ein særs positiv og håpefull song ein kan lese på mange forskjellige måtar.»[12] «The Clansman» var inspirert av filmen Braveheart[13] som Harris sa «handlar om korleis det er å høyre til eit samfunn som du prøver å byggje opp og så må du kjempe mot at det vert teken bort frå deg.»[12] Om «When Two Worlds Collide» sa Harris at «teksktmessig trur eg Blaze prøvde skrive om forskjellige verder han hadde levd i og kanskje korleis verda hans måtte endrast og til passast det å bli songaren i Iron Maiden.»[12] «The Educated Fool» er i følgje Harris om «å bli gammal og alle ventar at du er visare, men på ein måte dess eldre ein blir, dess meir veit du og dess mindre må du svare for.»[12] «Don't Look to the Eyes of a Stranger» er inspirert av Steve Harris sitt syn, frå synspunktet til ein forelder, at «alle framande er ein mogeleg trugsel,»[14] medan «Como Estais Amigos» er ein hyllest til soldatane på begge sider av Falklandskrigen.[15]

Etter Bruce Dickinson kom attende i bandet heldt Iron Maiden fram å spele «Futureal» og «The Clansman» på konsertane sine. «Futureal» vart berre spelt i 1999, men «The Clansman» vart spelt på konsertane til gruppa fram til 2003. Ein finn konsertversjonar av bgge sogane med Dickinson på vokal på singelen «The Wicker Man» og albumet Rock in Rio, medan den same konsertversjonen av «The Clansman» sidan vart gjeve ut på ny på samlealbumet From Fear to Eternity i 2011.

Blaze Bayley spelte inn soloversjonar av «Futureal» og «When Two Worlds Collide» på konsertalbumet sitt As Live as It Gets.

Songen «The Clansman» vart sampla av songaren Brandy på songen hennar «I Tried».[16]

Mottaking[endre | endre wikiteksten]

Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
AllMusic2/5 starsStar full.svgStar empty.svgStar empty.svgStar empty.svg[17]
Collector's Guide to Heavy Metal0/10[18]
Sputnikmusic3.5/5[19]

Virtual XI fekk blanda kritikk hos kritikarane. AllMusic skreiv at «på overflata er det ikkje noko gale med plata, sidan det levere alle dei knasande riffa og den demoniske skrekken frå dei beste platene sine. Problemet er at det ikkje er noko minneverdig med riffa, eller songane, og det er lite energi som slår ein i magen i musikken eller produksjonen. Albumet høyrest derfor livlaust ut for alle utanom den mest ihuga fansen.»[17] Dei skreiv òg at Blaze Bayley er «ein kompetent, men andletslaus vokalist.»[17]

Sputnikmusic var meir positive mot albumet og hevda at det «har nokre få juvelar, som 'Futureal', 'The Clansman' og 'Como Estais Amigos'», men er «særs gjentakande og ein må vere tolmodig når ein lyttar.»[19]

Innhald[endre | endre wikiteksten]

# TittelLåtskrivar(ar) Lengd
1. «Futureal»  Steve Harris, Blaze Bayley 3:00
2. «The Angel and the Gambler»  Harris 9:51
3. «Lightning Strikes Twice»  Dave Murray, Harris 4:49
4. «The Clansman»  Harris 9:06
5. «When Two Worlds Collide»  Murray, Bayley, Harris 6:13
6. «The Educated Fool»  Harris 6:46
7. «Don't Look to the Eyes of a Stranger»  Harris 8:11
8. «Como Estais Amigos»  Janick Gers, Bayley 5:26
53:22

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Henta frå plateomslaget:[1]

Iron Maiden
Andre musikarar
  • Michael Kenney – klaverinstrument på alle spor utanom «The Clansman», «Angel and the Gambler» og «Don't Look to the Eyes of a Stranger»
Produksjon

Lister[endre | endre wikiteksten]

Album[endre | endre wikiteksten]

Land Liste (1998) Plassering
Austerrike Ö3 Austerrike Topp 40 24[20]
Belgia (Flandern) Ultratop 23[21]
Belgia (Vallonia) 44[22]
Finland Den finske albumlista 6[23]
Frankrike SNEP 12[24]
Tyskland Media Control Charts 16[25]
Japan Oricon 19[26]
Nederland MegaCharts 26[27]
Noreg VG-lista 28[28]
Sverige Sverigetopplistan 16[29]
Sveits Hitparade 39[30]
Storbritannia Offisiell albumliste 16[31]
USA Billboard 200 124[32]

Singlar[endre | endre wikiteksten]

Singel Liste (1998) Plassering
«The Angel and the Gambler» Den nederlandske singellista 52[33]
Den finske singellista 3[23]
Den tyske singellista 61[34]
Sverigetopplistan 29[29]
UK Singles Chart 18[35]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 Virtual XI. Iron Maiden. EMI. 23 March 1998. 
  2. 2,0 2,1 Wall, Mick (2004). Iron Maiden: Run to the Hills, the Authorised Biography (3rd utg.). Sanctuary Publishing. s. 320. ISBN 1-86074-542-3. 
  3. Paterson, Lawrence (2009). Blaze Bayley: At the End of the Day. Blaze Bayley Recordings Ltd. s. 72. 
  4. Popoff, Martin (2005). «Reality Check». Metal Hammer presents: Iron Maiden 30 Years of Metal Mayhem: 49–49. 
  5. «Melvyn Grant Interview for the Iron Maiden Italian Fanzine 'Eddie's'.». Melvyn Grant. Henta 1. september 2016. 
  6. «Iron Maiden Virtual XI credits». AllMusic. Rovi Corporation. Henta 1. september 2016. 
  7. Wall, Mick (2004). Iron Maiden: Run to the Hills, the Authorised Biography (3rd utg.). Sanctuary Publishing. s. 322. ISBN 1-86074-542-3. 
  8. Paterson, Lawrence (2009). Blaze Bayley: At the End of the Day. Blaze Bayley Recordings Ltd. s. 84. 
  9. Wall, Mick (2004). Iron Maiden: Run to the Hills, the Authorised Biography (3rd utg.). Sanctuary Publishing. s. 324. ISBN 1-86074-542-3. 
  10. Paterson, Lawrence (2009). Blaze Bayley: At the End of the Day. Blaze Bayley Recordings Ltd. s. 69. 
  11. 11,0 11,1 11,2 Wall, Mick (2004). Iron Maiden: Run to the Hills, the Authorised Biography (3rd utg.). Sanctuary Publishing. s. 317. ISBN 1-86074-542-3. 
  12. 12,0 12,1 12,2 12,3 Wall, Mick (2004). Iron Maiden: Run to the Hills, the Authorised Biography (3rd utg.). Sanctuary Publishing. s. 318. ISBN 1-86074-542-3. 
  13. Young, Simon. «The Rest of the Beast». Kerrang! Legends (2): 124–126. 
  14. Wall, Mick (2004). Iron Maiden: Run to the Hills, the Authorised Biography (3rd utg.). Sanctuary Publishing. s. 319. ISBN 1-86074-542-3. 
  15. Paterson, Lawrence (2009). Blaze Bayley: At the End of the Day. Blaze Bayley Recordings Ltd. s. 70. 
  16. «Pop Singer Brandy Samples Iron Maiden». Blabbermouth.net. 29. juni 2004. Henta 1. september 2016. 
  17. 17,0 17,1 17,2 Erlewine, Stephen. Virtual XIAllmusic. Henta 1. september 2016.
  18. Popoff, Martin (August 1, 2007). The Collector's Guide to Heavy Metal: Volume 3: The Nineties. Burlington, Ontario, Canada: Collector's Guide Publishing. s. 213. ISBN 978-1-894959-62-9. 
  19. 19,0 19,1 Stagno, Mike (11. juni 2006). «Iron Maiden – Virtual XI». Sputnikmusic. Henta 1. september 2016. 
  20. «Discographie Iron Maiden». Ö3 Austerrike Topp 40 (på tysk). austriancharts.at. Henta 31. august 2016. 
  21. «Iron Maiden – Virtual XI – Charts Vlaanderen'» (på nederlandsk). Ultratop. Henta 13 April 2013. 
  22. «Iron Maiden – Virtual XI – Charts Wallonie» (på French). Ultratop. Henta 13 April 2013. 
  23. 23,0 23,1 «Iron Maiden discography». Den finske albumlista. Finnishcharts.com. Henta 31. august 2016. 
  24. «Iron Maiden – Virtual XI, French Charts». Syndicat National de l'Édition Phonographique (på French). Lescharts.com. Henta 13 April 2013. 
  25. «Iron Maiden Longplay-Chartverfolgung». Media Control Charts (på tysk). musicline.de. Henta 31. august 2016. 
  26. «Iron Maiden – Virtual XI» (på Japanese). Oricon. Henta 31. august 2016. 
  27. «Iron Maiden – Virtual XI (album)». MegaCharts (på nederlandsk). Dutchcharts.nl. Henta 13 April 2013. 
  28. «Iron Maiden discography». VG-lista. norwegiancharts.com. Henta 31. august 2016. 
  29. 29,0 29,1 «Iron Maiden discography». Sverigetopplistan. swedishcharts.com. Henta 31. august 2016. 
  30. «Iron Maiden Virtual XI». Hitparade. Henta 31. august 2016. 
  31. «Iron Maiden UK Chart History». Official Charts Company. Henta 23. november 2012. 
  32. «Iron Maiden Chart History». Billboard. Nielsen Company. Henta 31. august 2016. 
  33. «Discografie Iron Maiden» (på nederlandsk). MegaCharts. Henta 31. august 2016. 
  34. «Iron Maiden Single-Chartverfolgung». Media Control Charts (på tysk). charts.de. Henta 31. august 2016. 
  35. «Top 40 Official Singles Chart UK Archive 21 March 1998». Official Charts Company. Henta 31. august 2016.