Somewhere in Time av Iron Maiden

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Somewhere in Time
Studioalbum av Iron Maiden
Språk engelsk
Utgjeve 29. septemmber 1986
Innspelt 1986 i Compass Point Studios i Nassau på Bahamas og Wisseloord Studios i Hilversum i Nederland
Sjanger Heavy metal
Lengd 51:18[1]
Selskap EMI
Capitol (Nord-Amerika)
Produsent Martin Birch
Iron Maiden-kronologi 
Powerslave
(1984)
Somewhere in Time Seventh Son of a Seventh Son
(1988)
Singlar frå Somewhere in Time
  1. «Wasted Years»
    Utgjeve: 6. september 1986
  2. «Stranger in a Strange Land»
    Utgjeve: 22. november 1986
Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
AllMusic3.5/5 stars[2]
Collector's Guide to Heavy Metal7/10[3]
Kerrang!5/5[4]
Sputnikmusic4.5/5[5]

Somewhere in Time er det sjette studioalbumet til det engelske heavy metal-bandet Iron Maiden, gjeve ut den 29. september 1986 på EMI i Europa og systerselskapet Capitol Records i Nord-Amerika. Albumet er oppfølgjaren til det særs populære albumparet Powerslave/Live After Death, og var det første albumet der dei nytta gitarsynthesizerar.[6]

Etter utgjevinga har albumet seld til platinaplate i USA for over ein million selde eksemplar.[7]

Somewhere on Tour var namnet på turneen etter albumet.

Bakgrunn, låtskriving og innspeling[endre | endre wikiteksten]

Somewhere in Time er det første studioalbumet til bandet etter den omfattande World Slavery-turneen i 1984-1985, som var fysisk slitsam for bandet,[8] og bestod av 187 konsertar i løpet av 331 dagar.[9][10] Utmattinga etter turneen har fått skulda for at vokalisten Bruce Dickinson ikkje bidrog med songar på albumet og fekk sine ting avvist av resten av bandet.[11] Dickinson hadde skrive fleire «akutisk-baserte» songar, og forklarte at «eg følte at me hadde kome opp med vårt Physical Graffiti eller Led Zeppelin IV ... me måtte nå eit nytt nivå eller så kom me til å stagnere og drive bort,» sjølv om bassisten og hovudlåtskrivaren Steve Harris sa «eg trudde han hadde mista det fullstendig. Han var truleg meir utbrend enn me andre på slutten av turneen.»[11] På den andre sida er albumet kjend for dei gode songane til gitaristen Adrian Smith,[12] som skreiv begge singlane på albumet: «Wasted Years» og «Stranger in a Strange Land». Den sistnemnte songen var den einaste på plata der dei ikkje nytta synthesizerar.[13]

Etter World Slavery-turneen tok gruppa ein fire månader lang ferie, som Harris, Smith og gitaristen Dave Murray brukte til å eksperimentere med nytt utstyr.[6] Resultatet markerte ei endring i stilen til Iron Maiden, sidan det vart første gongen dei brukte gitar-synthesizerar. På den neste utgjevinga deira, Seventh Son of a Seventh Son i 1988, vart effektane skapt av klaverinstrument.[14] På grunn av ferien vart dette det første studioalbumet deira som ikkje kom ut eit år etter det førre. Bandet insisterte på at dei ønskte nok tid for å få det rett.[6] Det var òg eit av dei dyraste albuma dei spelte inn, med bass og trommer spelte inn på Bahamas, gitarar og vokal i Nederland, medan miksinga fann stad i New York.[6]

Sjølv om «rom og tid» er vanlege tema på dette albumet, med songar som «Wasted Years», «Caught Somewhere in Time», «Stranger in a Strange Land» og «Deja-Vu», tenkte aldri bandet at det skulle bli eit konseptalbum, og Harris sa, «Me gjekk garantert ikkje inn der og sa, 'Ok, la oss skrive mange songar om temaet tid.'»[15] Dei fleste av songane på albumet forsvann frå konsertsetlistene til bandet kort tid etter den påfølgjande turneen, men «Wasted Years» og «Heaven Can Wait» har ofte blitt spelt sidan den gongen. Under «Heaven Can Wait» har dei ofte teke grupper av lokale fans og kjendisar opp på scenen for å syngje partiet i midten av songen.[16]

Hyllestalbumet Maiden Heaven: A Tribute to Iron Maiden, gjeve ut av musikkmagasinet Kerrang! i 2008, inneheld to songar frå albumet: «Wasted Years» av DevilDriver og «Caught Somewhere in Time» av Madina Lake.[17]

Plateomslag[endre | endre wikiteksten]

Plateomslaget for Somewhere in Time vart skapt av den faste kunstnaren til bandet, Derek Riggs, og syner ein cyborg-liknande Eddie i eit futuristisk Blade Runner-inspirert miljø.[18] Som plateomslaget på Powerslave inneheld omslaget ei rekkje referansar til tidlegare Maiden-album og songar.[19]

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Side ein
Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
1.«Caught Somewhere in Time»Steve Harris7:22
2.«Wasted Years»Adrian Smith5:06
3.«Sea of Madness»Smith5:42
4.«Heaven Can Wait» 7:24
Side to
Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
5.«The Loneliness of the Long Distance Runner» 6:31
6.«Stranger in a Strange Land»Smith5:43
7.«Deja-Vu»Dave Murray, Harris4:55
8.«Alexander the Great» 8:35
Total lengd:51:18
Bonus-CD frå 1995-utgåva
Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
1.«Reach Out»Dave Colwell3:31
2.«Juanita» (Opphavleg spelt av Marshall Fury)Steve Barnacle, Derek O'Neil3:47
3.«Sheriff of Huddersfield» (Basert på ein gammal Urchin-song kalla «Life in the City»)Harris, Bruce Dickinson, Smith, Murray, Nicko McBrain3:35
4.«That Girl» (Opphavleg spelt av FM)Andy Barnett, Pete Jupp, Merv Goldsworthy5:07

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Henta frå plateomslaget.[1][20]

Iron Maiden
Produksjon

Lister[endre | endre wikiteksten]

Album[endre | endre wikiteksten]

Land Liste (1986) Plassering
Austerrike Ö3 Austerrike Topp 40 10[21]
Finland Den finske albumlista 1[22]
New Zealand RIANZ 5[23]
Noreg VG-lista 8[24]
Sverige Sverigetopplistan 6[25]
Sveits Hitparade 22[26]
Storbritannia Offisiell albumliste 3[27]
USA Billboard 200 11[28]
Land Liste (1987) Plassering
Austerrike Ö3 Austerrike Topp 40 29[21]
Land Liste (1998) Plassering
Tyskland Media Control Charts 8[29]
Land Liste (2010) Plassering
Hellas IFPI Hellas 39[30]
Land Liste (2013) Plassering
Finland Den finske albumlista 42[31]
Tyskland Media Control Charts 95[32]
Noreg VG-lista 26[24]
Sverige Sverigetopplistan 34[25]

Singlar[endre | endre wikiteksten]

Singel Liste (1986) Plassering Album
«Wasted Years» Irish Singles Chart 11[33] Somewhere in Time
UK Singles Chart 18[34]
«Stranger in a Strange Land» Irish Singles Chart 18[33]
UK Singles Chart 22[35]
Singel Liste (1990) Plassering Album
«Wasted Years/Stranger in a Strange Land» UK Albums Chart[merk 1] 9[36]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. Nyutgjeving av begge singlane som ein del av The First Ten Years. Strekte seg over tidsgrensa til UK Singles chart.

Salstrofé[endre | endre wikiteksten]

Region Salstrofé Salstal
Brasil (ABPD)[37] Gull 100 000*
Canada (Music Canada)[38] 2× Platina 200 000^
Tyskland (BVMI)[39] Gull 250 000^
Storbritannia (BPI)[40] Gull 100 000^
USA (RIAA)[41] Platina 1 000 000^

^salstala er basert på sertifiseringa aleine

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 Somewhere in Time. Iron Maiden. EMI. 29 September 1986. 
  2. Huey, Steve. «Iron Maiden Somewhere in Time review». AllMusic. Rovi Corporation. Henta 2 April 2013. 
  3. Popoff, Martin (1. november 2005). The Collector's Guide to Heavy Metal: Volume 2: The Eighties. Burlington, Ontario, Canada: Collector's Guide Publishing. s. 172. ISBN 978-1-894959-31-5. 
  4. Wall, Mick (18 September 1986). «Time Lauds». Kerrang! 129. London, UK: Spotlight Publications. s. 14, 17. 
  5. Stagno, Mike (2 June 2006). «Iron Maiden – Somewhere in Time». Henta 24. august 2016. 
  6. 6,0 6,1 6,2 6,3 Wall, Mick (2004). Iron Maiden: Run to the Hills, the Authorised Biography (3rd utg.). Sanctuary Publishing. s. 258. ISBN 1-86074-542-3. 
  7. «RIAA Searchable database – Gold and Platina». Recording Industry Association of America. Henta 26. august 2016. 
  8. Wall, Mick (2004). Iron Maiden: Run to the Hills, the Authorised Biography (3rd utg.). Sanctuary Publishing. s. 255. ISBN 1-86074-542-3. 
  9. Wall, Mick (2004). Iron Maiden: Run to the Hills, the Authorised Biography (3rd utg.). Sanctuary Publishing. s. 253. ISBN 1-86074-542-3. 
  10. Maiden England '88. [DVD]. EMI. 25 March 2013. 
  11. 11,0 11,1 Wall, Mick (2004). Iron Maiden: Run to the Hills, the Authorised Biography (3rd utg.). Sanctuary Publishing. s. 260. ISBN 1-86074-542-3. 
  12. Wall, Mick (2004). Iron Maiden: Run to the Hills, the Authorised Biography (3rd utg.). Sanctuary Publishing. s. 261. ISBN 1-86074-542-3. 
  13. Fanelli, Damien; Hart, Josh (9 July 2013). «Synth City: 10 Classic Guitar Synth Songs». Guitar World. Arkivert frå originalen 18. september 2020. Henta 26. august 2016. 
  14. Wall, Mick (2004). Iron Maiden: Run to the Hills, the Authorised Biography (3rd utg.). Sanctuary Publishing. s. 266. ISBN 1-86074-542-3. 
  15. Wall, Mick (2004). Iron Maiden: Run to the Hills, the Authorised Biography (3rd utg.). Sanctuary Publishing. s. 259. ISBN 1-86074-542-3. 
  16. Snart, Gordon (21 June 2008). «Sing Live with Iron Maiden». The Sun. Henta 26. august 2016. 
  17. «Maiden Heaven Track Listing Revealed!». Kerrang!. 25 June 2008. Henta 26. august 2016. 
  18. «Somewhere in Time- Riggs Commentary». Derek Riggs. Arkivert frå originalen 18. august 2011. Henta 23 September 2011. 
  19. Popoff, Martin (2006). Run for Cover: The Art of Derek Riggs (1 utg.). Aardvark Publishing. s. 87. ISBN 1-4276-0538-6. 
  20. Somewhere in Time Remastered. Iron Maiden. EMI. 1998. 
  21. 21,0 21,1 «Iron Maiden – Somewhere in Time». Ö3 Austerrike Topp 40. AustrianCharts.at. Henta 19 September 2011. 
  22. Pennanen, Timo (2006). Sisältää hitin – levyt ja esittäjät Suomen musiikkilistoilla vuodesta 1972 (på Finnish) (1st utg.). Helsinki: Kustannusosakeyhtiö Otava. s. 166. ISBN 978-951-1-21053-5. 
  23. «Iron Maiden – Somewhere in Time (album)». Recording Industry Association of New Zealand. Charts.org.nz. Arkivert frå originalen 11. november 2012. Henta 22. august 2016. 
  24. 24,0 24,1 «Iron Maiden – Somewhere in Time». VG-lista. Norwegiancharts.com. Henta 19 September 2011. 
  25. 25,0 25,1 «Iron Maiden – Somewhere in Time». Sverigetopplistan. Swedishcharts.com. Henta 19 September 2011. 
  26. «Iron Maiden – Somewhere in Time» (på tysk). Hitparade. Henta 19 September 2011. 
  27. «Iron Maiden UK Chart History». Official Charts Company. Henta 23 November 2012. 
  28. «Iron Maiden – Somewhere in Time». Billboard. Nielsen Company. Henta 19 September 2011. 
  29. «Iron Maiden – Somewhere in Time». Media Control Charts (på tysk). charts.de. Henta 19 September 2011. 
  30. «Iron Maiden – Somewhere in Time (album)». IFPI Hellas. Greekcharts.com. Arkivert frå originalen 23. oktober 2013. Henta 22. august 2016. 
  31. «Iron Maiden – Somewhere in Time (album)». Den finske albumlista. Finnishcharts.com. Henta 22. august 2016. 
  32. «Iron Maiden > Longplay-Chartverfolgung». Musicline (på tysk). PhonoNet GmbH. Arkivert frå originalen 17. oktober 2012. Henta 13 June 2011. 
  33. 33,0 33,1 «Irish singles archive». IRMA. Irishcharts.ie. Henta 14 October 2011. 
  34. «Top 40 Official Singles Chart UK Archive 13 September 1986». Official Charts Company. Henta 19 September 2011. 
  35. «Top 40 Official Singles Chart UK Archive 29 November 1986». Official Charts Company. Henta 19 September 2011. 
  36. «Top 40 Offisiell albumliste UK Archive 14 April 1990». Official Charts Company. Henta 19 September 2011. 
  37. «Brazilian album salstrofé – Iron Maiden – Somewhere in Time» (på portugisisk). Associação Brasileira dos Produtores de Discos. 1990. Henta 15 November 2011. 
  38. «Canadian album salstrofé – Iron Maiden – Somewhere in Time». Music Canada. 16 February 1987. Henta 15 November 2011. 
  39. «Gold-/Platin-Datenbank (Iron Maiden; 'Somewhere in Time')» (på tysk). Bundesverband Musikindustrie. Henta 15 November 2011. 
  40. «British album salstrofé – Iron Maiden – Somewhere in Time». British Phonographic Industry. 1 November 2002. Henta 15 November 2011.  Enter Somewhere in Time in the field Search. Select Title in the field Search by. Select album in the field By Format. Click Go
  41. «American album salstrofé – Iron Maiden – Somewhere in Time». Recording Industry Association of America. Henta 15 November 2011.  If necessary, click Advanced, then click Format, then select Album, then click SEARCH