The Book of Souls

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
The Book of Souls
Studioalbum av Iron Maiden
Språk engelsk
Utgjeve 4. september 2015
Innspelt September–desember 2014
Studio Guillaume Tell Studios, Paris
Sjanger Heavy metal
Lengd 92:11
Selskap Parlophone,
Sanctuary Copyrights/BMG (US)
Produsent Kevin Shirley, Steve Harris
Iron Maiden-kronologi 
The Final Frontier
(2010)
The Book of Souls Senjutsu
(2021)
Singlar frå The Book of Souls
  1. «Speed of Light»
    Utgjeve: 14. august 2015
  2. «Empire of the Clouds»
    Utgjeve: 16. april 2016

The Book of Souls er det sekstande studioalbumet til det engelske heavy metal-bandet Iron Maiden. Det kom ut 4. september 2015. Det er det første dobbeltalbumet til bandet, om ein ser bort frå konsertalbum, med ei lengd på 92 minutt. Lanseringa og turneen etter albumet vart forseinka då vokalisten Bruce Dickinson måtte fjerne ein kreftsvulst tidleg i 2015.

Albumet var produsert av Kevin Shirley, som lenge hadde samarbeidd med bandet, og vart spelt inn i Guillaume Tell Studios i Paris frå september til desember 2014. Dei hadde tidlegare nytta studioet under innspelinga av Brave New World i 2000. Bandet skreiv og spelte samstundes inn mange songar i studioet, noko som skapte ei spontan live-kjensle. Den første utgjevinga frå albumet, «Speed of Light», vart gjeven ut som ein musikkvideo den 14. august, og samstundes som digital nedlasting og CD-singel, som berre kunne kjøpast hos Best Buy. I tillegg til at det er det lengste albumet til bandet, inneheldt det den lengste songen deira, «Empire of the Clouds», som er 18 minuttar lang. Denne vart òg gjeven ut på singel for Record Store Day den 16. april 2016. Albumet er ikkje eit konseptalbum, men her finst mange referansar til sjela og dødelegheit, noko ein ser att i det maya-inspirerte plateomslaget, som vart laga av Mark Wilkinson.

The Book of Souls fekk gode meldingar og selde godt, og toppa albumlistene i 24 land. Albumet vart det femte albumet deira som nådde toppen av albumlista i Storbritannia, og det på andre rad. I USA nådde det like høgt som det førre albumet, The Final Frontier frå 2010, med ein fjerdeplass på Billboard 200. Albumet markerte òg slutten på den lengste pausen mellom to studioutgjevingar i karrieren til bandet, då det kom ut fem år etter The Final Frontier.

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

Det vart kjend at bandet skulle spele inn det sekstande studioalbumet sitt då vokalisten Bruce Dickinson avslørte dette i september 2013.[1] Albumet vart spelt inn i Guillaume Tell Studios i Paris med produsenten Kevin Shirley frå september til desember 2014,[2] og den siste finpussen vart gjort tidleg i 2015.[3] Dei hadde tidlegare nytta studioet under innspelinga av Brave New World i 2000, og Dickinson sa at «studioet er spesielt for alle saman av oss. Me var så nøgde då me oppdaga at det framleis hadde den same magiske stemninga.»[4] Bandet hadde opphavleg tenkt seg i studio tidlegare i 2014, men det vart utsett til 4. september då Dickinson fekk behandling for ein kreftsvulst.[5]

Tittelen på albumet, plateomslaget og ei liste over songar vart avdekt den 18. juni 2015.[5] Albumet kom ut på Parlophone og vart det første originale studioalbumet til bandet som ikkje kom ut på EMI, etter at begge selskapa vart kjøpte opp av Warner Music Group i 2013.[6] I USA vart albumet gjeve ut av Sanctuary Copyrights/BMG,[7] etter at BMG kjøpte Sanctuary Records i 2013.[8] Den 14. august gav bandet ut ein musikkvideo for songen «Speed of Light»,[9] regissert av Llexi Leon.[10] I tillegg vart songen samstundes tilgjengeleg for nedlasting[11] og kunne kjøpast på CD-singel via Best Buy i USA.[12]

Plateomslaget nyttar den originale Iron Maiden-logoen, som ikkje var blitt nytta på eit studioalbum sidan The X Factor i 1995.[13] Omslaget vart skapt av Mark Wilkinson,[3] som tidlegare hadde arbeidd med Iron Maiden på Live at Donington (1998-versjonen) og Best of the 'B' Sides (samling frå 2002), i tillegg til singlane «The Wicker Man» og «Out of the Silent Planet».[14] I følgje bassisten Steve Harris har omslaget band til tittelsporet, sidan avbildinga av maskoten til bandet, Eddie, er basert på maya-sivilisasjonen, som «trur at sjela lever vidare etter døden».[15] For å sjekke at biletet vart rett, leigde bandet inn maya-forskaren Simon Martin, som òg omsette songtitlane til maya-hieroglyfar.[16] I følgje Martin hadde ikkje sivilisasjonen ei Sjelebok (Book of Souls), men «mayaene var veldig opptekne av sjela, så som ein tittel er det særs passande for mayakulturen, men det er òg mykje Iron Maiden si eiga greie».[16] Sjølv om det ikkje er eit konseptalbum, er det mange referansar til sjela gjennom heile plata,[15] i tillegg til funderingar kring dødelegheita generelt. Harris sa «når du vert eldre byrja du å stenkje på din eigen dødelegheit og slike ting meir enn før».[17]

Turneen for albumet vart utsett til tidleg i 2016 slik at Dickinson kunne bli heilt frisk att etter kreftbehandlinga si.[18] The Book of Souls-turneen byrja i februar, og bandet spelte i 35 land i Nord- og Sør-Amerika, Asia, Australasia, Afrika og Europa.[19]

Låtskriving og innspeling[endre | endre wikiteksten]

Albumet inneheld to songar som berre er skrivne av vokalisten Bruce Dickinson.

Harris sa at mange av songane vart skrivne og raskt spelte inn i studioet, og dette gav plata ei «live-kjensle».[4] Gitaristen Janick Gers forklarte at dei ikkje gjorde slik som vanleg, med å bruke fleire veker på å skrive songar og øve før dei gjekk i studio. Denne gongen hadde dei berre skisser av songar som dei skreiv ferdige i studio.[20] I følgje gitaristen Adrian Smith skapte dette eit positivt press.[20] Gers sa at kvart medlem hadde med seg kring ein time med original musikk til innspelinga, men at dei berre kanskje brukte kring 15 minuttar kvar av dette,[2] og resultatet vart «eit verkeleg breitt spekter av musikalske idear».[20] Som med alle studiosamarbeida deira med Shirley, vart det meste av albumet spelt inn live, og dei brukte ofte det første opptaket for å få ei spontankjensle.[20]

«Shadows of the Valley», «Death or Glory», «Speed of Light» og «If Eternity Should Fail» var dei førte songane skrivne for albumet.[21][22] Smith sa at «Speed of Light» og «Death or Glory» var dei to einaste songane som var ferdige før innspelinga starta, og var første gongen Smith og Dickinson samarbeidde på ein song (utan Harris) etter at begge kom attende til Iron Maiden i 1999.[23] Med begge songane prøvde Smith og Dickinson å skrive kortare songar som sende tankane attende til dei tidlegare songane «2 Minutes to Midnight» (1984) og «Can I Play with Madness» (1988).[23] I følgje Dickinson handlar «Death or Glory» om tredekkarfly frå fyrste verdskrigen.[17]

I motsetnad til dei to førre albuma deira, A Matter of Life and Death frå 2006 og The Final Frontier frå 2010, er ikkje Harris med som låtskrivar på alle songane.[17] Resultatet vart eit større samarbeid der alle medlemmane, utanom trommeslagaren Nicko McBrain vart oppførte som låtskrivar.[17] Ein av Harris sine songar, «Tears of a Clown», som han skreiv saman med Smith, er basert på depresjonen og sjølvmordet til komikaren Robin Williams i 2014.[24]

Den siste songen på plata, «Empire of the Clouds», tok over for «Rime of the Ancient Mariner» (frå Powerslave i 1984), som den lengste songen til bandet med ei lengd på 18 minuttar.[3] Dette var første songen Dickinson spelar piano på og er basert på luftskip-styrten til R101 i 1930.[21] I følgje Smith sat Dickinson det meste av innspelinga av albumet aleine i eit «lydsikkert glasbur med pianoet sitt» og skreiv songen,[20] som han gjorde ferdig med hjelp frå McBrain.[21] Smith sa at det var utfordrande å spele inn songen sidan Dickinson hadde spelt inn pianoet på eiga hand og resten av bandet så måtte spele i lag med dette, medan Dickinson og Shirley instruerte.[20][23] For Record Store Day 2016 vart «Empire of the Clouds» gjeve ut som singel den 16. april.[25] I lag med opningssongen «If Eternity Should Fail» er dette det første Iron Maiden-albumet sidan Powerslave som inneheld to songar som er skrivne av Dickinson aleine.[26]

Med ei lengd på 92 minuttar er dette både det lengste studioalbumet til Iron Maiden, og det første som vart gjeve ut som eit dobbeltalbum.[5] Dickinson sa at «me var alle samde om at kvar song var ein så viktig del av heilskapen at me var nøydde til å lage eit dobbeltalbum».[4]

Mottaking[endre | endre wikiteksten]

Meldingar
Samla karakter
KjeldeKarakter
Metacritic80/100[27]
Karakter
KjeldeKarakter
AllMusic4/5 stars[28]
Billboard3.5/5 stars[29]
Classic Rock9/10[30]
The Guardian4/5 stars[31]
Kerrang!5/5[32]
Metal Hammer10/10[33]
NME8/10[34]
Q3/5 stars[35]
Rolling Stone3.5/5 stars[36]
Uncut7/10[37]

Albumet fekk generelt god kritkk då det kom ut og har ein score på 80 av 100 basert på 20 meldingar på nettsida Metacritic.[27] Albumet fekk 9/10 hos Classic Rock, som skreiv at «det er vanskeleg å tenkj seg eit anna band så gamamlt, som klarar å lage noko som høyrest så vitalt og inspirerande ut.»[30] Kerrang! og Metal Hammer gav det full score og skreiv «eit album med uvanleg visjon»,[32] og «ei enorm kjenslemessig reise gjennom somme av dei beste framføringane deira gjennom karrieren, og det gjer den fem år lange ventetida verdt det.»[33] Blabbermouth.net var òg særs positive, og gav albumet 9,5/10 og kalla det «Iron Maidens mest storstilte og sjølvsikre verk sidan Brave New World og utan tvil eit av dei beste albuma deira totalt sett.»[38] PopMatters gav albumet ni av ti stjerner og hylla bandet for at dei igjen var «sitt beste, noko dei ikkje har vore sidan 1988.»[39] AllMusic gav albumet fire av fem stjerner og skreiv «Etter fleire gjennomlyttingar gjer det seg fortent til å plasserast på hylla ved sidan av dei beste platene deira.»[28] The Guardian gav det òg 4 av fem, men kritiserte «den klossete 'Shadows of the Valley'», og skriv at «The Book of Souls er markert av ein imponerande råheit som står seg ved sidan av dei meir svulstige augneblikka på albumet.»[31]

Rolling Stone og Billboard var emir kritiske og gav albumet 3,5 av fem stjerner, der sistnemndee skreiv at det var «for langt», men «likevel overraskande engasjerande».[29][36]

Den 18 minuttar lange avslutningssongen «Empire of the Clouds» vart særleg hylla, og PopMatters kalla det eit «meisterverk» og «like trollbindande som 'Rime of the Ancient Mariner' frå 1984»,[39] medan AllMusic skildra det som «ein heavy metal-suite, ulikt alt anna dei har laga».[28] Medan Blabbermouth.net og NME ikkje var samde i at han var like bra som «Rime of the Ancient Mariner», meinte Blabbermouth at han var «verdt kvart enkelt minutt som ei filmaktig innkapsling av karrieren deira»,[38] medan NME kalla det «the pièce-de-résistance».[34]

The Book of Souls vart kåra til årets album for 2015 under Classic Rock Roll of Honour Awards[40] og vann prisen for årets beste internasjonale album i 2016 under Bandit Rock Awards.[41][42] I tillegg vart det lista blant dei besste albuma for året i somme publikasjonar:

Publikasjon Liste År Plassering
Classic Rock 50 Best Albums of 2015 2015
The Guardian The Best Albums of 2015
Loudwire 20 Best Metal Albums of 2015
Loudwire 20 Best Metal Songs of 2015 (for «Empire of the Clouds»)
Metal Hammer 2015: A Year In Metal - The Critics' Poll
Metal Hammer Germany Die Soundcheck-Tops 2015
Ultimate Classic Rock Top 20 Albums of 2015

Sal og lsiter[endre | endre wikiteksten]

Albumet vart ein salssuksess og nådde toppen av albumlistene i 24 land, i tillegg til 19 andre land som ikkje lenger publiserer salslister.[50][51] Det vart det femte albumet deira som nådde toppen av albumlista i heimlandet med over 60 000 selde eksemplar.[52] I USA nådde albumet fjerdeplassen på den amerikanske albumlista, og i lag med det førre albumet, The Final Frontier, den høgaste plasseringa dei klarte der.[53][54] Fram til januar 2016 hadde The Book of Souls seld meir enn 148 000 eksemplar i USA.[55]

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Plate ein
Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
1.«If Eternity Should Fail»Bruce Dickinson8:28
2.«Speed of Light»Adrian Smith, Dickinson5:01
3.«The Great Unknown»Smith, Steve Harris6:37
4.«The Red and the Black»Harris13:33
5.«When the River Runs Deep»Smith, Harris5:52
6.«The Book of Souls»Janick Gers, Harris10:27
Plate to
Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
1.«Death or Glory»Smith, Dickinson5:13
2.«Shadows of the Valley»Gers, Harris7:32
3.«Tears of a Clown»Smith, Harris4:59
4.«The Man of Sorrows»Dave Murray, Harris6:28
5.«Empire of the Clouds»Dickinson18:01
Total lengd:92:11

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Henta frå plateomslaget.[56]

Iron Maiden
Teknisk personell

Lister[endre | endre wikiteksten]

Vekeslister[endre | endre wikiteksten]

Liste (2015) Plassering
Argentinske album (CAPIF)[50] 1
Australske album (ARIA)[57] 2
Austerrikske album (Ö3 Austria)[58] 1
Belgiske album (Ultratop Flandern)[59] 1
Belgiske album (Ultratop Vallonia)[60] 2
Brasilianske album (ABPD)[50] 1
Kanadiske album (Billboard)[61] 2
Colombianske album[50] 1
Kroatiske utanlandske album (IFPI)[62] 1
Tsjekkiske album (CNS IFPI)[63] 1
Danske album (Hitlisten)[64] 3
Nederlandske album (MegaCharts)[65] 1
Finske album (Suomen virallinen lista)[66] 1
Franske album (SNEP)[67] 2
Tyske album (Media Control)[68] 1
Greske album (IFPI)[69] 1
Ungarske album (MAHASZ)[70] 1
Irske album (IRMA)[71] 2
Israelske album (Media Forest)[50] 1
Italienske album (FIMI)[72] 1
Japanske album (Oricon)[73] 6
Koreanske album (GAON)[74] 28
Mexikanske album (Top 100 Mexico)[50] 1
Newzealandske album (Recorded Music NZ)[75] 2
Norske album (VG-lista)[76] 1
Polske album (ZPAV)[77] 1
Portugisiske album (AFP)[78] 1
Serbiske album[50] 1
Slovenske album (SloTop30)[50] 1
Sørafrikanske album (EMA)[50] 4
Spanske album (PROMUSICAE)[79] 1
Svenske album (Sverigetopplistan)[80] 1
Sveitsiske album (Schweizer Hitparade)[81] 1
Tyrkiske album (Tyrkiske musikklister)[50] 3
Britiske album (OCC)[82] 1
US Billboard 200[83] 4

Årslister[endre | endre wikiteksten]

Lister (2015) Plassering
Australia (ARIA)[84] 69
Belgia (Ultratop Flandern)[85] 49
Belgia (Ultratop Vallonia)[86] 84
Kroatia - utanlandske album (HDU)[87] 1
Nederland (MegaCharts)[88] 49
Frankrike (SNEP)[89] 74
Tyskland (Offizielle Top 100)[90] 19
Ungarn (MAHASZ)[91] 13
Italia (FIMI)[92] 46
Mexico (AMPROFON)[93] 64
Sveits (Schweizer Hitparade)[94] 17
Storbritannia (OCC)[95] 57

Salstrofé[endre | endre wikiteksten]

Region Salstrofé Salstal
Austerrike (IFPI Austerrike)[96] Gull 7 500x
Brasil (ABPD)[97][98] Platina 40 000*
Canada (Music Canada)[99] Gull 40 000^
Kroatia (HDU)[100] Gull 7 500*
Frankrike (SNEP)[101] Gull 50 000*
Tyskland (BVMI)[102] Gull 100 000^
Polen(ZPAV)[103] Gull 10 000*
Ungarn(Mahasz)[104] Platina 6 000x
Italia (FIMI)[105] Gull 25 000*
Sverige (GLF)[106] Gull 20 000^
Storbritannia (BPI)[107] Gull 100 000^

*salstala er basert på sertifiseringa aleine
^salstala er basert på sertifiseringa aleine
xuspesifserte tal er baserte på sertifiseringa aleine

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Tez, Mehmet (26. juli 2013). «Bir Bruce Dickinson röportajı: «Iron Maiden’ın farklı dİn ve kültürlerden İnsanları bİrleştİren yanını sevİyorum»». Hafif Müzik (på tyrkisk). Henta 7. september 2016. 
  2. 2,0 2,1 Ferguson, Neil (28. juli 2015). «Iron Maiden’s Janick Gers Talks New Album, Tour Plans». Glide Magazine. Henta 7. september 2016. 
  3. 3,0 3,1 3,2 Grow, Kory (18. juni 2015). «Iron Maiden Announce New Double Album The Book of Souls». Rolling Stone. Arkivert frå originalen 15. juni 2018. Henta 7. september 2016. 
  4. 4,0 4,1 4,2 «Iron Maiden Reveal New Album, The Book of Souls». Kerrang!. 18. juni 2015. Henta 7. september 2016. 
  5. 5,0 5,1 5,2 Kielty, Martin (18. juni 2015). «Iron Maiden name album No.16». Metal Hammer. Henta 7. september 2016. 
  6. «Warner Music Group Acquires Parlophone». Billboard. 7 February 2013. Henta 7. september 2016. 
  7. «Iron Maiden To Release First Ever Double Studio Album Book Of Souls In September; Artwork, Trackisting Revealed». BraveWords.com. 18. juni 2015. Henta 7. september 2016. 
  8. «Sanctuary Records, home to Iron Maiden, bought by German firm BMG». The Guardian. 15 February 2013. Henta 7. september 2016. 
  9. Lach, Stef (14 August 2015). «Iron Maiden unveil «Speed of Light»». Metal Hammer. Henta 14 August 2015. 
  10. «IRON MAIDEN - Old-School Arcade Video For «Speed Of Light» Unveiled!». BraveWords.com. 14 August 2015. Henta 7. september 2016. 
  11. «Video Premiere: Iron Maiden's 'Speed of Light'». Blabbermouth.net. 14 August 2015. Henta 7. september 2016. 
  12. Chantler, Chris (14 August 2015). «The 15 Best Things About Iron Maiden's 'Speed Of Light'». Metal Hammer. Henta 7. september 2016. 
  13. Henriot, Romain (12 August 2015). «Iron Maiden: lecture de The Book Of Souls». RadioMetal.com (på fransk). Henta 7. september 2016. 
  14. «Mark Wilkinson: Iron Maiden art». the-masque.com. Arkivert frå originalen 24. mai 2005. Henta 9. mai 2012. 
  15. 15,0 15,1 Garney, George (4. juli 2015). «The Beast Within». Kerrang! (1575): 16–21. 
  16. 16,0 16,1 «Up the Mayans». Metal Hammer (273): 10. August 2015. 
  17. 17,0 17,1 17,2 17,3 Lawson, Dom (September 2015). «Heaven Can Wait». Metal Hammer (274): 38–53. 
  18. «Iron Maiden announce double album, The Book of Souls». The Guardian. 19. juni 2015. Henta 20. juni 2015. 
  19. Lach, Stef (25 August 2015). «Maiden to tour world in new Ed Force One». Metal Hammer. Henta 7. september 2016. 
  20. 20,0 20,1 20,2 20,3 20,4 20,5 Sword, Harry (12 August 2015). «Death Or Glory: Iron Maiden Interviewed». The Quietus. Henta 7. september 2016. 
  21. 21,0 21,1 21,2 Lombardelli, Tiphaine (12. august 2015). «Bruce Dickinson (Iron Maiden) : la générosité dans l’âme». Radiometal.com (på fransk). Henta 12. august 2015. 
  22. Hartmann, Graham (2. september 2015). «Iron Maiden’s Bruce Dickinson on The Book of Souls + 18-Minute Opus 'Empire of the Clouds'». Loudwire. Henta 3. september 2015. 
  23. 23,0 23,1 23,2 Laing, Rob (14 August 2015). «Interview: Iron Maiden's Adrian Smith and Dave Murray on The Book Of Souls». MusicRadar. Arkivert frå originalen 15. september 2016. Henta 7. september 2016. 
  24. Morgan Britton, Luke (24 August 2015). «Iron Maiden dedicate new song 'Tears Of A Clown' to Robin Williams». NME. Henta 7. september 2016. 
  25. DiVita, Joe (8 March 2016). «2016 Record Store Day: Guide to Rock + Metal Read More: 2016 Record Store Day: Guide to Rock + Metal». Loudwire. Henta 1. september 2016. 
  26. Childers, Chad (18. juni 2015). «Iron Maiden Announce New Album The Book of Souls». Loudwire. Henta 7. september 2016. 
  27. 27,0 27,1 «Reviews for The Book of Souls by Iron Maiden». Metacritic. CBS Interactive. Henta 7. september 2016. 
  28. 28,0 28,1 28,2 Jurek, Thom (4. september 2015). «Iron Maiden - The Book of Souls». AllMusic. Rovi Corporation. Henta 7. september 2016. 
  29. 29,0 29,1 Bienstock, Richard (31 August 2015). «Iron Maiden Goes Big on Ambitious Double-Disc The Book of Souls: Album Review». Billboard. Henta 7. september 2016. 
  30. 30,0 30,1 Lawson, Dom (11 August 2015). «Iron Maiden: The Book of Souls review». Classic Rock. Henta 7. september 2016. 
  31. 31,0 31,1 Petridis, Alex (3. september 2015). «Iron Maiden: The Book of Souls – raw and punchy». The Guardian. Henta 7. september 2016. 
  32. 32,0 32,1 Garner, George (2. september 2015). «Iron Maiden: The Book of Souls». Kerrang! (1584): 50. 
  33. 33,0 33,1 Chantler, Chris (September 2015). «Iron Maiden: The Book of Souls». Metal Hammer (274): 92. 
  34. 34,0 34,1 Allen, Jeremy (8. september 2015). «Iron Maiden - The Book Of Souls». NME. Henta 7. september 2016. 
  35. «Iron Maiden: The Book of Souls». Q: 111. October 2015. 
  36. 36,0 36,1 Grow, Kory (4. september 2015). «The Book of Souls, Iron Maiden». Rolling Stone. Arkivert frå originalen 7. desember 2015. Henta 7. september 2016. 
  37. Pattison, Louis (October 2015). «Iron Maiden: The Book of Souls». Uncut (221): 77. 
  38. 38,0 38,1 Van Horn Jr, Ray (26 August 2015). «CD Reviews - Iron Maiden: The Book Of Souls». Blabbermouth.net. Henta 7. september 2016. 
  39. 39,0 39,1 Begrand, Adrien (31 August 2015). «Iron Maiden: The Book of Souls». PopMatters. Henta 7. september 2016. 
  40. «Queen named 'living legends' at Classic Rock awards». BBC News. 11. november 2015. Henta 11. november 2015. 
  41. «Alla vinnare i Bandit Rock Awards 2015!». Bandit Rock (på svensk). 7. september 2016. Arkivert frå originalen 27. februar 2015. Henta 7. september 2016. 
  42. «Alla vinnare i Bandit Rock Awards 2015!». Bandit Rock (på svensk). 7. september 2016. Arkivert frå originalen 27. februar 2015. Henta 7. september 2016. 
  43. Elliott, Paul (27. november 2015). «50 Best Albums of 2015». Classic Rock. Henta 7. september 2016. 
  44. «The Best Albums of 2015». The Guardian. Guardian News and Media. 2 December 2015. Henta 14 December 2015. 
  45. «20 Best Metal Albums of 2015». Loudwire. 9 December 2015. Henta 7. september 2016. 
  46. «The Best Metal Song of 2015». Loudwire. Loudwire.com. 8 December 2015. Henta 7. september 2016. 
  47. «2015: A Year In Metal - The Critics' Poll Albums 5-1». Metal Hammer. 8 December 2015. Henta 7. september 2016. 
  48. Cramer, Eike (18 December 2015). «Soundcheck Tops 2015». Metal Hammer Germany (på tysk). Henta 18 December 2015. 
  49. DeRiso, Rick (14 December 2015). «Top 20 Albums of 2015». Ultimate Classic Rock. Henta 7. september 2016. 
  50. 50,00 50,01 50,02 50,03 50,04 50,05 50,06 50,07 50,08 50,09 Kielty, Martin (18. september 2015). «Maiden hit No.1 in 24 countries». Metal Hammer. Henta 18. september 2015. 
  51. «Iron Maiden coming to Edmonton in April». Toronto Sun. 8 October 2015. Henta 1. november 2015. 
  52. Sexton, Paul (17. september 2016). «Iron Maiden Earns Fifth No. 1 Album in U.K. With The Book of Souls». Billboard. Henta 12. september 2015. 
  53. Caulfield, Keith. «The Weeknd Spends Second Week at No. 1 on Billboard 200 Albums Chart». Billboard. Henta 13. september 2015. 
  54. Caulfield, Keith (1. september 2016). «Eminem Won't Budge From No. 1 on Billboard 200, Lil Wayne Tops Digital Songs». Billboard. Henta 5. september 2016. 
  55. Teitelman, Bram (8. januar 2016). «Metal by Numbers: Metallica, FFDP, AC/DC among 2015's biggest-selling rock, metal records». MetalInsider.net. Henta 8. januar 2016. 
  56. The Book of Souls. Iron Maiden. Parlophone. 3. september 2015. 
  57. "Iron Maiden – The Book of Souls". Australiancharts.com. Hung Medien. Henta 14. september 2015.
  58. "Iron Maiden - The Book of Souls" (På tysk). Austriancharts.at. Hung Medien. Henta 16. september 2015.
  59. "Iron Maiden – The Book of Souls" (På nederlandsk). Ultratop.be. Hung Medien. Henta 17. september 2016.
  60. "Iron Maiden – The Book of Souls" (På fransk). Ultratop.be. Hung Medien. Henta 17. september 2016.
  61. "Iron Maiden Album & Song Chart History" Billboard Canadian Albums Chart for Iron Maiden. Prometheus Global Media. Henta 15. september 2015.
  62. "Top Stranih [Top Foreign]" (På kroatisk). Top Foreign Albums. Hrvatska Diskografska Udruga. Henta 14. september 2015.
  63. "Top 50 Prodejní". Tsjekkiske album. CNS IFPI. Note: On the chart page, select 201537 on the field besides the word "Zobrazit", and then click over the word to retrieve the correct chart data. Henta 14. september 2015.
  64. "Iron Maiden – The Book of Souls". Danishcharts.com. Hung Medien. Henta 16. september 2015.
  65. "Iron Maiden – The Book of Souls". Dutchcharts.nl. Hung Medien. Henta 17. september 2016.
  66. "Iron Maiden: The Book of Souls" (På finsk). Musiikkituottajat – IFPI Finland. Henta 13. september 2015.
  67. "Iron Maiden – The Book of Souls". Lescharts.com. Hung Medien. Henta 16. september 2015.
  68. "Longplay-Chartverfolgung at Musicline". Musicline.de. Media Control. Henta 1 February 2016.
  69. «Official IFPI Charts Top-75 Albums Sales Chart Εβδομάδα: 37/2015». IFPI Hellas (på gresk). Arkivert frå originalen 27. september 2016. Henta 27. september 2016. 
  70. "Archívum – Slágerlisták – MAHASZ – Magyar Hangfelvétel-kiadók Szövetsége". Mahasz.hu. LightMedia. Henta 16. september 2015.
  71. "GFK Chart-Track". Chart-Track.co.uk. GFK Chart-Track. IRMA. Henta 17. september 2016.
  72. "Iron Maiden – The Book of Souls". Italiancharts.com. Hung Medien. Henta 14. september 2015.
  73. "Oricon Top 50 Albums" (på japansk). Oricon. Henta 14. september 2015.
  74. "South Korea GAON Albums Chart". On the page, select "{{{year}}}" and then "2015.09.16~2015.09.12" to obtain the corresponding chart. Korean Charts. GAON. Henta 17. september 2015.
  75. "Iron Maiden – The Book of Souls". Charts.org.nz. Hung Medien. Henta 14. september 2015.
  76. "Iron Maiden – The Book of Souls". Norwegiancharts.com. Hung Medien. Henta 14. september 2015.
  77. "Oficjalna lista sprzedazy :: OLIS - Official Retail Sales Chart" (på polsk). OLiS. Polish Society of the Phonographic Industry. Henta 17. september 2015.
  78. "Iron Maiden – The Book of Souls". Portuguesecharts.com. Hung Medien. Henta 18. september 2015.
  79. «Weekly charts: 4.9.2015 - 10.9.2015». PROMUSICAE. Henta 16. september 2015. 
  80. "Iron Maiden – The Book of Souls". Swedishcharts.com. Hung Medien. Henta 13. september 2015.
  81. "Iron Maiden – The Book of Souls". Swisscharts.com. Hung Medien. Henta 16. september 2015.
  82. "2015-09-11 Top 40 Official Britiske album Archive | Official Charts". Den britiske albumlista. The Official Charts Company. Henta 17. september 2016.
  83. "Iron Maiden Album & Song Chart History" Billboard 200 for Iron Maiden. Prometheus Global Media. Henta 15. september 2015.
  84. «ARIA Charts - End of Year Charts - Top 100 Albums 2015». Australian Recording Industry Association. Henta 7. september 2016. 
  85. «Jaaroverzichten 2015 Albums» (på nederlandsk). Ultratop. Henta 7. september 2016. 
  86. «Rapports Annuels 2015 Albums» (på fransk). Ultratop. Henta 7. september 2016. 
  87. «Top 50 strana 2015». CMC.com.hr (på kroatisk). Croatian Music Channel. Henta 7. september 2016. 
  88. «Jaaroverzichten — Album 2015» (på nederlandsk). MegaCharts. Henta 7. september 2016. 
  89. «Le Top de l'année : Top Albums Fusionnés – 2015» (på fransk). Syndicat National de l'Édition Phonographique. Henta 14. januar 2016. 
  90. «Top 100 Album - Jahrescharts 2015» (på tysk). GfK Entertainment. Henta 7. september 2016. 
  91. «Összesített album- és válogatáslemez-lista - eladási darabszám alapján - 2015» (på ungarsk). Mahasz. Henta 6. mars 2016. 
  92. «Classifiche «Top of the Music» 2015 FIMI-GfK: La musica italiana in vetta negli album e nei singoli digitali» (på italiensk). Federazione Industria Musicale Italiana. Arkivert frå originalen (Click on «Scarica allegato» to download the zipped file containing the year-end chart PDF documents) 11. januar 2016. Henta 10. januar 2016. 
  93. «Los Más Vendidos 2015 - Mejor posición» (på spansk). AMPROFON. Arkivert frå originalen 24. januar 2016. Henta 24. januar 2016. 
  94. «Schweizer Jahreshitparade 2015» (på tysk). hitparade.ch. Henta 7. september 2016. 
  95. «End of Year Album Chart Top 100 - 2015». Official Charts Company. Henta 7. september 2016. 
  96. «Austrian album salstrofé – Iron Maiden – The Book of Souls» (på tysk). IFPI Austerrike. 2015. Henta 29. september 2015.  Enter Iron Maiden in the field Interpret. Enter The Book of Souls in the field Titel. Select album in the field Format. Click Suchen
  97. «Iron Maiden Novo Disco É O Mais Vendido No Brasil». Warner Music Brazil (på portugisisk). 24. september 2015. Arkivert frå originalen 22. desember 2015. Henta 9 October 2015. 
  98. «Iron Maiden recebeu da Warner Music ontem, antes do show no HSBC Arena, o disco de platina por The Book of Souls». Twitter (på portugisisk). Midiorama. 18. mars 2016. Henta 19 March 2016. 
  99. «Canadian album salstrofé – Iron Maiden – Book of Souls». Music Canada. 2015. Henta 29. september 2015. 
  100. «Albumu Book of souls Iron Maidena priznanje za zlatnu nakladu na području RH». HDU.HR (på kroatisk). Arkivert frå originalen 18. september 2016. Henta 29. juli 2016. 
  101. «French album salstrofé – Iron Maiden – The Book of Souls» (på fransk). Syndicat National de l'Édition Phonographique. Henta 12 December 2015. 
  102. «Gold-/Platin-Datenbank (Iron Maiden; 'Book of Souls')» (på tysk). Bundesverband Musikindustrie. Henta 29. september 2015. 
  103. «Polish album salstrofé – Iron Maiden – Book of Souls» (på polsk). Polish Producers of Audio and Video (ZPAV). 27. januar 2016. Henta 27. januar 2016. 
  104. «Adatbázis – Arany- és platinalemezek – 2015» (på ungarsk). Mahasz. 2015. Henta 3 October 2015. 
  105. «Italian album salstrofé – Iron Maiden – The Book of Souls» (på italiensk). Federation of the Italian Music Industry. 2015. Henta 29. september 2015.  Select Album e Compilation in the field Scegli la sezione. Select Week -- and Year ----. Enter Iron Maiden in the field Artista. Click Avvia la ricerca
  106. «Guld- och Platinacertifikat − År 2016» (PDF) (på svensk). IFPI Sweden. 2016. Henta 17. juni 2016. 
  107. «British album salstrofé – Iron Maiden – The Book of Souls». British Phonographic Industry. 4 December 2015. Henta 29. september 2015.  Enter The Book of Souls in the field Search. Select Title in the field Search by. Select album in the field By Format. Click Go

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: The Book of Souls


Føregangar
Beauty Behind the Madness
The Weeknd
Toppen av VG-lista
Iron Maiden

1 veke, veke 37–2015
Etterfylgjar
Beauty Behind the Madness
The Weeknd