Fear of the Dark av Iron Maiden

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Fear of the Dark
Studioalbum av Iron Maiden
Språk engelsk
Utgjeve 11. mai 1992
Innspelt 1991–april 1992 i Barnyard Studios i Essex i England
Sjanger Heavy metal
Lengd 57:58[1]
Selskap EMI
Epic (US)
Produsent Martin Birch, Steve Harris
Iron Maiden-kronologi 
No Prayer for the Dying
(1990)
Fear of the Dark The X Factor
(1995)
Singlar frå Fear of the Dark
  1. «Be Quick or Be Dead»
    Utgjeve: 13. april 1992
  2. «From Here to Eternity»
    Utgjeve: 29. juni 1992
  3. «Wasting Love»

Fear of the Dark er det niande studioalbumet til det engelske heavy metal-bandet Iron Maiden. Det kom ut 11. mai 1992 og var det tredje studioalbumet deira som nådde toppen av den britiske albumlista, og det siste med Bruce Dickinson som vokalist før han kom attende i 1999.

Det var òg det første albumet som vart produsert av bassisten Steve Harris, og det siste der dei arbeidde med produsenten Martin Birch (som pensjonerte seg etter dette albumet).

Historie[endre | endre wikiteksten]

Etter innspelinga av føregangaren (No Prayer for the Dying i 1990) i ein låve på eigedomen til Steve Harris med Rolling Stones Mobile Studio, som førte til negative resultat, fekk Harris bygd om bygningen til eit skikkeleg studio (som fekk namnet «Barnyard»).[2] Bruce Dickinson skildra resultatet som «hakket betre fordi Martin [Birch] kom inn og oversåg lyden. Men det var store avgrensingar i det studioet - rett og slett på grunn av den fysiske storleiken, og ting som det. Det vart ikkje så verst til slutt, men, du veit, litt under par.»[3]

Bandet eksperimenterte noko med den musikalske stilen på albumet, som på «Be Quick or Be Dead», ein kjapp song som vart gjeven ut som den første singelen frå albumet,[4] og «Wasting Love», den første powerballaden til bandet,[5] datert attende til det første soloalbumet til Dickinson, Tattooed Millionaire.[6] Begge songane var skrivne av Dickinson/Gers, og stod i kontrast til Harris sin «Afraid to Shoot Strangers», ein politisk song sett frå synspunktet til ein soldat i Golfkrigen,[7] Dickinson introduserte ofte songen som ein antikrigssong.[8] «Fear is the Key» handlar om frykta som hadde oppstått i seksuelle forhold etter at AIDS kom på banen. Songen vart skriven på den tida då bandet fekk vite om at Queen-songaren Freddie Mercury var død av AIDS. Dickinson sa «Det er ei linje i 'Fear Is the Key' som går: 'nobody cares 'til somebody famous dies'. Og det er trist, men sant... Så lenge viruset var avgrensa til homoseksuelle eller dopmisbrukarar, så var det ingen som brydde seg. Det er først når kjendisar døyr at massane byrjar å bli uroa».[9] «Weekend Warrior» handlar om hooliganisme.[9]

Berre to songar på albumet, tittelsporet og «Afraid to Shoot Strangers», vart spelt etter turneen i 1993. «Fear of the Dark» har vore på setlista på alle turneane sidan, utanom i 2005,[4] der bandet berre spelte songar frå dei fire første albuma,[10] og var den einaste songen spelt på Somewhere Back in Time World Tour og Maiden England World Tour (anna enn «Afraid to Shoot Strangers») som ikkje var frå 1980-åra. «Afraid to Shoot Strangers» vart ofte spelt på konsertane medan Blaze Bayley var i Iron Maiden, og kom attende i 2012.[11]

«Be Quick or Be Dead», «From Here to Eternity» og «Wasting Love» vart gjevne ut som singlar.

Fear of the Dark Tour var turneen etter albumet.

Plateomslag[endre | endre wikiteksten]

I følgje bandbiografen Mick Wall, syner omslaget til Fear of the Dark maskoten deira, Eddie, «som ein slags Nosferatu-trefigur som gløtter vondt mot månen».[7] Det var det første omslaget til bandet som ikkje vart designa av kunstnaren Derek Riggs, då bidraget til Melvyn Grant vart føretrekt føre Riggs sitt forslag.[7] I følgje Iron Maiden-manageren, Rod Smallwood, aksepterte bandet bidrag frå andre artistar fordi «me ønskte å oppgradere Eddie for 1990-åra. Me ønskte å ta han frå den svarte teikneserie- og skrekkfiguren og gjere han til noko meir endefram, slik at han vart enno meir trugande.»[7] Etter Fear of the Dark, laga Grant fleire plateomslag for Iron Maiden, og vart den nest mest nytta kunstnaren til bandet etter Riggs.

Mottaking[endre | endre wikiteksten]

Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
AllMusic2/5 stars[4]
Billboardpositiv[12]
Collector's Guide to Heavy Metal4/10[13]
Sputnikmusic3.5/5[5]

Albuma fekk blanda kritikk, og AllMusic skreiv at «det er lett ei forbetring etter det matte No Prayer for the Dying (både musikalsk og lydmessig), men er ikkje på same nivå som dei ekspesjonelle platene deira frå 1980-åra.»[4] Sputnikmusic var meir positive om utgjevinga go sa at «sjølv om mange av songane framleis er under par etter standarden deira... er bandet attende i høgda som dei har nytt gjennom heile 80-åra.»[5] Billboard gav albumet positiv kritikk då det kom ut, og sa at røysta til Dickinson «ikkje syner teikn til slitasje» og gitaren «høyres frisk og klår ut».[12]

I oktober 2011 vart Fear of the Dark rangert på åttandeplassen på lista til Guitar World over dei ti beste gitaralbuma frå 1992.[14]

Fear of the Dark vart det tredje Iron Maide-albumet som nådde toppen av UK Albums Chart.[15] Det var det mest suksessrike albumet deira i Nord-Amerika etter Nielsen SoundScan vart innført i 1991, med 438 000 selde kopiar fram til 2008.[16]

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
1.«Be Quick or Be Dead»Bruce Dickinson, Janick Gers3:21
2.«From Here to Eternity»Steve Harris3:35
3.«Afraid to Shoot Strangers»Harris6:52
4.«Fear Is the Key»Dickinson, Gers5:30
5.«Childhood's End»Harris4:37
6.«Wasting Love»Dickinson, Gers5:46
7.«The Fugitive»Harris4:52
8.«Chains of Misery»Dickinson, Dave Murray3:33
9.«The Apparition»Harris, Gers3:53
10.«Judas Be My Guide»Dickinson, Murray3:06
11.«Weekend Warrior»Harris, Gers5:37
12.«Fear of the Dark»Harris7:16
Total lengd:57:58
Bonus-CD frå 1995-utgåva
Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
1.«Nodding Donkey Blues»Harris, Dickinson, Murray, Nicko McBrain, Gers3:18
2.«Space Station No. 5» (Montrose-song)Ronnie Montrose, Sammy Hagar11:58
3.«I Can't See My Feelings» (Budgie-song)Tony Bourge, Burke Shelley3:50
4.«Roll Over Vic Vella» (Parodi av Chuck Berry-songen «Roll over Beethoven»)Chuck Berry, Harris (endra tekst)4:48
5.«No Prayer for the Dying» (live)Harris4:23
6.«Public Enema Number One» (live)Murray, Dickinson3:58
7.«Hooks in You» (live)Dickinson, Adrian Smith3:44
  • «Space Station No. 5» inneheld eit løynd spor kalla «Bayswater Ain't a Bad Place to Be» (tidlegare tilgjengeleg som eit løynd spor på den britiske singelen «Be Quick or Be Dead»)

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Frå plateomslaget:[1][17]

Iron Maiden
Andre musikarar
  • Michael Kenney – klaverinstrument
Produksjon

Lister[endre | endre wikiteksten]

Album[endre | endre wikiteksten]

Land Liste (1992) Plassering
Australia ARIA Charts 11[18]
Austerrike Ö3 Austerrike Topp 40 8[19]
Finland Den finske albumlista 4[20]
Tyskland Media Control Charts 5[21]
Ungarn Mahasz 25[22]
Japan Oricon 11[23]
Nederland MegaCharts 36[24]
New Zealand RIANZ 4[25]
Noreg VG-lista 6[26]
Sverige Sverigetopplistan 8[27]
Sveits Hitparade 5[28]
Storbritannia Offisiell albumliste 1[15]
USA Billboard 200 12[29]
Land Liste (2010) Plassering
Hellas IFPI Hellas 53[30]

Singlar[endre | endre wikiteksten]

Singel Liste (1992) Plassering Album
«Be Quick or Be Dead» Australian Singles Chart 47[31] Fear of the Dark
Den belgiske singellista (Flandern) 47[32]
Den nederlandske singellista 26[33]
Den tyske singellista 32[34]
Irish Singles Chart 10[35]
New Zealand Singles Chart 12[36]
VG-lista i Noreg 3[37]
Sverigetopplistan 15[38]
Den sveitisiske singellista 15[39]
UK Singles Chart 2[40]
«From Here to Eternity» Irish Singles Chart 27[35]
UK Singles Chart 21[41]
Singel Liste (1993) Plassering Album
«Fear of the Dark» (Live) Irish Singles Chart 17[35] A Real Live One
UK Singles Chart 8[42]

Salstrofé[endre | endre wikiteksten]

Region Salstrofé Salstal
Canada (Music Canada)[43] Gull 50 000^
Frankrike (SNEP)[44] Gull 100,000*
Storbritannia (BPI)[45] Gull 100 000^

^salstala er basert på sertifiseringa aleine

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 Fear of the Dark. Iron Maiden. EMI. 11 May 1992. 
  2. Wall, Mick (2004). Iron Maiden: Run to the Hills, the Authorised Biography (3rd utg.). Sanctuary Publishing. s. 316. ISBN 1-86074-542-3. 
  3. Berelian, Essi (June 2000). «The Wicked Man». Classic Rock (15): 36–43. 
  4. 4,0 4,1 4,2 4,3 Prato, Greg. Fear of the Dark av Iron MaidenAllmusic. Henta 24. august 2016.
  5. 5,0 5,1 5,2 Stagno, Mike (17 September 2006). «Iron Maiden – Fear of the Dark». Henta 24. august 2016. 
  6. Wall, Mick (2004). Iron Maiden: Run to the Hills, the Authorised Biography (3rd utg.). Sanctuary Publishing. s. 290. ISBN 1-86074-542-3. 
  7. 7,0 7,1 7,2 7,3 Wall, Mick (2004). Iron Maiden: Run to the Hills, the Authorised Biography (3rd utg.). Sanctuary Publishing. s. 289. ISBN 1-86074-542-3. 
  8. James, Darren (2005). «No Sleep». Metal Hammer presents: Iron Maiden 30 Years of Metal Mayhem: 92–93. 
  9. 9,0 9,1 Dumatrey, Henry (June 1992). «Interview with Bruce Dickinson». Hard Force Magazine (på fransk) (2). 
  10. «Eddie Rips Up The World Tour Begins in Prague; Setlist Revealed». Brave Words & Bloody Knuckles. 29. mai 2005. Henta 31. august 2016. 
  11. Alderslade, Merlin (31. august 2016). «First Iron Maiden 'Maiden England' US Tour Setlist Revealed, Rest of World Weeps With Jealousy». Metal Hammer. Arkivert frå originalen 2. oktober 2013. Henta 31. august 2016. 
  12. 12,0 12,1 «Album Reviews: Iron Maiden – Fear of the Dark». Billboard. 30 May 1992. Henta 23 November 2012. 
  13. Popoff, Martin (August 1, 2007). The Collector's Guide to Heavy Metal: Volume 3: The Nineties. Burlington, Ontario, Canada: Collector's Guide Publishing. s. 212. ISBN 978-1-894959-62-9. 
  14. Grassi, Tony (31. august 2016). «Photo Gallery: The Top 10 Guitar Albums of 1992». Guitar World. Henta 31. august 2016. 
  15. 15,0 15,1 «Iron Maiden UK Chart History». Official Charts Company. Henta 23 November 2012. 
  16. «Iron Men». Billboard 120 (20): 51. 15 May 2008. Henta 31. august 2016. 
  17. Fear of the Dark Remastered. Iron Maiden. EMI. 1998. 
  18. Hung, Steffen. «Iron Maiden – Fear of the Dark». ARIA Charts. australian-charts.com. Henta 26. august 2016. 
  19. Steffen Hung. «Iron Maiden – Fear of the Dark». Ö3 Austerrike Topp 40 (på tysk). austriancharts.at. Henta 26. august 2016. 
  20. Pennanen, Timo (2006). Sisältää hitin – levyt ja esittäjät Suomen musiikkilistoilla vuodesta 1972 (på finsk) (1st utg.). Helsinki: Kustannusosakeyhtiö Otava. s. 166. ISBN 978-951-1-21053-5. 
  21. musicline.de / PhonoNet GmbH. «Die ganze Musik im Internet: Charts, News, Neuerscheinungen, Tickets, Genres, Genresuche, Genrelexikon, Künstler-Suche, Musik-Suche, Track-Suche, Ticket-Suche». Media Control Charts (på tysk). musicline.de. Arkivert frå originalen 10. oktober 2012. Henta 26. august 2016. 
  22. «Archívum › Kereső – lista és dátum szerint» (på ungarsk). Association of Hungarian Record Companies. Henta 31. august 2016. 
  23. «アイアン・メイデンのCDアルバムランキング、アイアン・メイデンのプロフィールならオリコン芸能人事典-ORICON STYLE» (på japansk). Oricon. Henta 26. august 2016. 
  24. «Iron Maiden – Fear of the Dark (album)». MegaCharts (på nederlandsk). Dutchcharts.nl. Henta 22. august 2016. 
  25. «Iron Maiden – Fear of the Dark». Recording Industry Association of New Zealand. charts.org.nz. Arkivert frå originalen 24. oktober 2012. Henta 26. august 2016. 
  26. «Iron Maiden – Fear of the Dark». VG-lista. norwegiancharts.com. Henta 26. august 2016. 
  27. «Iron Maiden – Fear of the Dark». Sverigetopplistan. swedishcharts.com. Henta 26. august 2016. 
  28. «Iron Maiden – Fear of the Dark». Hitparade. Henta 26. august 2016. 
  29. «Iron Maiden – Fear of the Dark». AllMusic. Rovi Corporation. Henta 31. august 2016. 
  30. «Iron Maiden – Fear of the Dark». IFPI Hellas. greekcharts.com. Arkivert frå originalen 23. oktober 2013. Henta 26. august 2016. 
  31. «Iron Maiden – 'Be Quick or Be Dead'». ARIA. australian-charts.com. Henta 18 March 2011. 
  32. «Iron Maiden – 'Be Quick or Be Dead'» (på nederlandsk). Ultratop. Henta 16. april 2013. 
  33. «Iron Maiden – 'Be Quick or Be Dead'». Nederlandsk topp 40. dutchcharts.nl. Henta 18 March 2011. 
  34. musicline.de / PhonoNet GmbH. «Die ganze Musik im Internet: Charts, News, Neuerscheinungen, Tickets, Genres, Genresuche, Genrelexikon, Künstler-Suche, Musik-Suche, Track-Suche, Ticket-Suche». Media Control Charts. musicline.de. Arkivert frå originalen 10. oktober 2012. Henta 18 March 2011. 
  35. 35,0 35,1 35,2 «Irish singles archive». IRMA. irishcharts.ie. Henta 14 October 2011. 
  36. «Iron Maiden – 'Be Quick or Be Dead'». RIANZ. charts.org.nz. Arkivert frå originalen 24. oktober 2012. Henta 18 March 2011. 
  37. «Iron Maiden discography». VG-lista. Norwegiancharts.com. Henta 31. august 2016. 
  38. «Iron Maiden discography». Sverigetopplistan. Swedishcharts.com. Henta 31. august 2016. 
  39. «Iron Maiden – 'Be Quick or Be Dead'». Hitparade. Henta 31. august 2016. 
  40. «Top 40 Official Singles Chart UK Archive 25 April 1992». Official Charts Company. Henta 31. august 2016. 
  41. «Top 40 Official Singles Chart UK Archive 18 July 1992». Official Charts Company. Henta 31. august 2016. 
  42. «Top 40 Official Singles Chart UK Archive 13 March 1993». Official Charts Company. Henta 31. august 2016. 
  43. «Canadian album salstrofé – Iron Maiden – Fear of the Dark». Music Canada. 12 October 2006. Henta 22. august 2016. 
  44. «French album salstrofé – Iron Maiden – Fear of the Dark» (på fransk). Syndicat National de l'Édition Phonographique. Henta 22. august 2016. 
  45. «British album salstrofé – Iron Maiden – Fear of the Dark». British Phonographic Industry. Henta 22. august 2016.  Enter Fear of the Dark in the field Search. Select Title in the field Search by. Select album in the field By Format. Click Go