Den nederlandske gullalderen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Verdskart av Frederik de Wit frå 1662, framstilt i det leiande forlagshuset for kart og atlas i den gyldne perioden i Nederlanda. Det symboliserer den økonomiske, kulturelle og kunstnariske leiarrolla for landet, som hadde stige fram til å vera ei verdsmakt og sjølv dominerte kartografien.
Kart over Dei sameinte Nederlanda av Johannes Janssonius frå 1658
Filip II rundt 1575.

Den nederlandske gullalderen var ein epoke i nederlandsk historie med økonomisk og kulturell bløming som hende på 1600-talet etter at i Republikken av Dei sju sameinte provinsane blei skipa i 1581.

Han oppstod av Utrechtunionen, som var forløparen for ei leiande verdsmakt og handelsnasjon, medan resten av Europa opplevde ein stagnasjon eller til og med tilbakegang fram til ca. 1750. Religionsfridommen som rådde i Nederlanda trekte til seg mange menneske frå statar der dei var forfølgde på grunn av trua si. Dei flykta til denne unge republikken som villig tok imot dei. Forfattarar og lærde kom for å kunna skriva og undervisa fritt. Med grunnlegginga av Universiteit Leiden og utviklinga av ånds- og naturvitskapar blei landet eit betydeleg kunnskapssenter.

Nemninga gullalder eller gyllen tidsalder blir særleg brukt om ei hittil ukjend bløming av kultur og målarkunst. Ofte innskrenkar omgrepet seg til dei mange meisterverke innan målarkunsten på 1600-talet.

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

I 1477 kom Nederlanda under Habsburg-herredøme. Då var den økonomiske situasjonen allereie blitt gunstig i Dei burgundiske Nederlanda. Særleg under Karl V var det framgang både for landbruk, dyrehald, fiskeri og for handel og industri. I tillegg voks tekstilsektoren raskt, og Antwerpen utvikla seg til eit økonomisk sentrum i regionen. Det gjekk også føre seg ei bløming innan vitskap og kultur, ikkje minst gjennom innsatsen til boktrykkaren og forleggjaren Christophe Plantin. Samtidig var reformasjonstida blitt innleidd, og både Karl V og etterfylgjaren hans, sonen Filip II, gjekk som overtydde katolikkar sterkt inn for motreformasjonen.

Konflikt med Spania[endre | endre wikiteksten]

Då Filip II erklærte kalvinismen for kjettersk, gjorde dei nordlege provinsane opprør under leiing av Vilhelm av Orange. Med hans forsøk på å besette Brabant blei åttiårskrigen innleidd. Dei sju nordlege provinsane slutta seg saman i Utrechtunionen i 1579 og grunnla Dei sameinte Nederlanda i 1581, medan dei katolske provinsane i sør – i dag Belgia og Luxembourg – blei verande på spansk side.

Avtalen som blei inngått ved danninga av Utrechtunionen gav mellom anna dei nordlege provinsane rett til å kontrollera skipsfarten på Nederrhinen, noko som viste seg å få tyding for den vidare økonomiske utviklinga. I 1585 erobra Spania Antwerpen. Som svar på dette sperra nederlendarane av Schelde, og sperra dermed Antwerpen sin tilgang til Nordsjøen. Slik var kursen sett for Amsterdam som det framtidige regionale handelssentrumet, som raskt kunne legga rivalen Antwerpen bak seg.

I 1608 blei det innleidd fredsforhandlingar med Spania, der også England og Frankrike deltok. Dette medførte at det i 1609 blei inngått ein tolvårig våpenkvile.

Sjøfolk og kjøpmenn[endre | endre wikiteksten]

Grunnlaget for den framgangsrike nederlandske økonomien låg i Austersjøhandelen som sidan byrjinga av 1400-talet blei driven systematisk frå provinsen Holland og Amsterdam og gjorde provinsen til ein blømande handelsnasjon – trass omleiringa til spanjolane. Mindre og snøggar skip enn dei til konkurrentane, og mindre behov for bemanning, gjorde sjøhandelsfolka frå Amsterdam til dei mest fleksible i samtida. Allereie på slutten av 1500-talet byrja blømingstida for Amsterdam og provinsen Holland.

Rundt år 1600 var det samla ein monaleg investeringskapital i Amsterdam som kunne brukast på nye område. Dei fyrste skipsekspedisjonane blei finansierte for å utforska moglegheitane for handel i Asia og Amerika. Dei nederlandske sjø- og handelsfolka var heldige sidan Hansaforbundet var i tilbakegang; andre konkurrentar var opptatt andre stader av krigar og oppstand – øydelegginga av den spanske armadaen i 1588 kan tena som eit døme. Medan spanjolane konsentrerte seg om engelskmennene og franskmennene som krigsmotstandarar, våga nederlandske handelsskip seg ut på stadig lengre sjøreiser, og kunne relativt uforstyrra finna nye sjøvegar og grunnlegga koloniar. Det dreidde seg framleis berre om enkeltføretak, og i byrjinga berre med mindre utbytte.

Austindiaseglskip legg ut

Det nederlandske austindiske kompaniet blei grunnlagt i 1602, og utvikla seg snart til å bli det største handelsføretaket i verda på 1600-talet. Det bygde opp eit nederlandsk monopol på handelen med Asia, som det skulle komma til å halda fast på dei neste par hundreåra. Handelsrutene gjekk langs dei afrikanske og asiatiske kystane med støttepunkt i Indonesia, Japan, Taiwan, Ceylon og Sør-Afrika. Til handelen med Vest-Afrika og Amerika blei det danna eit Vestindisk kompani, som med sete i Ny Amsterdam, Nieuw Amsterdam, forvalta besittelsen Ny-Nederland, Nieuw Nederland, dagens New York. Andre område var handel på Austersjøen, med Russland og straatvaart eller Levantvaart, handel med Italia og Levanten, landa på austkysten av Middelhavet.

I 1609 blei Amsterdams vekselbank danna, Amsterdamsche Wisselbank, ein av dei fyrste sentralbankane. I 1611 fekk Amsterdam børs eigen bygning. Vekselsbanken forbetra føresetnadene for handel og fremma betalingssystemet som hittil hadde vore vanskeleg på grunn av dei mange forskjellige valutaer. Gunstige rentesatsar, faste vekselskursar og ein høg utlånsvillighet hjå dei nederlandske bankane tiltrekte seg investorar og finansfolk frå heile Europa.

Religiøs toleranse[endre | endre wikiteksten]

Dei sameinte provinsane oppstod gjennom ein motstand mot religiøs undertrykking, og borgarane hadde frå byrjinga av religionsfridom. Nyheita om denne toleransen bredde seg raskt og medførte at protestantar, jødar, hugenottar og andre religiøst forfølgde frå Spania, Portugal og andre nasjonar – særleg frå dei spanskbesette sørprovinsene – strøymde inn i landet. Kalvinismen blei den herskande religionen; ved byrjinga av hundreåret var det likevel ein strid om predestinasjonslæra mellom remonstranter, som var tilhengjarar av Jacob Arminius, og kontraremonstranter, som følgde læra til Franciscus Gomarus.

Også humanismen hadde etablert seg med ein av dei fremste talsmennene sine Erasmus av Rotterdam. Denne hadde like stor tyding for den kulturelle og sosiale overgangen frå mellomalder til nytid som han hadde for danningsrørsla, og delvis òg for det tolerante klimaet. Det var likevel ikkje lett å halda oppe toleransen overfor katolikkar, då religion hadde spelt ei viktig rolle i sjølvstendekrigen. Ein kunne i stor grad prøva å overvinna fiendtlege syn med pengar. Difor kunne katolikkar til dømes kjøpa løyve til å arrangera festar, men dei kunne ikkje få noka offentleg tilsetjing. Det same gjaldt for nederlandske mennonittar og jødar. Likevel var nivået for religiøs toleranse tilstrekkeleg høgt til å tiltrekka seg religiøst forfølgde frå andre land, der særleg jødiske handelsfolk frå Portugal førte med seg stor velstand. Likeeins medførte annulleringa av ediktet frå Nantes i Frankrike i 1685 til at mange franske hugenottar drog til Nederlanda, og mange av dei var handelsfolk. Ein innvandrar kunne ta åtte gylden med seg inn i provinsane – dette svarte omtrent til årshyra for ein nederlandsk sjømann, og bidrog difor ein god del til statskassa.

Toleransen hadde likevel grenser. Filosofen Baruch Spinoza offentleggjorde sin Tractatus theologico-politicus anonymt og med falsk oppgjeving av utgjevaradressa fordi han frykta konsekvensar frå både kyrkje og stat. I dette verket gjekk han inn for trusfridom og toleranse, og kravde ein stat som verna om fridommen til borgarane sine. Til slutt blei Adriaan Koerbagh, ein venn og tilhengjar av Spinoza, fengla på skuldingar om utgjeving av opphissande skrifter. Han døydde etter eit år i fangenskap.[1] Tractatus blei forboden i 1674.

Bløming[endre | endre wikiteksten]

Nederlanda var den store økonomiske nasjonen på midten av 1600-talet. Fyrst mot slutten av hundreåret klarte konkurrenten England å gjera krav på den same posisjonen. På denne tida låg økonomisk makt i mindre grad i det å ha pengar, men låg i staden i evna til å skaffa overskot ved varehandel og finansielle transaksjonar og å optimera verdiskapinga. Dette demonstrerte Nederlanda, som var eit areal- og befolkningsmessig lite forbund utan råstoff og nokon landbruksproduksjon av tyding. Amsterdam blei den viktigaste europeiske marknadsplassen. Teoretisk flytta finansielle transaksjonar store mengder edelmetall som følgde betalingane som var eit resultat av handelsavtaler; i praksis blei det handla mykje på børsen utan kontantar via Amsterdamsche Wisselbank. Pengane blei verande som finansiell dekning av handlane som gjekk føre seg på stadane der dei handlande kom frå. Jo større vareleveransar ein handelsby kunne tilby, jo større var tydinga hans – og gjennom dette systemet blei Amsterdam børs det dominerande handelssentrumet på 1600-talet. Den nederlandske økonomien var i den gyldne perioden så sterk at ikkje eingong tulipankrakket i 1637 hadde nokon veldig verknad.

Den finansielle styrken til landet kom i stor utstrekking til gode for borgarane, både sosialt og kulturelt. Sidan borgarskapet tok steget opp til dei øvste laga blei kunsten òg borgarleg. Ein ganske triviell grunn til den kulturelle blømingstida og det aukande talet på bilde var at overfloda av kapital ein hadde oppnådd ved spekulative eller risikable pengetransaksjonar i sjøfarts- og kolonieventyr, skulle nyttiggjerast. Gjenstandar til innreiing og utsmykking, særleg bilde, var ein populær måte å nytta pengane på som sjølv mindre velståande borgarar kunne delta i.

Vitskap[endre | endre wikiteksten]

Den omfattande lære- og forskingsfridommen som herska i Nederlanda og Universitetet i Leiden trekte til seg mange vitskapsmenn og filosofar frå heile Europa. Det gjaldt òg den franske filosofen René Descartes som budde i Leiden, truleg frå 1628 til 1649.

Anton van Leeuwenhoek
Måla av: Jan Verkolje

Mange bøker om religion, filosofi og naturvitskap som var forbodne i utlandet eller var på lista til inkvisisjonen over forbodne bøker, kunne trykkast og seljast i Nederlanda. På denne måten utvikla den nederlandske republikken seg i løpet av 1600-talet til eit «forlagshus» for Europa. Amsterdam, som fyrst fekk eit trykkeri omkring 1500, overtok leiarstillinga frå Antwerpen og oppnådde ved sida av Leiden renommé som trykkestad, særleg på grunn av trykkarfamilien Elsevir, som var verksam begge stader.

Nederlandske rettslærde var verdsette for kunnskapen sin om internasjonal rett. Hugo Grotius la grunnlaget for moderne havrett; med utgivinga av Mare liberum skapte han konseptet «det frie havet», som blei truga av hovudrivalen til nederlendarane, engelskmennene. Likeeins formulerte Grotius i boka si De iure belli ac pacis ('Om lovane for krig og fred) rettstankar om konfliktar mellom nasjonar. Kollegaen hans Cornelis van Bynkershoek blir rekna som opphavsmann til tremilssona og hadde òg tyding for utvikling av folkeretten. Likeeins var dei sivilrettslege juristar fremståande i Europa. Grotius sitt sivilrettslege verk om romersk-hollandsk rett, Inleydinge tot de Hollantsche rechtsgeleertheit ('Introduksjon til hollandsk rettslære') blei òg verdsett i Tyskland, og fann via mange til tider ordrette sitat i Arnold Vinnius sitt verk veg til spansk og søramerikansk rettsvitskap. Verk av desse forfattarane – forutan Grotius og Vinnius kan òg Johannes Voet nemnast – gjeld i dag som autoritet i sørafrikansk rett på grunn av den nederlandske koloniseringa av landet.

Christiaan Huygens var ein matematikar, fysikar og astronom. Til hans bidrag innan astronomien høyrer skildringa av Saturn-ringane, oppdaginga av Saturn-månen Titian og rotasjonen til planeten Mars. Han var òg aktiv innan optikk og mekanikk. Han utvikla pendeluret som kunne gje meir presis tidsmåling. Huygens var det fyrste utanlandske æresmedlemmet av det britiske selskapet Royal Society, og første var den fyrste forskingsleiaren for det franske vitskapsakademiet som blei grunnlagt i 1666, Académie des sciences. Isaac Newton kalla han si tids mest «elegante matematikar».

Innan optikken var Anton van Leeuwenhoek frå Delft den best kjende vitskapsmannen i samtida. Leeuwenhoek vidareutvikla mikroskopet ved å sjølv slipa linser og lykkast med å kunna forstørra opptil 270 gangar. Han var den fyrste som metodisk utforska mikroskopisk liv. Saman med Jan Swammerdam gav han den første skildringa av raude blodlekamar innan cellebiologien. Likevel tok han kunnskapen si om sliping av linser med seg til grava, slik at ein måtte venta til inn på 1800-talet før ein kunne fortsetja med dette arbeidet.

Simon Stevin var ein nederlandsk vassbyggingeniør som bevisteknisk såg det umoglege i ein perpetuum mobile, og innførte desimaltal i dagleglivet. Jan Adriaenszoon Leeghwater frå De Rijp var fødd i ein landsby som låg midt i eit dikeområde, og utvikla metodar for tørrlegging av myrområde og avskjerming av hav til polderar ved bruk av vindmøller. Han forvandla høg vasstand til låg, og kalla seg difor Leeghwater, «Lågvatn». Han var ein grunnleggar av det moderne nederlandske avvatnings- og landvinningssystemet.

Kunst og kultur[endre | endre wikiteksten]

I gullalderen sin gjekk Nederlanda gjennom ei kulturell utvikling som tydeleg skilde seg frå den til nabostatan. Perioden blir gjerne sett på som eit høgdepunkt i den hollandsk-nederlandske sivilisasjonen.[2] I andre land var rike aristokratar patronar og mesénar for kunst, i Nederlanda spelte velståande handelsfolk og andre patrisiarar denne rolla. Her danna det oppadstrebande, usedvanleg breie mellomsjiktet saman med rike bønder det avgjerande grunnlaget for den økonomiske, sosiale og kulturelle utviklinga i landet.

«Nattevakten» av Rembrandt, måla på bestilling i 1640–42. Bildet er eit av dei best kjende måleria til Rembrandt, og er hovudverket i samlinga til Rijksmuseum i Amsterdam.

Måleri[endre | endre wikiteksten]

På 1600-talet hadde målarkunsten i Nederlanda ei slik bløming at det ofte berre er det som blir knytt til gullalderen.

Koret i Nieuwe Kerk i Amsterdam med sarkofagen til Michiel de Ruyter. Frå 1683. Olje på lerret, 123,5 × 105 cm
Måla av: Emanuel de Witte
Portrett av Isaac Abrahamsz. Massa frå 1626. Olje på lerret, 79,7 × 65,1 cm[3]
Måla av: Frans Hals
Stilleben av Willem Claeszoon Heda

Etter reformasjonen var dei tradisjonelle kyrkjelege bilettemaa blitt avviste som «katolske». Dei protestantiske borgarane ville sjå religiøsiteten sin, livsførsla si og heilt eigne tema og problem i kunsten. I fyrste omgang ville dei altså sjå seg sjølve i arbeidsmessige og private omgjevnader og på den mest fordelaktige måten. Dette førte til nye sjangrar og bilettema. Det oppstod store mengder enkeltportrett og gruppebilde, der ein hadde foreviga familie, slektningar, gildemedlemmar, rådskollegium og feiringar. Stilleben gav innblikk i dagleglivet til borgarskapet med demonstrative og sanseglade interiør bak utvendig prunklause og klassisk strenge, tilsynelatande små borgarhus. Vanitas-motiv rettferdiggjorde utstillinga av rikdom og makt ved den advarande bodskapen sin.

Ei spesialisering ein aldri tidlegare hadde sett innanfor malarkunsten sette inn. Willem Claeszoon Heda og Willem Kalf måla berre stilleben. Sine Ontbijtjes, frukost-stilleben, hadde dei tilmed redusert til berre få gjenstandar som dei varierte igjen og igjen med berre mindre kompositoriske endringar.

Jan van Goyen, Jacob van Ruysdael og Meindert Hobbema stod for landskapsmåleriet, Jan Steen, Adriaen van Ostade og Adriaen Brouwer for bondesatire, Gerard Terborch og Pieter de Hooch for selskapsstykke (ein variasjon av sjangermåleriet som tematiserte landlege festar), Pieter Jansz Saenredam og Emanuel de Witte for arkitekturmåleriet og Thomas de Keyser og Frans Hals for portrett.

Willem van de Velde hadde spesialisert seg på skip, Paulus Potter måla dyrebilete og snart berre kveg, Philips Wouwerman måla hestar, hovudsakleg skimler, Melchior d'Hondecoeter innskrenka seg nesten berre til fuglar. Jan van Huysum til blomsar og Abraham van Beijeren til østers, hummar og frukt, medan Pieter Claesz var malar av fint sølvtøy. Willem van Aelst var ein viktig malar av blomar, frukt og jaktstilleben.

«Jente med perleøyredobb» av Johannes Vermeer

Bileta som særleg blei tilbodne på gater og strede, marknader eller messer var vanlegvis ganske billege. Den aukande etterspurnaden førte til ein auke i produksjonen og til ein stadig tilvekst i målarstanden. Dette store talet kunstnarar i ein regelrett biletindustri førte til eit kunstproletariat. Mange kunstnarar som i dag er høgt verdsette måtte finansiera livsopphaldet sitt på anna vis, dei færraste kunne leva berre av måleri. Jan Steen dreiv eit vertshus, Jakob Ruisdael var lege, Jan van Goyen handla med tulipanar, Meindert Hobbema var skatteinnkrevjar og målarfamilien van de Velde handla med stoff. Mange kunstnarar tok òg arbeid som alminnelege målarar når dei ikkje hadde oppgåver som kunstmålarar. Begge typar malarar høyrde lenge til same gilde.

Målarar som Rembrandt eller Vermeer var på ingen måte tidstypiske, og dei særlege kvalitetane deira eller genialiteten blei berre anerkjende av få i samtida deira. I motsetnad til dei høgt spesialiserte kollegaene sine arbeidde dei innanfor ulike sjangrar, og etterlét seg eit mangesidig livsverk.

Med den breie interessa for måleriet og den byrjande kommersialiseringa av kunsten utvikla det seg eit forskjellig forhold mellom målarar og oppdragsgjevarar. Det oppstod nye profesjonar som til dømes kunsthandlarar eller andre formidlarar av bilete.[4] Det blei berre handla med staffelibilde med hovudsakleg profane tema sidan det på grunn av den protestantiske vedkjenninga ikkje var nokon etterspørsel etter alterbilde eller andre religiøse måleri i stort format.

Arkitektur[endre | endre wikiteksten]

Også innan arkitektur og byutvikling kan Nederlanda framvisa ein lang tradisjon. Medan 1500-talet var heilt prega av italiensk renessanse, som i den nederlandske utforminga ofte var fortolka annleis, førte slutten av hundreåret frå manierisme til tidleg barokk (her særleg arbeid av Lieven de Key med rådhuset og slaktehallen i Haarlem), og gjekk så i byrjinga av 1600-talet over i ein Palladio-inspirert stil, som raskt utvikla seg til ein streng hollandsk klassisisme.

Vleeshal, slaktehallen på marknadsplassen i Haarlem ved sida av Grote Kerk, Den store kyrkja.
Det kongelege palasset i Amsterdam, Paleis op de Dam frå 1640-åra, tidlegare rådhus. Foto frå rundt 1900.

Som eit meisterverk av Jacob van Campen, grunnleggaren av den nordnederlandske klassisismen, kan ein rekna det tidlegare rådhuset (stadhuis) i Amsterdam som blei oppført mellom 1642 og 1648, og som no er det kongelege paleet, Paleis op de Dam. Det viste den framståande posisjonen til Amsterdam i den mest innverknadsrike av dei nederlandske generalstatane, provinsen Holland, og var samstundes den største bygningen i tida av sin type. I tillegg var han ein ingeniørteknisk prestasjon, sidan ein måtte setja ned 13 569 pålar i den myrete grunnen.[5]

På grunn av den blømande økonomien breidde byen seg raskt. Kanaldistriktet med kanalhus som oppstod i Amsterdam ved munningen av Amstel spegla den økonomiske og kulturelle bløminga til byen. Her og i andre nederlandske byar verka særleg arkitekten Hendrick de Keyser, som i tillegg til å teikna mange kyrkjer, offentlege og private bygningar i Amsterdam òg stod for rådhuset i Delft.

Ikkje langt etter kom Den Haag, som utvikla seg til ein elegant diplomatby, der van Campen og Pieter Post teikna Moritz frå Nassau sitt palass Mauritshuis (no museum), som var dyn første bygningen i Nederlanda som var ein rein klassisistisk bygning i grunnplan og oppstalt, og der Bartholomeus van Bassen bygde kyrkjer, bruer, offentlege bygningar og Hofjes[note 1], der ein del av dei fattigare innbyggjarane kunne bu. Utrecht ved Rhindeltaet opplevde med sine gavlhus og mange kyrkjer og kloster òg ein byggeboom, nett som Leiden, Haarlem og Gouda. Også Delft, der arkitektar som Hendrik Swaef og Paulus Moreelse verka, utvikla seg til eit blømande handelssentrum der det fanst veveri, bryggeri og porselensfabrikkar. Her blei det berre oppført få offentlege bygningar i klassisisme, men eon bygde òg vidare på bygningar som allereie fanst. Det beste dømet er Vleeshal, slaktehallen av Swaef frå 1650.

Trykkekunst[endre | endre wikiteksten]

Også trykking og forlagsverksemd opplevde ei bløming. Nederlanda hadde allereie på 1500-talet fått ei leiande stilling innan trykkeverksemd, og kom til å halda på denne på 1600-talet. Tyngdepunktet i den hollandske bokproduksjonen strekte seg frå Antwerben til Leiden og Amsterdam som dei nye sentruma. Derfor kom seine verk av Galilei ut i Leiden. Mange andre forfattarar lét ikkje berre trykka der, men slo seg også ned på staden for å kunna utøva dei litterære aktivitetane sine. Likevel kunne ikkje standarden frå Christophe Plantin sin boktrykkarkunst haldast oppe. Trykkeriet hans i Antwerpen var av den lærde verda nærast blitt rekna som «det åttande underverket i verda». På grunn av ein etterkrigsbetinga materialeknappleik og stor etterspørsel utvikla det seg ein tydeleg dårlegare kvalitet i papir, trykkfargar og innbinding; dei fyrste paperbackane viste seg òg på marknaden.

Eit samtidig vitskapleg skrift frå 1635

I krigslarmen mot slutten av 1500-talet hadde Plantin – for å unngå inngrep frå den statlege og kyrkjelege sensuren – lagt verksemda si til Leiden. I løpet av to år bygde han opp igjen ei stor verksemd som han seinare overlét til svigersonen Franciscus Raphelingus. Sistnemnde var likevel ikkje så resultatorientert og i 1620 tapte han stillinga som akademitrykkar til Isaac Elzevir. Onkelen Louis Elzevir hadde, som Plantin, flykta frå Antwerpen. Ettersom han ikkje hadde kapital til eige trykkeri, opna han ein bokhandel og fekk god kontakt med universitetet i Leiden, noko arvingane hans overtok etter at han døydde. Sønene Mathijs og Bonaventura blei bokhandlarar, Louis den yngre overtok filialen i Den Haag og Joost den i Utrecht. Få år seinare grunnla nevøen Isaac Elzevir – etter å ha gifta seg rikt – eit universitetstrykkeri i Leiden som hadde rask framgang, men gjekk tilbake på byrjinga av 1700-talet. Den andre greina av familien frå Den Haag og Utrecht etablerte fleire trykkeri og har stadig eit namn.

Elzevirerane var ikkje lærde boktrykkarar som til dømes Aldo Manuzio og Robert Estienne, men hadde likevel viktige kontaktar i den vitskaplege verda. Derfor lét «alle med rang og namn» verka sine trykka der: Francis Bacon, brørne Pierre og Thomas Corneille, Johann Amos Comenius, Descartes, Thomas Hobbes, Hugo Grotius, John Milton, La Rochefoucauld og ikkje minst Molière, som fekk 24 teaterstykke og to samla utgåver ut hjå Elzevier.

Innanfor kartografi var andre leiande. Med mercatorkart, som blei gjevne ut av Jodocus Hondius, byrja stordomstida for den nederlandske kartframstillinga. Amsterdam blei sentrum for produksjon av kart og globusar, der mellom anna den viktige framstillaren Willem Janszoon Blaeu hadde slått seg ned.

Litteratur[endre | endre wikiteksten]

I renessansen utvikla det seg ein humanisme prega av reformasjonen. Den sterke innverknaden frå dei klassiske diktarane, særleg Tacitus, ser ein i Nederlandsche histooriën frå 1642–54 av historikaren P.C. Hooft, som med dikta sine førte fransk og italiensk lyrikk til Nederlanda. Han skreiv også hyrdespel og drama etter Aristoteles sine prinsipp om sameininga av tid, stad og handling.

Joost van den Vondel skreiv i klassisk tradisjon med bibelske og patriotiske drama. Dei best kjende verka hans er Gijsbrecht van Aemstel frå 1637 og Lucifer frå 1654, som framleis kjem ut og blir oppførte. Gerbrand Adriaenszoon Bredero blei verdsett både som lyrikar og komediediktar med mellom anna De Spaanse Brabander frå 1617.

Av andre viktige forfattarar var moralisten Jacob Cats, diplomaten Constantijn Huygens, koparstikkaren Jan Luyken, den leiande samtidige diktaren i det nederlandske sør Justus de Harduwijn, den religiøse lyrikaren Jacob Revius, som gav ut statsbibelen i 1637, diktaren og dramatikaren Willem Godschalk van Focquenbroch, diktaren og illustratøren Jan Luyken, som delvis er blitt gjeven ut fram til i dag, Karel van Mander, som mellom anna skreiv Schilderboeck, ei bok om måleri, og komedieforfattaren Thomas Asselijn.

Det best kjende verket av den nederlandske filosofen Spinoza, Ethica, ordine geometrico demonstratum blei gjeve ut posthumt i 1677. Ved hjelp av matematikk sameina han den jødisk-mystiske tradisjonen og den fornuftprega, vitskaplege tenking i ein altomfattande visjon. Med Descartes og Voltaire var Spinoza ein av grunnleggarane av opplysingstida.

Fram til slutten av 1900-talet blei 1600-talet sett på som eit av dei bibliografisk sett verste hundreåra. Ein grunn var lange titlar som gjorde gode oppslagsord vanskeleg, ein annan var sensuren som medførte at mykje blei gjeve ut anonymt utan at ein kunne tilordna ein lokalitet eller eit forlag. Dette gjaldt ikkje i same omfang for Nederlanda, og difor kunne forfattarar i vid utstrekking publisera fritt og var ikkje nøydde til å tilsløra bibliografiske opplysningar. Dette medverka til at sjølv berømte utanlandske forfattarar søkte hit.[6]

Musikk[endre | endre wikiteksten]

Den nederlandske stordomstida innan musikk er nær knytte til den fransk-flamske skulen og nådde enden ved utgangen av 1500-talet. Under påverknad frå den kalvinistiske kyrkja kunne ikkje dei store musikkformene som opera, pasjonsmusikk og kantater utfolda seg. Musikken innskrenka seg til det ein ønskte i borgarlege samfunn, og musikk frå utlandet med Jean-Baptiste Lully og Johann Sebastian Bach hadde stor innverknad på den samtidige musikken som ikkje fekk ein eigen stil i Nederlanda.

Orgelspel hadde ei viktig roller. På 1600-talet blei det òg spelt musikk i familiane, ein dreiv med husmusikk og det blei danna private musikkforeiningar, <i id="mwAkM">collegia musica</i>. Instrument ein gjerne brukte var lutt, cembalo, gambe og fløyte. Det blei gjeve ut mange songbøker, men frå midten av 1600-talet var instrumentalmusikken den framherskande.

Operahuset i Amsterdam opna i 1638. Her blei det oppført lyrisk drama, ballett og opera, som oftast av fransk eller italiensk opphav. Berre Constantijn Huygens og Jan Pieterszoon Sweelinck, som var organistar og komponistar av oratorium og kantater; Adriaen Valerius, diktar av åndelege og patriotiske songar, også av såkalla Geuzensange (av «Geuzen», nederlandske fridomskjemparar mot spanjolane); klokkespelaren Jacob van Eyck og den allereie omtalte Constantijn Huygens med eit anslått tal på 800 musikkstykke, kunne oppnå ei viss tyding og gi arbeidet sitt eit visst lokalt preg.

Tilbakegang[endre | endre wikiteksten]

Ludvig XIV ved Rhinovergangen 11. juni 1672

I Nederland blir år 1672 kalla Rampjaar, katastrofeåret. Det oppstod indre politiske konfliktar då to kjende politikarar frå den statthaldarfrie perioden – Johan og Cornelis de Witt – blei lynsja i Den Haag. Johan de Witt hadde freista å forhindra utneminga av Vilhelm III til statthaldar, noko som saman med den tilspissa økonomiske og koloniale rivaliseringa mellom Nederlanda og Storbritannia hadde ført til den andre anglo-nederlandske krigen i 1664-67. Under Witt si leiing gav den nederlandske flåten engelskmennene betydelege nederlag. I 1667 slutta Karl II av England seg til freden i Breda, og krigen enda. Allereie året etter, i 1668, slutta dei tidlegare krigsmotstandarane seg saman med Sverige i allianse mot Frankrike, som hadde gått inn i dei spanske Nederlanda og blei tvinga til å avbryta devolusjonskrigen. Då den tredje engelsk-nederlandske krigen braut ut i 1672 og Ludvig XIV av Frankrike saman med kurfyrstedømet Köln og fyrstebispedømet Münster erklærte krig mot republikken byrja den fransk-nederlandske krigen. De Witt blei styrta og lynsja av ei folkemengd som støtta Vilhelm III, som blei utnemnd til statthaldar. Krigen var ikkje særleg resultatrik for England, og blei avslutta i 1674. Fyrst i 1678 var krigen mot Frankrike slutt med freden i Nijmegen.

Etter den ærerike revolusjonen i 1688 flykta Jakob II av England til Frankrike og dottera hans Maria blei utropt til dronning. Ho skulle herska saman med mannen sin Vilhelm, som var stattholder, generalkaptein og admiral i dei sju sameinte Nederlanda etter fallet til Johan de Witt. Dermed var Holland og England kome i personalunion, og republikken blei ein fast bestanddel av den antifranske koalisjonen under Vilhelm III.

Etter 1680 blei situasjonen for Det nederlandske austindiakompaniet for fyrste gong verre. I Europa gjekk peparprisen ned, og samtidig steg etterspurnaden etter tekstil frå India, kaffi frå Mokka og te frå Kina. Kompaniet rådde for det fyrste over for lite edelmetall til å kunna kjøpa desse produkta i Asia, noko som førte til stadig opptak av kreditt. For det andre måtte dei med desse to ikkje-monopoliserte produkt handtera den engelske konkurransen som nettopp var styrka finansielt. Dei auka omkostningane for den oversjøiske handelen blei til ei stadig større belastning både for kompaniet og for landet.

I 1702 fann det også stad andre viktige hendingar: Den spanske arvefølgjekrigen braut ut, og den 52-årige statthaldaren Vilhelm III blei utsett for ei rideulykke som enda med at han døydde. Då han ikkje hadde mannlege arvingar og det ikkje var nokon klar etterfylgjer, var embetet ubesett og ein vende tilbake til den antisentralistiske tradisjon med regentar i byane. Fyrst i 1747 blei Vilhelm IV statthaldar for alle provinsane. Etter freden i Utrecht i 1713 hadde regentane inntatt det standpunktet at republikken ikkje lenger skulle spela noka avgjerande rolle i internasjonal politikk. Denne avgjerda var i grunnen berre ei erkjenning av dei faktiske forholda, for på grunn av usemja mellom dei forskjellige statane og det kompliserte regjeringssystemet kunne republikken etter 1715 knapt gjera innverknaden sin gjeldande på internasjonalt plan.

Økonomien spelte også ei rolle. Den dårlegare økonomiske situasjonen hadde mellom anna bakgrunn i at rike borgarar flytta kapitalen sin til nabolanda og ikkje investerte i heimlandet. I tillegg blei landet heimsøkt av to plager. Frå Karibia var det kome ein skipsorm som gjorde stor skade på skip og på dei mange trepålane i dika, slik at det førekom hyppige flaumar. Samtidig herja ein kvegpest som ikkje berre ramma bøndene hardt, men gjorde at det kom ein tilbakegang i eksport av ost og smør.

Opplysingstida som oppstod i Frankrike nådde òg Nederlanda, der det danna seg ei gruppe, dei såkalla Patrioten, som ville modernisera og demokratisera den avkrefta republikken. Dei sosiale skilja i landet voks, dei som styrte fjerna seg i aukande grad frå folket; det breidde seg uro, ein viste fram dei dårlege forholda og retta kritikk mot makta til dei som styrte.

Merknadar[endre | endre wikiteksten]

  1. Hofjes er bustadområde som ofte er bygga i ei U-form med gard eller hage i midten og ein inngang gjennom ein port.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Referansar
  1. Blant annet Fritz Mauthner: Spinoza   og   M. Walther (ufg.): Spinoza – Lebensbeschreibungen und Dokumente Arkivert 2016-02-24 ved Wayback Machine..
  2. Helmut Kaechele: Das goldene Zeitalter der Niederlande und sein Reflex in der Malerei.På nettet i pdf-format
  3. Art Gallery of Ontario
  4. Michael North: Das Goldene Zeitalter.
  5. 't Stadthuis t’Amsterdam: Carillon-towers.net/paleis.htm Arkivert 2011-07-21 ved Wayback Machine.
  6. Hans Zotter: Bibliographie der Frühdrucke.Online Arkivert 2022-05-06 ved Wayback Machine. (pdf-format) er uvirksom august 2010, men kunne sees via Google «Hurtig visning»

Litteratur[endre | endre wikiteksten]