Futureal

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Futureal
av Iron Maiden
frå albumet Virtual XI
B-side

«The Evil That Men Do (live)»
«Man on the Edge (live)»
«The Angel and the Gambler» (video)

Utgjeve 28. juli 1998
Innspelt 1997
Sjanger Heavy metal
Lengd 3:00
Selskap EMI
Låtskrivar(ar) Steve Harris
Blaze Bayley
Iron Maiden-kronologi 
«The Angel and the Gambler»
(1998)
Futureal «The Wicker Man»
(2000)


«Futureal» er ein song av Iron Maiden frå albumet Virtual XI, gjeven ut i 1998. Berre månader etter songen vart gjeven ut på singel, slutta vokalisten Blaze Bayley i Iron Maiden.

Oversyn[endre | endre wikiteksten]

Songen vart stemt fram som ein av dei mest populære Iron Maiden-songane gjennom tidenene i ei fan-undersøking gjort under produksjonen av albumet og videospelet Ed Hunter. Det er ein av to songar frå Blaze Bayley-tida som kom med på samleplata Edward the Great i lag med «Man on the Edge». Omslaget på singelen syner bandmaskoten Eddie i CG-form, som cyborg-forma han hadde på Somewhere in Time.

Iron Maiden spelte ofte songoen under Ed Hunter-turneen i 1999, og ein av fem songar frå Bayley-tida som vart spelt på konsertar av bandet etter han slutta.

Eit konsertopptak frå 1999 av denne songen vart gjeven ut på neste singelen deira, «The Wicker Man».

Då songen vart spelt under Ed Hunter-turneen dukka ein enorm robotversjon av Eddie opp bak scenen og «sloss» med bandmedlemmane.

Gitarsoloen i «Futureal» vert spelt av Dave Murray.

Singelen kom med ein plakat av Derek Riggs som av ulike årsaker ikkje vart nytta som singelomslag.[1]

Innhald[endre | endre wikiteksten]

  1. «Futureal» – (Blaze Bayley, Steve Harris) – 3:00
  2. «The Evil That Men Do (live - Kåren i Gøteborg, 1. november 1995)» (Bruce Dickinson, Harris, Adrian Smith) – 4:20
  3. «Man on the Edge (live - Kåren i Gøteborg, 1. november 1995)» (Bayley, Janick Gers) – 4:09
  4. «The Angel and the Gambler (video)» (Harris) – 9:51

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Derick Riggs Poster». Henta 1. september 2016. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]