Purgatory

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Purgatory av Iron Maiden)
Purgatory
av Iron Maiden
frå albumet Killers
B-side

«Genghis Khan»

Språk engelsk
Utgjeve 15. juni 1981
Innspelt 1980
Sjanger Heavy metal
Lengd 3:22
Komponist Steve Harris
Tekstforfattar Steve Harris
Låtskrivar(ar) Steve Harris
Iron Maiden-kronologi 
«Twilight Zone»
(1981)
Purgatory «Run to the Hills»
(1982)


«Purgatory» er ein song av Iron Maiden, gjeve ut som den femte singelen deira den 15. juni 1981. Det var den siste utgjevinga deira med songaren Paul Di'Anno. Det er den einaste singelen frå albumet Killers, sidan den førre singelen deira, «Twilight Zone», opphavleg ikkje var med på den originale førsteutgåva av albumet. Singelen kom ut på ny i 1990 på same CD og 12"-vinyl som EPen Maiden Japan i plateboksen The First Ten Years.

Historie[endre | endre wikiteksten]

I følgje trommeslagaren Nicko McBrain var songen ei nyinnspeling av ein av dei tidlegare songane til bandet, kalla «Floating». «Purgatory» er eit raskare arrangement av denne songen.[1] Det var den minst suksessrike singelen til bandet og nådde ikkje topp 50 på den britiske singellista. Manageren deira, Rod Smallwood, har sagt at dette kom av at det «var ikkje i røynda ein singel, han vart berre henta frå albumet, som fansen alt hadde».[2]

Det originale singelomslaget vart trekte attende av bandet fordi dei ønskte å nytte det på det neste studioalbumet, The Number of the Beast.[2] Smallwood sa at då dei vart presentert med det originale omslaget «sa me, 'Nei, det er altfor bra,' så me brukte det for albumet. Me hadde plateomslaget klart fleire månader før musikken.»[3] Dette gjorde at designaren Derek Riggs, måtte komme opp med eit omsag til, denne gongen ein illustrasjon av andletet til djevelen som rotnar bort og syner andletet til bandmaskoten, Eddie, under.[4]

Innhald[endre | endre wikiteksten]

1981 7"-singel
Side ein
Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
1.«Purgatory»Steve Harris3:22
Side to
Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
1.«Genghis Khan»Harris3:10

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Frå omslaget til 7"-singelen.[5]

Iron Maiden
Produksjon

Lister[endre | endre wikiteksten]

Singel Liste (1981) Plassering Album
«Purgatory» UK Singles Chart 52[6] Killers
Singel Liste (1990) Plassering Album
«Purgatory / Maiden Japan» UK Albums Chart[merk 1] 5[7]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. Re-release of both titles as part of The First Ten Years. Strekte seg over tidsgrensa til UK Singles chart.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. McBrain, Nicko; Iron Maiden. «Listen with Nicko! Part III». The First Ten Years: Part 3. 
  2. 2,0 2,1 Bushell, Garry; Halfin, Ross (1985). Running Free, The Official Story of Iron Maiden (2nd utg.). Zomba Books. s. 100. ISBN 0-946391-84-X. 
  3. Wall, Mick (2004). Iron Maiden: Run to the Hills, the Authorised Biography (3rd ed.). Sanctuary Publishing. s. 190. ISBN 1-86074-542-3. 
  4. Bushell, Garry; Halfin, Ross (1985). Running Free, The Official Story of Iron Maiden (2nd utg.). Zomba Books. s. 101. ISBN 0-946391-84-X. 
  5. «Purgatory» 7 Inch Single. Iron Maiden. EMI. 15 June 1981. 
  6. «Iron Maiden Chart History». Official Charts Company. Henta 1 August 2012. 
  7. «Top 40 Official UK Albums Archive 10 March 1990». Official Charts Company. Henta 22. august 2016.